Fritid i bananform
No er hengekøye eit fritidsprodukt. Yngve Hågensen slappar av i bananform ein sommardag i 1996.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Å sove i hengekøye er i vinden. Eller er det kanskje alt på veg ut? Det er i alle fall ikkje noko nytt. Sjølvsagt var det Kristoffer Columbus som oppdaga hengekøya, i Karibia på 1400-talet. I hengekøya kunne dei sove på luftig vis utan å bli drepne av rovdyr. Blei det for kaldt, tende dei bål under køya.
Historisk har hengekøya blitt brukt som senger på skip, og faktisk i fengsel. Genialt fordi ein slik kunne få fleire fangar inn på kvart rom, ikkje så smart då dei innsette fann ut at dei kunne bruke opphenget til våpen.
På båt er hengekøye lurt. Slik ramlar du ikkje ut av køya i dei store bølgene. Bilete er frå 1941.
Foto. George Silk / Wikimedia Commons
Skilnaden då og no er at soving i hengekøye no ikkje skjer fordi ein må, men på fritida, fordi ein har lyst. Eg kjenner både ungdomsgjengar, kunstnarar og fritidstypar som reiser ut i skogen med køya for å kjenne på fred, eller fest. Opplegget er profesjonelt: Inne i køya har dei eit liggeunderlag slik at kroppen ikkje endar opp i bananform i løpet av natta, og viss det regnar, er det berre å rulle ut taket til dei blir ei slags sommarfuglpuppe.
Hengekøye kan også vere ein plan B no når prisane på bustader tek av. Ein treng ikkje flytte ut i skogen, men dersom ein familie i ei lita leilegheit innanfor ring 3 i Oslo får besøk av storfamilien, kan hengekøyer vere ei løysing. Ein kan sove i høgda, og når natt blir til dag, er det berre å fjerne køyene, og rommet kan brukast til konfirmasjon.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Å sove i hengekøye er i vinden. Eller er det kanskje alt på veg ut? Det er i alle fall ikkje noko nytt. Sjølvsagt var det Kristoffer Columbus som oppdaga hengekøya, i Karibia på 1400-talet. I hengekøya kunne dei sove på luftig vis utan å bli drepne av rovdyr. Blei det for kaldt, tende dei bål under køya.
Historisk har hengekøya blitt brukt som senger på skip, og faktisk i fengsel. Genialt fordi ein slik kunne få fleire fangar inn på kvart rom, ikkje så smart då dei innsette fann ut at dei kunne bruke opphenget til våpen.
På båt er hengekøye lurt. Slik ramlar du ikkje ut av køya i dei store bølgene. Bilete er frå 1941.
Foto. George Silk / Wikimedia Commons
Skilnaden då og no er at soving i hengekøye no ikkje skjer fordi ein må, men på fritida, fordi ein har lyst. Eg kjenner både ungdomsgjengar, kunstnarar og fritidstypar som reiser ut i skogen med køya for å kjenne på fred, eller fest. Opplegget er profesjonelt: Inne i køya har dei eit liggeunderlag slik at kroppen ikkje endar opp i bananform i løpet av natta, og viss det regnar, er det berre å rulle ut taket til dei blir ei slags sommarfuglpuppe.
Hengekøye kan også vere ein plan B no når prisane på bustader tek av. Ein treng ikkje flytte ut i skogen, men dersom ein familie i ei lita leilegheit innanfor ring 3 i Oslo får besøk av storfamilien, kan hengekøyer vere ei løysing. Ein kan sove i høgda, og når natt blir til dag, er det berre å fjerne køyene, og rommet kan brukast til konfirmasjon.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.