Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Sakprosa
Salman Rushdie:
Kniv. Refleksjoner etter et drapsforsøk
Omsett av Kirsti Vogt
Aschehoug
«Jeg har hatt litt problemer med profeter i mitt liv», skriv Salman Rushdie lakonisk i den djupt personlege oppsummeringa av det året som har gått sidan han blei forsøkt drepen 12. august 2022 på ein scene i Chautauqua i New York.
Rushdie omtalar attentatmannen med bokstaven A, som kan stå for Ape, men mannens rette namn er Hadi Matar, ein 24-årig amerikansk statsborgar med familie i Libanon. Det er etter eit besøk i Libanon at han vender tilbake, radikalisert, og forskansar seg i kjellarstua med valdelege videospel og islamsk propaganda gjennom YouTube. Rushdie skriv ironisk at han hamnar i klørne til imam Yutubi. I avhøyr innrømmer Matar å ha lese to sider av Sataniske vers. Det var nok til å hente fram kniven.
15 knivstikk
På 27 sekund fekk A inn 15 knivstikk som førte til omfattande skadar i ansikt, høgre auge, hals, bryst og venstre arm. Berre rask førstehjelp frå dei som kom til, redda livet til Rushdie.
På sjukehuset blei han operert og lagd i respirator, og dei første døgna var svært kritiske. Eitt knivstikk er nok til å drepe, seier ein av legane; heldigvis visste ikkje attentatmannen korleis ein skal drepe med kniv.
Første del av Kniv, «Dødsengelen», handlar om sjølve attentatet og tida etterpå med pleie, omsorg og opptrening, og Rushdie skriv med både humor og varme om alle som er innom med sin ekspertise. Boka er da også «tilegnet mennene og kvinnene som reddet livet mitt».
Straks Rushdie er sterk nok, startar han og kona med ein grundig og detaljert dokumentasjon i ord og bilde av det dei går igjennom, og denne sjølvterapien i form av boka Kniv er med og løftar Rushdie ut av det traumet han slit med i vekene etter attentatet.
Heider
Rushdie er ein klok og boklærd mann, og han strør om seg med referansar til mytologi, film, kunst og litteratur, og han nemner også Odin som ofrar eit auge i Mimes brønn. Som innleiing har han eit sitat frå Beckett, ikkje tilfeldig valt, for Beckett blei også knivstukken. Det skjedde i Paris i januar 1938, umotivert, og berre flaks gjorde at han overlevde.
«'Kniv' er ei oppvisning i skrivekunst og intellektuell integritet.»
Overlevde gjorde også den egyptiske nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz, som i 1994, utanfor heimen sin i Kairo, blei stukken i halsen av ein religiøs fanatikar. Muslimsk terror mot den frie tanken og det frie ordet har vore skremmande etter fatwaen mot Salman Rushdie i 1989. I terroråtaket mot redaksjonen i satiremagasinet Charlie Hebdo blei tolv menneske drepne. Rushdie heidrar dei i Kniv.
Heidra blir også Rushdie etter drapsforsøket, og vestlege statsleiarar sender helsingar; Rushdie nemner og siterer Biden og Macron, og «selv Boris Johnson kom med noen motvillige plattheter». Dette stikket til Johnson går tilbake til 2007, da Johnson meinte at Rushdie ikkje var ein god nok forfattar til å bli adla.
Livsengelen
Da er vi over i den litterære sosieteten i London og New York, Rushdies venner og omgangskrets, og etter min smak blir den delen vel mykje prega av skulderklapp og vennlege ord, særleg i omtalen av kona, den femte i rekka, poeten Rachel Eliza Griffiths. Ho blir «Livsengelen», andre del av Kniv. Sjølv om Rushdie er ein elegant stilist, framstår kona meir som eit ikon enn eit levande menneske. Ein forelska eldre mann greier ikkje styre unna dei romantiske klisjeane.
Høgdepunktet i Kniv er ein tenkt konfrontasjon med terroristen. «Språket var min kniv», skriv Rushdie, og med kritisk fornuft og tankekraft stiller han mannen til veggs og skjer igjennom dei religiøse flosklane han forskansar seg bak. Det er ei oppvisning i skrivekunst og intellektuell integritet. «Jeg skulle svare på vold med kunst» og «En tanke kan bare motarbeides med andre tanker» blir bodskapen til Rushdie. Da Rushdie avslutta den førre romanen sin, den storslåtte Seiersbyen i 2023, var det nettopp dette han løfta fram: «Ord er de eneste seierherrene.»
Kniv er ei viktig og relevant bok, ikkje berre for Salman Rushdie, men for alle som følgjer dette forfattarskapet, som etter mi meining styrer mot ein nobelpris i litteratur.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.