|
|
Eit ukjent Ivar Aasen-dikt Av Svein Gjerdåker, 18.12.09 Det er ei lita storhending: Eit ukjent dikt av Ivar Aasen er kome til rette. I siste nummeret av Hovdebygda soge- og velferdslag presenterer lokalhistorikaren Martin Furseth eit ukjent Aasen-dikt som er funne i minneboka til Ingeborg Digernes frå Hovdebygda, som vitja Ivar Aasen då ho gjekk på skule i Kristiania kring 1890. Av dagbøkene til Ivar Aasen går det fram at Ingeborg vitja sambygdingen og slektningen sin i alt tretten gonger frå hausten 1888 til våren 1892. Den 12. juni 1891 noterer Aasen: «Besøg af Ingeborg Digernæs, skrevet nogle Linier i hendes Album.» Det er dette diktet som no er vorte kjent. Ingeborg Digernes (1867–1941) budde nokre år i Kristiania, der ho utdanna seg til handarbeidslærarinne. Ingeborg Digernes gifta seg i 1898 med Samuel Alsaker-Nøstdahl og busette seg i Drammen. Minneboka til Ingeborg er no hjå barnebarnet Bjørn Alsaker-Nøstdahl. – Og diktet er godt og må inn i neste utgåve av Aasens samla verk, seier Aarset. Gledeleg – Fleire av dei viktigaste skriftene til Ivar Aasen kom for ein dag etter han var død – som manifestet og sjølve grunnteksten til Aasens «Om vort Skriftsprog» frå 1836. Det vart fyrst publisert av Halvdan Koht i Syn og Segn i 1909. – Mange dikt av Aasen vart òg fyrst publiserte i åra etter at han var død, men etter det har svært lite dukka opp. At publikum no får ta del i eit ukjent og så godt dikt av Ivar Aasen, er difor svært gledeleg. Ofte er dikt som vert kjende etter at forfattaren er gått bort, mindre viktige tekstar, men her har vi eit dikt som går rett inn i kjernen i lyrikken hans. Diktet er klok manns tale, eit varmt trøystedikt som Ivar Aasen tek forbi det banale og inn i det enkle, monumentale. Fast form og fjellstø rytme var to av kjennemerka hans som diktar. Den kunsten meistra han altså òg i alders år. Les diktet i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|