Prisvinnarskulane
Av Agnes Ravatn, 26.03.09
Kva tyder dette? Blir ein rett og slett ein betre forfattar av eitt år på skriveskule? Eller blir studentane automatisk interessante for forlaga og får dermed lettare debutere? Dyrkar skriveskulane fram «smal» og dermed «god» litteratur? Sanneleg ikkje godt å seie.Rektoren – Leiar av Skrivekunstakademiet i Hordaland Olaug Nilssen, kva seier du til at tolv av tretten prisvinnarar kjem om lag direkte frå Forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet? – Eg har til gode å høyre nokon seie at året på skriveskule ikkje var viktig på eitt eller anna vis. Eg trur mellom anna at dei som går på skriveskule, får ein del informasjon gratis. – Kva informasjon då? – På den eine sida er det den reine undervisninga i sjanger, til dømes. Det andre er å lære seg å sjå eigne tekstar med eit nøyare blikk. Det handlar òg om den informasjonen ein får, berre ved å møte forfattarar. Redaktøren Christian Kjelstrup i Aschehoug er redaktør for Lars Petter Sveen, som denne veka fekk debutantprisen. – I kva grad rekrutterer du som redaktør aktivt debutantar frå skriveskulane? Oppsøkjer du dei før dei oppsøkjer deg? – Aschehoug tek imot om lag 1500 manus i året. Svært få, berre ein promille, endar opp som ferdig bok. Med få, men gode, unnatak finn eg nesten aldri noko i manusbunken. Derfor rekrutterer eg dei fleste av debutantane mine sjølv, ja, ved å følgje med i tidsskrift, ringje folk som har markert seg i offentlegheita og som eg trur kan skrive. Skriveskulane er sjølvsagt ein svært nærliggjande stad å rekruttere frå. Særleg Skrivekunstakademiet har det kome mykje bra frå dei seinaste åra, dei må ha gjort noko rett. – Dei fire siste debutantprisvinnarane kjem derfrå? – Det er litt skremmande, nesten som då Rosenborg dominerte norsk fotball. Bortsett frå at dei var trønderar. – Kva skil skriveskuleforfattarane frå «vanlege» forfattarar? – Dei verkar ikkje påtakeleg meir reflekterte enn andre forfattarar, om det er det du meiner. Dei er like beskjedne, søte, redde eller oppskjørta som andre potensielle forfattarar, når eg tek kontakt. Ein eg ringde for ikkje lenge sidan, trudde det var tull: «– Pål, det er deg? – Nei, det er Christian Kjelstrup frå Aschehoug. – Pål, ikkje tull. – Eg tullar ikkje, det er frå Aschehoug. – Haha, veldig morsomt, forlag liksom. – Men det er altså ikkje tull. – ...» – Eg går ut frå at du må svare nei på dette, men eg spør likevel: Får dei med skriveskulebakgrunn lettare debutere? For deg som redaktør ligg det ein slags «garanti» om at det er kvalitet i og med at dei alt er blitt sorterte av skulane. Er du meir velvillig innstilt overfor manus frå skriveskulestudentar? – Det er meir sannsynleg at eit manus frå ein skriveskulestudent er godt enn kva som helst anna manus. Så, ja, eg er meir velvillig innstilt til å lese eit manus frå ein skriveskulestudent, men ikkje til å gje det ut. Eg er ikkje ein diger kval som opnar kjeften og lèt alt planktonet berre drive inn, sjølv om det kjem frå skriveskulane. Eg må verkeleg ha sans for prosjektet, og gjerne forfattaren òg, og vice versa. Prisvinnaren Lars Petter Sveen (26) debuterte med novellesamlinga Køyre frå Fræna i fjor og fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris førre laurdag. Han blei kontakta av Christian Kjelstrup like etter at han var ferdig på Skrivekunstakademiet og blei oppmoda om å sende inn tekst. – Ja, Lars Petter Sveen, gratulerer med prisen! Du har sagt at du bestemte deg for å bli forfattar det året du gjekk på Skrivekunstakademiet. Kva var det som fekk deg til å bestemme deg? – Først og fremst blei året ei stadfesting av at dette var noko eg faktisk kunne drive med. At eg kunne satse på det. – Kva syntest du om å bli kontakta av redaktøren, før du hadde skrive bok, i staden for at det gjekk andre vegen? – Den måten å bli kontakta på fungerte eigentleg veldig bra for meg. Og eg fekk heile tida beskjed om å køyre mitt eige løp. Dobbel kritikar Litteraturmeldar i Dagbladet Cathrine Krøger er ein av dei som har kritisert skriveskulane hardast. I 2007 sa ho at Forfattarstudiet i Bø har øydelagt meir enn bygd opp forfattarane som har gått der, og meiner at faren ved skriveskulane ligg i «den samvittighetsfulle flikkingen fram til det litterært lekre, stilistisk smale og flinkt formfullendte». – Du er veldig kritisk til skriveskular –? – Ja, eg har iallfall vore det. – Å, har du endra meining? – Tja. Det er iallfall ikkje noka kampsak for meg. For det første er skriveskulane komne for å bli, og for det andre kjem det jo gode folk derfrå. Men dei gode er gode uansett, skriveskule eller ei. – Den einaste av Vesaas-vinnarane som ikkje har gått på skriveskule dei siste tretten åra, er Carl-Frode Tiller. – Og han er best. – Ja, han er jo det. Men vil du ikkje seie at du har eit litt romantisk kunstnarsyn og skulle helst sett at forfattarane kom rett ut av skogen med eit ferdig manus i hendene? – Eg sit akkurat no og melder Ketil Bjørnstads siste bok, og – der går kunstnarmyten rundt og er einsam, og alt er så sterkt og stort at ein kjem ikkje berre til himmelen, men over himmelen. Så takke meg til forfattarskulane, dersom Bjørnstad er alternativet. – Når eg sa at Bø meir har øydelagt forfattarane, så meiner eg: Kor finspikka skal eit språk bli før det blir utilgjengeleg? Det er ei slags hermetiserande dyrking av språket ved desse skulane som eg meiner er ein fare for litteraturen. – Blir det ein konkurranse i å vere smal på skriveskulane? – For min del må bøker gjerne vere så smale dei kan, men det blir eit skrudd litterært liv av det. Fleire og fleire forfattarskular og dyrking av såkalla god litteratur, samtidig som forfattarane sjølve ser at dei blir meir og meir usynlege til fordel for dritlitteraturen. Alle festtalane og prisane til den «gode» litteraturen blir groteske sett i høve til det kommersielle råkøyret til forlaga. Og til dei forlagseigde harrybokhandlane som ikkje kjøper inn bøkene fordi dei ikkje har salspotensial nok. Ei bok er hard jobbing. Det må vere stussleg å sitje og skrive utan andre lesarar enn slekt og venner. Kanskje meir protestvilje og færre skular hadde gjort susen.
« Tilbake
|