Den stille revolusjonen
Av Astrid S. Dypvik, 15.01.10
– Det er nesten som ei skolereform som ingen har bestilt, ingen har vedteke og som ingen har kontroll over. Det er heilt merkeleg, seier Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag. Ho snakkar om Nasjonal digital læremiddelarena (NDLA), eit prosjekt for innkjøp og utvikling av digitale læremiddel for den vidaregåande skolen. Det er alle norske fylkeskommunar utanom Oslo som står bak prosjektet. Læreverka, som ligg fritt tilgjengelege på internett, blir i aukande grad tekne i bruk i norske klasserom. Denne digitale revolusjonen av skolen er ingen del av ei skolereform. Aschehoug-sjef William Nygaard har kalla prosjektet eit trugsmål mot ytringsfridomen. I Hordaland har lærarar samla inn underskrifter i protest. Blant fylkespolitikarar har NDLA derimot sørgt for både glede og optimisme. Bukken og havresekken Forlagsbransjen, med den mektige Forleggerforeningen i spissen, har protestert svært høglydt mot at fylka utviklar eigne læremiddel. Denne veka varsla forleggjarane om at jusprofessor Olav Kolstad meiner utviklinga av NDLA er i strid med konkurransereglane i EØS. Bokbransjen har mykje å tape på at ein ny, offentleg finansiert aktør kjem på marknaden. NDLA har alt ført til masseoppseiingar i norske forlag. Men innføringa av fylkeskommunale, digitale læremiddel har fleire sider enn å vere ein pengekamp mellom forlag og fylkeskommunar. For kva med den frie konkurransen mellom ulike læreverk? Vil ein offentleg finansiert aktør ta over heile marknaden? Og kven er det som skal avgjere kva læreverk som skal brukast i skolen: politikarane eller lærarar og elevar? Målet for NDLA er å utvikle eit tilbod som dekkjer pensum for alle fag i den vidaregåande skolen på nett. Norsk og samfunnsfag var blant dei første faga som kom på plass. Fleire lærarar er no uroa over at skolebudsjetta ikkje strekk til, slik at lærarane blir tvinga til å bruke NDLA i staden for lærebøker. – Vi i Lektorlaget sende eit brev til departementet i juni, fortel Paulsen. I brevet kallar forbundet bruken av dei nye digitale læremidla eit «pedagogisk eksperiment utan sidestykke» og åtvarar mot eit mogleg framtidig offentleg monopol på læremiddel. Forbundet har framleis ikkje fått svar. Underskriftskampanje Læremiddelprosjektet til fylkeskommunane tek seg ulikt ut, avhengig av ståstaden ein har. Tidleg på 2000-talet gjekk fleire tusen elevar kvar haust ut i gatene under parolar som «Gratis lærebøker» og «Lik rett til utdanning». Då SV inntok Kunnskapsdepartementet, gjorde dei kravet til ein del av opplæringslova. Fylkeskommunane får ei statleg overføring for å sørgje for læremiddel til elevane. Frå Laksevåg vidaregåande i Bergen såg verkelegheita slik ut før sommaren i fjor: – Rundt eksamenstida i fjor fekk vi melding om at vi berre hadde pengar til å kjøpe bøker i halvparten av faga. Leiinga bad oss diskutere kva bøker som skulle veljast vekk, fortel Brita Bøyum, som då var lærar på Laksevåg. Bøyum tenkte at slik kan det ikkje vere. Slik ho såg det, var det ein del av læraryrket å velje ut det læreverket som passar best. Sjølv om det på nettstaden www.ndla.no fanst stoff som dekkjer pensum både for norsk, naturfag og samfunnsfag, ville ho ikkje la andre påleggje henne å bruke det. Dermed sette ho seg ned og laga eit protestskriv retta til opplæringsdirektøren i Hordaland. Teksten enda opp i ein appell: «Vi advarer på det sterkeste mot en tvangsinnføring av NDLA, der faglærerne står uten beslutningsmyndighet.» Alle lærarane på skolen signerte. No har oppropet samla underskrifter frå lærarar ved alle dei vidaregåande skolane i fylket. Elevprotestar Vegringa blant lærarane mot å la PC og læremiddel på nett vere einaste val, kan forståast som eit generasjonsproblem. Men også frå elevane, dei som det blir sagt at har vakse opp framfor PC-en med internett og dataspel, har det kome protestar. I november kunne Bergens Tidende fortelje at elevane i første klasse på Bergen katedralskole klaga på NDLAs tilbod for samfunnsfag. Sidene endra seg stadig og var rotete oppbygde. Tida gjekk med til å klikke seg fram og navigere på sidene heller enn faktisk å lære om «politikk og demokrati» eller «individ og samfunn», slik pensum slo fast at dei skulle. Difor hadde dei kjøpt lærebøker for eigne pengar. Også på Stord, Bergen Handelsgym og på Sandsli vidaregåande enda planen om berre å bruke NDLA som læremiddel med at det ut over hausten vart kjøpt inn lærebøker som supplement til tilbodet på nett. Også Utdanningsforbundet sentralt har engasjert seg. Organisasjonen synest at dei har blitt mistenkjeleggjorde av andre aktørar. – Vi har blitt skulda for å forsvare forlagsbransjen og for å vere teknologifiendtlege når vi kritiserer NDLA, seier Evy Ann Eriksen, som er kontaktperson for vidaregåande opplæring i Utdanningsforbundet. Ho forsikrar om at Utdanningsforbundet er positive til data i skolen, og presiserer at deira engasjement handlar om fagleg kvalitet og pedagogikk. – For oss ser ut til at NDLA er kome til ut frå økonomiske omsyn, ikkje ut frå pedagogiske, seier Eriksen. Budsjetta Fylket meiner det er pengar å spare. Mange pengar. I ei utgreiing for Hordaland fylkeskommune i mai i år står det at NDLA er kostbart å utvikle, men at «bruken over tid vil gi store innsparingar for fylkeskommunen». Det blir hevda at fylket vil spare 28,5 millionar på å bruke NDLA i staden for lærebøker i norsk i ein treårsperiode. Dei siste åra har fylkeskommunane brukt 10 prosent av læremiddelbudsjetta sine på NDLA. For i år har eit fleirtal av fylka vedteke at summen skal aukast til 20 prosent. Nett no er det ingen som har oversyn over kor mange som brukar NDLA i undervisninga, med eller utan lærebøker som supplement. Fylkeskommunane fører ikkje oversyn. NDLA er ein open nettstad og registrerer berre trafikken på sidene, ikkje trafikantane. Det ein veit, er at talet på unike brukarar har blitt dobla frå haustsemesteret 2008 til hausten 2009. I november i fjor var 74.000 brukarar innom nettstaden, ifølgje NDLAs eigne statistikkar. Kritikk frå Høgre Frå plassen sin som opposisjonspolitikar på Stortinget er Elisabeth Aspaker (H) ikkje overtydd av det ho har sett av NDLA til no. – Eg er ikkje sikker på at NDLA blir godt nok kvalitetssikra. Og heller ikkje om at det finst ein fri konkurranse som sikrar best mogleg læremiddel. Dessutan kan det sjå ut til at elevar og lærarar blir overstyrde og faktisk ikkje får eit val. I staden for at dei får melding om at dette kan dei bruke, får dei melding om at dei må bruke det, seier Aspaker, som er Høgres representant i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Fryktar ikkje monopol For Øivind Høines, prosjektleiar i NDLA, har historia om dei internettbaserte læremidla til fylkeskommunane vore ei suksesshistorie så langt. Høines var tidlegare IKT-utviklar i Hordaland fylkeskommune. – Det er vedteke at bøkene skal vere gratis for elevane. Nokon må betale for det. Før var det slik at Olsen drakk, medan Hansen betalte. I ein velfungerande marknad er det samband mellom pris og kvalitet. Slik skolar vurderer kvaliteten på tavler, pultar og klasserom, må dei også vurdere pris og kvalitet på læremiddel. Rektorar tek slike avgjerder heile tida. Lærarane har aldri gjort det før. Dei hevdar at lærarane skal ha metodefridom, men dei likar ikkje å bli fråtekne rolla med å vere den som bestemmer. – NDLA skal etter kvart utvikle læremiddel i alle fag, og dei skal liggje ope ute på nettet. Kva kan ein gjere for å unngå at vi får eit fylkeskommunalt monopol på læremiddel? – Det er mange ulike aktørar som leverer bidrag til sidene våre, NRK og Gyldendal er blant desse. Vi har altså mange ulike underleverandørar av stoff. Så det er ikkje snakk om at vi har ei monopolstilling. Læreverk på nett har eit mangfald av moglegheiter som ikkje finst i dei tradisjonelle lærebøkene, seier Høines.
« Tilbake
|