JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Russiske overgrep

Under ein krig vil alle partar prøva å påverka kva inntrykk vi skal få av det som går føre seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
OSSE la fram rapporten om Russlands handsaming av ukrainske sivile fangar torsdag 25. april.

Foto: Knut-Are Okstad

1782
20240426
1782
20240426

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) la i Wien i går torsdag fram ein rapport om Russlands handsaming av ukrainske sivile fangar. Ein av dei tre ansvarlege for rapporten er folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.

Rapporten er sterk lesnad: «Vitnesbyrd som rapportørane har motteke, tyder på utbreidd og systematisk bruk av tortur frå russiske styresmakter mot internerte ukrainske sivile.» «Informasjon og vitnesbyrd tyder på at dei ukrainske sivile som har vore arresterte av Russland, konsekvent har vorte nekta medisinsk hjelp.»

Rapporten fortel oss på nytt kva som står på spel for det ukrainske folket, kvifor krigsviljen enno er høg, og kvifor dei er så redde for at Russland skal vinna krigen. Alle som har lese om eller vore i Butsja utanfor Kyiv og sett minnesmerket ved Sankt Andreas-kyrkja med alle namna på dei drepne i 2022, kan skjøna ein flik av dette.

For ukrainarane som lever i krigen dag etter dag, og som stadig får nye forteljingar frå slektningar, vener og naboar om Russlands framferd, er dette røyndomen, og sjølvsagt avgjerande for kva syn dei måtte ha på krigen.

Under ein krig vil alle partar prøva å påverka kva inntrykk vi skal få av det som går føre seg. I denne straumen av myteskaping, propaganda og alternative fakta er det viktig at vi har objektive institusjonar, som OSSE og FNs høgkommissær for flyktningar, som etter beste evne skildrar situasjonen slik han er her og no.

På denne måten kan rapporteringa gje oss innsikt i kva som står på spel etter kvart som krigen utviklar seg, og slik vonleg setja oss i stand til å ta kloke avgjerder om korleis vi skal forhalda oss til Ukraina-krigen.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis