|
|
Noreg treng ikkje oljepengar Av Per Anders Todal, 03.04.08 Trudde du at Noreg kvart år brukar mange tital milliardar oljekroner for å få statsbudsjettet til å gå opp? Tru om att. På grunn av dei gode tidene i norsk økonomi i fjor vart skatteinntektene til staten så store at oljeformuen knapt vart rørd i det heile. Dermed kunne nesten alle statsinntektene frå petroleumsverksemda puttast på den svulmande sparegrisen kalla Statens pensjonsfond utland, det som dei aller fleste av oss kallar Oljefondet. Og etter det Dag og Tid kjenner til, er det truleg at skatteinngangen frå norske bedrifter og arbeidstakarar også i år vil bli så høg at oljeformuen får vere i fred. Så kven treng å uroe seg for at Oljefondet taper milliardar i hundrevis på dei angstridne børsane der ute? Vi klarer oss jo fint utan dette fondet? Skivebom Men slik gjekk det ikkje, syner det salderte statsbudsjettet som vart lagt fram for Stortinget i november. Langt ifrå. Det oljekorrigerte underskotet vart ikkje på 54,1 milliardar kroner, men berre 2,8 milliardar, altså litt over fem prosent av det som var venta. Sagt på ein annan måte: Berre 0,4 prosent av dei statlege utgiftene på litt over 711 milliardar vart dekt med petroleumsinntekter. Det vil seie at Noreg i praksis ikkje trong bruke oljepengar i fjor. Det sjølv om den såkalla handlingsregelen tillèt regjeringa å bruke opptil fire prosent av Oljefondet kvart år. I nysaldert budsjett reknar ein med at staten fekk inn 341 milliardar kroner frå petroleumsverksemda i fjor – nesten alt dette går rett inn i Oljefondet. Men korleis kunne Finansdepartementet bomme så grovt i prognosane sine? Skattekista Noreg Det nysalderte statsbudsjettet i november fjor tydde på at nordmenn betalte inn nesten 42 milliardar kroner meir enn venta i skatt i fjor. Men den endelege versjonen kjem først med statsrekneskapen seinare denne månaden. – Kanskje det syner seg at staten Noreg faktisk ikkje brukte av oljeformuen i det heile i fjor? – Og om tendensen held fram, er det mogleg at vi ikkje treng bruke oljepengar i år heller? – I budsjettet for 2008 planlegg regjeringa ut frå eit underskot på 76,8 milliardar kroner utan oljeinntektene. Men i realiteten kan det hende vi ikkje brukar oljepengar i det heile? Med det «strukturelle underskotet» prøver altså Finansdepartementet å sjå for seg korleis budsjettbalansen ville vere i ein «midt på-treet-konjunktur», ein slags normaltilstand, for å styre stødigare. Men dei siste par åra har som kjent konjunkturane peika rett til vêrs, og skatteinngangen blir deretter. – Når folk flest veit kor stort Oljefondet er, og veit at det er så høg skatteinngang som no, blir det ikkje lett å få folk med på å auke skattar? Stø kurs – Når departementet styrer ut frå det strukturelle budsjettunderskotet og ikkje det faktiske, er det for å unngå å endre ting som trygdereglar, overføringar og skattesats kvar gong konjunkturane endrar seg. Det handlar om å kunne føre ein føreseieleg politikk utan brå endringar, seier Bjørnstad. – Men Finansdepartementet hadde uansett ikkje venta seg ein så stor vekst i skatteinngangen i fjor? – Det finst saktens uløyste oppgåver både for staten og kommunane. Når vi har så gode tider som no, kvifor ikkje berre bruke litt meir pengar og få orden på dei verste vegane, dekkje underskotet ved sjukehusa? Dermed blir oppgåva til staten vanskeleg. – For store konjunktursvingingar er ikkje bra. Difor må staten på den eine sida prøve å dempe konjunkturoppgangen og samtidig finansiere offentlege oppgåver. Om staten brukar for mykje pengar, blir det høgare lønsvekst og dermed høgare rente. Det vil skrelle av fleire konkurranseutsette verksemder, og det blir ein djupare konjunkturnedgang i neste omgang. Difor er det større rom for å gjennomføre kostbare tiltak i periodar med arbeidsløyse og dårlege tider, medan ein bør avgrense seg noko i gode tider, forklarer Bjørnstad. – Det er slik sett lettare for staten å løyse oppgåvene sine i nedgangstider? Pedagogisk problem – Med ein så rik stat kan det vere vanskeleg å forstå kvifor vi skal betale inn så mykje skatt, seier Roger Bjørnstad. Her er det altså eit høgare skattenivå kunne vore nyttig, sjølv om staten sit med pengar opp over øyra. – Med skatten kan ein trekkje inn privat kjøpekraft, og det vil frigjere hender og ressursar til offentlege tenester. Men skal ein få folk med på dette, er det ei krevjande retorisk oppgåve å forklare problemstillinga så dei går med på det, seier Bjørnstad. Gamlingane kjem – Akkurat no er det høgkonjunkturen som gjer det uheldig å bruke oljepengar. Men det er sant at somme seier det aldri vil passe å bruke dei, for det vil alltid ha uheldige konsekvensar. Samstundes trur eg det er nyttig å spare dette til seinare generasjonar, når eldrebølgja verkeleg slår inn. Frå kring 2020 kjem det til å bli store utfordringar for staten. Kanskje bør ein vente med å bruke oljepengar til dei store årskulla blir omsorgstrengande, heller enn å trappe opp pengebruken i tråd med handlingsregelen i åra før. – Men den handlingsregelen er det vel ingen som bryr seg særleg om no – vi brukar uansett mykje mindre enn han gjev «lov» til? Forvirrande tal frå departementet I ei pressemelding frå Finansdepartementet i fjor haust stod det å lese: «Fra 2002 til 2008 er bruken av oljepenger fordoblet målt som andel av trend-BNP for Fastlands-Norge. Petroleumsinntektene gir således et betydelig bidrag til finansiering av offentlige utgifter.» Men dette er feil, fordi det ikkje viser til den faktiske pengebruken. Det viser til ein teoretisk storleik som skal justere for høgkonjunkturen Noreg er inne i. I ei anna melding skriv departementet dette om den reelle pengebruken i fjor: «Siden Stortinget vedtok budsjettet i fjor høst, er det oljekorrigerte underskuddet på statsbudsjettet redusert med 51,3 milliarder kroner, fra 54,1 milliarder kroner til 2,8 milliarder kroner. Reduksjonen skyldes i stor grad økte skatteinntekter fra fastlandsøkonomien på 41,8 milliarder kroner.» Ingen skal skulde Stoltenberg-regjeringa for å bruke pengar som fulle oljebaronar: Den nøkterne oljepengebruken held fram også i Nasjonalbudsjettet 2008. «For å understøtte en fortsatt balansert utvikling i norsk økonomi foreslår Regjeringen et budsjett med et strukturelt, oljekorrigert underskudd på 76,8 mrd. kroner. (...) Bruken av petroleumsinntekter øker med 5,4 mrd. kroner fra 2007 til 2008.» Men i røynda kan det altså vise seg at staten ikkje vil bruke ei oljekrone i år, og kanskje blir tilmed nokon av skatteinntektene våre plasserte i Oljefondet? « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|