Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skam, skuld og dramatiske liv
Odd W. Surén,  22.01.10

ROMAN
Sofi Oksanen:
Utrenskning
Omsett av Turid Farbregd
Oktober 2010

Dei fleste av oss lever så uspennande at om der nokon gong skal skrivast ein roman om oss, til dømes i seks band, lyt me gjera det sjølve. Når forfattarar diktar opp personane sine, derimot, er det ofte ikkje måte på kor dramatisk dei lever. Som lesar kan ein difor koma til å kjenna seg som eit utskot, ein går og smyg seg langs husrekkjene i skam over at ein enno ikkje har drepe nokon.

I den spennande romanen Utrenskning av finske Sofi Oksanen er der rikeleg med dramatikk, men det interessante skjer med vanlege folk, som knapt kunne noko for det dei opplevde. Boka tek til heime hjå ei aldrande estisk kvinne, Aliide Truu, i 1992, under oppløysinga av Sovjetunionen. Utanfor huset sitt finn ho ei ung jente, Zara, som syner seg å vera frå Vladivostok. Det er slektskap mellom dei to, men i byrjinga er det berre Zara som veit det. Dinest finn lesaren det ut, og til slutt veit Aliide det også.

Som Kain og Abel
Aliide hadde ei syster, Ingel, og tilhøvet mellom dei to minner om soga til Kain og Abel. Alt lukkast for Ingel, men lite for Aliide, i alle høve samanlikna med det Ingel får til. Ho er vakker, og flink i alt. Og då Aliide får auga på ein mann, Hans Pekk, som ho straks forelskar seg i, ser han ikkje henne i det heile i stråleglansen frå Ingel. Dette skjer like før den andre verdskrigen bryt ut, og den frie nasjonen Estland vert litt seinare okkupert av russarar, som vert skildra som heller rå og primitive, og sidan av tyskarar, som vert framstilte som høviske. Og så kjem russarane attende, og Estland vert ein del av Sovjetunionen.

Det er mange store drama i boka, mellom anna vert Ingel og dottera ho har med Hans Pekk, deporterte til Russland ein stad, medan Pekk sjølv, ein ihuga estisk nasjonalist, går for å vera død. Det er han rett nok ikkje, for Aliide greier å halda han løynd i mange år, medan ho sjølv er gift med ein trufast kommunist.

Ikkje nett nokon høgsong
Forteljinga er ein mosaikk av korte kapittel frå ulike tider, og med denne teknikken får forfattaren synt oss mange viktige saker frå fleire sider. Men det som imponerer aller mest i boka, er den levande og detaljrike prosaen, der små ting ofte er det som gjer scenene sanne og ekte. Som når Zara minnest ein dag då ho og ei veninne nesten vart utsette for ei trafikk­ulukke, og det ho hugsar best, er eit hardt viskelêr ho gjekk og kjende på i lomma si. Likeins er skildringa av folk ofte både saftig og grotesk, som i denne bolken, der Aliide tenkjer på mannen ho vart gift med: «Det var alltid noen rester av løkstilker mellom tennene til Martin, og han var grovbygd. Han hadde tunge muskler, huden hang slapt på armene, de utvidede hudporene på overarmene gikk langt opp mot skuldrene. De lange hårene i armhulene var gulnet av svette, og til tross for tjukkelsen var de liksom skjøre som rusten ståltråd. Navlen var gropaktig, og testiklene dinglet nesten til knærne.» Ikkje nett Salomos høgsong, med andre ord.

Truverdig
Skam og skuldkjensle er viktige element i romanen, der personane både framstår som levande menneske, og som skapnader av nær på legendariske proporsjonar. Ein kan lesa boka allegorisk, om ein absolutt vil, og sjå den nasjonale schizofrenien i eit lite land mellom store makter representert ved figurane, eller ein kan forstå teksten som døme på korleis folk lyt greia seg som best dei kan under vanskelege tilhøve. Som skildring av Estland under og etter krigen kan eg ikkje tru anna enn at romanen er eksemplarisk, tidskoloritt og personlege eigenskapar er absolutt overtydande, ein les som om dette berre må ha skjedd, og jamvel når hending­ane er uvanlege, vert lesarskepsisen sett til side. Oksanen har truleg hatt eit kolossalt arbeid med å finna fram til alskens småting som høyrer tida og staden til, slikt ein knapt fester seg ved, men som lyt vera der for at alt skal opplevast som rett.

Handverk
Dette er også ei bok om vondskap, om dei einskilde lagnadene som elles ofte kverv i om­­grep som storpolitikk og historisk naudsyn. Det ein på av­­­stand, til dømes frå månen, kjenner som omstrukturering av samfunn, syner seg gjerne på nært hald å vera digre menn som torturerer ei lita jente. Politikarar, i alle høve alle som ynskjer makt, bur gjerne på månen, saman med Åkken Bomm, men i botnen av alle næringsvegar og sosiale strukturar ligg det ei eller anna form for handverk, og i slik storpolitikk som Estland vart utsett for, var dette handverket mellom anna vald og drap.

Utrenskning er alt ein suksess, forfattaren er nominert til Nordisk Råds litteraturpris, og rettane til boka er selde til meir enn 25 land. Det er altså ein så­­kalla stor roman, og det er han i kraft av tematikk, menneskekunnskap og gjennomarbeidd tekst. Språket er rett nok ikkje spesielt originalt, og kapittel­overskriftene verkar tørt ironiske og anakronistiske, som om dei vart til ved tenesteutsetjing til ein blodfan av Charles Dickens, men det spelar inga rolle, for romanen er eit medrivande dokument over det evig menneskelege, og det like evig umenneskelege.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   
« Tilbake