|
|
Staten mot Nedkvitne Av Jon Hustad, 15.01.10 Den respekterte og meritterte filosofiprofessoren Knut Erik Tranøy gav i si tid personalpolitikken i Buchenwald heiderleg omtale samanlikna med den som gjekk føre seg ved Filosofisk institutt i Bergen, og Tranøy hadde lang røynsle frå båe stadene. Kva han ville ha sagt om Historisk institutt (HI) ved Universitetet i Oslo (UiO), veit vi ikkje. Arnved Nedkvitne varde i femten år før han vart sparka. Denne veka prøver professoren i mellomalderhistorie å få att stillinga ved UiO ved å overtyda Oslo tingrett om at det ikkje var sakleg grunnlag for å fjerna han. Nedkvitne kjem neppe til å lukkast. Staten ved regjeringsadvokaten, som fører saka på vegner av UiO, plar få viljen sin. At Nedkvitne ikkje ser ut til å vera i stand til å forstå sosial dynamikk, hjelper ikkje nett saka hans. Korkje oppseiingssaka eller rettssaka handlar om i kva grad Nedkvitne er ein dugande fagmann. Både styret ved Det humanistiske fakultetet (HF) og styret ved UiO og regjeringsadvokaten har ope sagt at Nedkvitne er ein flink og produktiv professor, og det med god grunn. Nedkvitne har i dei femten åra ved UiO skrive fleire monografiar på fleire språk, han har rettleitt over seksti studentar fram til hovudfag og mastergrad, i tillegg kjem doktorandane. Også som pedagog får Nedkvitne gode skotsmål; studentane på kursa hans har vore mange, og dei har vore meir enn nøgde. Ein annan dugande fagmann ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), som Historisk institutt no heiter etter endå ei omorganisering, er professor i utanomeuropeisk historie Finn Fuglestad, som har stått bak ti bøker på ulike språk. Professorar får no personlege tillegg på løna si. Tillegget skal i utgangspunktet gå til dei som er flinkast og som legg ned den største innsatsen. Fuglestad og Nedkvitne er dei to einaste historieprofessorane ved IAKH som ikkje har nokon som helst personlege tillegg, kom det fram i rettssaka. Instituttleiinga har òg i periodar, utan lovleg heimel om vi skal tru rektor, teke frå dei alle personlege driftsmidlar til bøker og faglege reiser. Elendig miljø For Nedkvitne er saka grei: Han vert sparka av di han ikkje høyrer til den indre krinsen, som vert leidd av den sterke mannen ved IAKH, Helge Pharo, ein krins som Nedkvitne hevdar gjer alt for å overføra ressursar til nyare norsk historie og som har eit formalisert samarbeid gjennom Forum for samtidshistorie. Nedkvitne har tala på si side. Då han byrja i 1994, var det fire professorar i mellomalderhistorie. No er det éin. Norsk samtidshistorie har på si side fått ei rekkje nye stillingar. Korkje regjeringsadvokaten eller leiinga ved UiO var usamde i at utviklinga har vore slik. Heller ikkje Fuglestad høyrer til den indre krinsen, også han sit åleine att. For nokre år sidan hyrte instituttet inn tre historikarar utan fagleg kompetanse til å undervisa i global historie. Det kunne ikkje Fuglestad akseptera. Han skreiv eit brev til instituttleiinga der han sa at dei tre sikkert var flinke på sine felt, men at ein norsk mellomalderhistorikar neppe hadde kompetanse til å undervisa i Kongos historie på 1000-talet. Fuglestad, som var i Madrid, vart kalla heim og gjeven refs av Bjørgum og Nedkvitnes erkefiende Jon Vidar Sigurdsson. Fuglestad var glup nok til å leggja seg flat og bad om orsaking. I tingretten kom det fram at dekanus ikkje hadde godkjent heimkallinga. Nedkvitne, på si side, nekta å gå med på at Fuglestad hadde gjort noko gale, og freista i ei felles e-brevutsending å distribuera Fuglestads brev til alle dei tilsette ved IAKH. Instituttleiinga hadde svar på dette òg: Dei stogga all felles e-post frå alle tilsette ved IAKH og sende dei fyrst vidare etter å ha sett sitt godkjenningsstempel på dei. E-brevet til Nedkvitne vart aldri sendt vidare. Heller ikkje dette hadde instituttet løyve til å gjera, ytringsfridomen kom i vegen. Utan vit eller forstand Nedkvitne er eit unnataksmenneske, ein idealist og på mange vis ei attergløyme frå romantikken. Han ser ut til å tru at kvar ein tanke eit menneske har, i det minste han sjølv, skal kunna uttrykkjast skriftleg så vel som munnleg. Tenkjer han at Bjørgum er ein diktator utan intelligens og fagleg kompetanse, eller meiner han at Pharo og hans krins er udugelege og utan nye tankar, ja, så har han både rett og plikt til å fortelja omverda det. I retten kom det tydeleg fram: Nedkvitne forstår ikkje sosiale konvensjonar, han forstår ikkje at eit samfunn der alle er ærlege og seier alt rett ut, ville vera uuthaldeleg. Gong etter gong vart han spurd av fagdomaren og regjeringsadvokaten om han ikkje forstod kva effekt alle desse felles e-breva kunne ha på dei som vart omtala. Gong etter gong svara han at det var dei andre som byrja, og at alt han gjorde, var å kjempa for studentane sine og for fagområdet sitt. Han gav ikkje ein millimeter. Sletta og sletta Faktum er òg at Nedkvitne ikkje er eit særmerkt unnataksmenneske når det kjem til karakteristikkar av kollegaer ved UiO. Det er nok å nemna det største juridiske talentet i sin generasjon, jusprofessor Carl August Fleischer, som har vore i injuriesaker med andre professorar grunna mykje hardare og meir brutale utsegner enn dei Nedkvitne har kome med, men som framleis har kontor ved Juridisk fakultet. Det er ikkje til å koma utanom: Eit universitet bør ha stor takhøgd for sak- og personåtak. Om UiO vil vera eit eliteuniversitet, må dei berre læra seg å leva med skråsikre og kompromisslause forskarar som knapt skyr noko i kampen om ressursar og ny innsikt. Sjølv er eg ikkje i tvil om at ein flink og raus instituttstyrar greitt kunne ha handtert Nedkvitne, og eit historisk institutt er dessutan lite anna enn eit kontor- og undervisingsfellesskap; i eit slikt miljø vel ein sjølv kva ein vil lata gå inn på seg. Men slik har det altså ikkje vore: Bjørgum og fleire av dei tilsette har kravt av dekanus og rektor at noko måtte gjerast med Nedkvitne. Dei har vorte høyrde, og med det vert dei store endringane UiO har gått gjennom dei siste tjue åra, synleggjorde. Den uhøviske og brysame professoren vert i mykje mindre grad akseptert, liberaliteten vik plassen for harmonien. Tre årsaker Det andre er feminiseringa av universitetssektoren; langt dei fleste studentane er i dag kvinner, og stadig fleire vert tilsette i både byråkratiet og i forskarstillingar. At samfunnet såleis har fått utvida talentbassenget, er innlysande positivt, men med utviklinga fylgjer det òg at akademiske alfahannar no møter mindre aksept. Symptomatisk nok: På statens benk i Tinghuset sat det berre kvinner, på Nedkvitnes benk berre menn. Det tredje er kommersialiseringa av universiteta, som no konkurrerer seg imellom både om studentar og om stadig større summar frå eksterne institusjonar. Slike som Nedkvitne skader det som vert kalla «merkevara». Høgsteretten Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|