 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Lesarane valde songskatten
Av Ottar Fyllingsnes, 22.01.10
Boka er skriven av Terje Aarset (64) i Ørsta og gjeven ut av Fagbokforlaget i Bergen. – Gratulerer! – Kva meiner du? – Du får laurbærkransen for å ha skrive den beste nynorskboka i 2009! – Nei, no må du slutta. Det er ikkje mogleg! Ho Maria Parr har då selt ti gonger så mange bøker som eg. – Ja, ho har selt 13.000. – Og dei som les bøkene hennar, er unge folk som er vane med data. Mine vener er gamle – dei døyr heile tida, sukkar den glade prisvinnaren.Men han vedgår å ha ein fot i mange leirar, både blant musikarar, litteraturvitarar, språkgranskarar, arkivfolk og bibliotekarar. – Ja, eg er no gammal, og kontaktnettet er stort, kvitrar 64-åringen. Han fekk meir enn ein tredjedel av røystene, og det inneber fleire røyster enn nummer to og tre til saman. Cecilie N. Seiness’ bok om Jon Fosse vart nummer to og Maria Parrs Tonje Glimmerdal nummer tre. Femten songar Det var etter at Samlaget hadde takka nei til å gje ut songskattane mellom to permar at Terje Aarset gjekk til Fagbokforlaget, og der har boka vorte ein suksess. No er Den nynorske songskatten gjeven ut i to opplag på til saman 3200 bøker, og om lag halvparten er seld. I boka skriv Aarset om femten klassiske nynorsksongar, og mellom dei finn ein «Den fyrste songen», «Nordmannen» og «Fagert er landet». Han har skrive om tekstar og tonar, han har leita seg fram til opphavlege versjonar, dei første publiseringane, endringar av detaljar, historiske eller personlege omstende kring forfattarane, tonesetjing og bruken av songane. – Den eldste songartikkelen, som handlar om «Kaldt og mørkt og lite sol», skreiv eg i 1977. Songen er skriven av L. F. Hov frå Øyer, medan Anders Hov frå Fåberg laga melodien. Eg spora opp tonesetjaren, som då var 92 år gammal, og eg hadde brevkontakt med han før han døydde. – Den neste artikkelen – om «Vestland» – kom i 1984. Den har eg revidert mange gonger etter å ha kome over nytt stoff, og dei fleste artiklane er skrivne etter tusenårsskiftet. – I 2004 hadde eg den første artikkelen på trykk i Dag og Tid. Etter det kom stadnamngranskaren Ola Stemshaug med framlegg om at eg burde samla nokre av artiklane i bok. Overraska av regnbye Men korleis får ein førsteamanuensis i norsk språk på Høgskulen i Volda, som opphavleg kjem frå Årsetdalen i Vartdal på Sunnmøre, ideen om å skriva songhistorier? – Då eg arbeidde i Trondheim, var eg i byen ein dag. Eg tenkte eg skulle gå tilbake til arbeidsplassen på universitetet, som låg på Lade på den tida. Men i Innherredsvegen vart eg overraska av ei regnbye, og eg måtte inn i eit smug. Der låg bruktbutikken Bruktloppa. På eit bord låg det eit tidsskrift som heitte Norsk Toneblad og som kom ut i Volda. Tilfeldig slo eg opp på «Kaldt og mørkt og lite sol», og sidan fann eg «Vestland». Det var første gongen at desse to songane var trykte med notar. – Eg vart så fascinert av desse funna at eg brukte vinteren til å laga ei liste over alle komponistar og forfattarar som hadde medverka i bladet frå 1910 til 1918. Arbeidet sette meg i kontakt med folk over heile landet, og eg bestemte meg for å skriva litt om songane. Eg byrja med «Kaldt og mørkt og lite sol». Hadde eg ikkje kome over tidsskriftet den gongen, hadde det neppe vorte noko av Den nynorske songskatten. – Ved å dyrka denne sjangeren – og skriva så grundig om både tekst og tone, har eg nærast etablert ein eigen tverrfagleg sjanger. Berre svært få har gjort noko liknande, men boka har inspirert folk til skriva på liknande vis om fleire av Bjørnstjerne Bjørnsons songar no i Bjørnson-året. Songdetektiv Bak Den nynorske songskatten ligg eit stort detektivarbeid. – Det har vorte mange reiser, ikkje minst til Nasjonalbiblioteket. Eg har hatt mange hjelparar, men dei største finn ein på Norsk Musikksamling. Øyvind Norheim har laga ei fantastisk oversikt over tekstar og tonar i songbøkene, og dessutan har eg ei svært stor songboksamling sjølv. – På 50-årsdagen min hadde eg 350 songbøker, men no reknar eg med å ha dobbelt så mange – med vekt på skulesongbøker. Skal du skriva om kva tid «Vestland», kom inn i songbøkene, kan du ikkje ha tilfeldige bøker. Du må ha alle songbøkene! Av Mads Berg har eg alle 24 utgåvene, men når det gjeld Olaus Alvestads songbok, manglar eg éi utgåve frå 1921. Sunnmøringen ser seg rundt i biblioteket og tel opp. – Dei tek ikkje så stor plass – ikkje stort meir enn ti–tolv hyllemeter. Dei er kjekke å ha og fine å sjå på, slår han fast. Song-scoopet Opp gjennom åra har Terje Aarset gjort mange små og store funn, og han har ikkje vanskar med å trekkja fram eitt. – Den viktigaste oppdaginga mi er at «Den fyrste songen» av Per Sivle vart skriven i 1873. Det har vorte sagt og skrive at Sivle var tjue år då han skreiv denne teksten, men så viser det seg at han berre var seksten. – Tonar dei nynorske klassikarane frå dusjen i Ørsta? – Eg syng i Ørstakoret, og eg les og syng for barneborna – men ikkje i dusjen, men eg har stor glede av å ta songbøkene med meg på senga, og der les eg dei med notar, utan å uroa kona. – Du les notar til du sovnar? – Får eg ei ny songbok, så er ho mi kjæraste sengelektyre.
« Tilbake
|
|
|