|
|
Krenkjingstyranniet Av Jon Hustad, 22.01.10
Pratsam var han ikkje. Nokre av løysingane hans vart av og til berre presenterte i to, tre setningar i referatet frå eit seminar. Då hadde gjerne deltakarane tala om eit eller anna klassisk problem, for så å få høyra frå Onsager at: «Jammen, dette har eg då løyst.» Eit sensasjonelt resultat av den like sensasjonelle løysinga av Ising-modellen dukka tilfelleleg opp på ei tavle i 1948. Fire år seinare makta Chen Ning Yang, som òg skulle koma til å få Nobelprisen, å utleia Onsagers resultat. «Det var mitt livs lengste utleiing», skreiv Yang etterpå. Onsager var uhøvisk som få andre. Då ein brite med særs høg sjølvtillit og ei mengd merittar heldt førelesing ved Yale, sat Onsager og småsov på fyrste benkerad. Då briten var ferdig og tavla full av utrekningar, spurde han om Onsagers meining om det han sjølv meinte var gode greier. Onsager sa ikkje eit ord, gjekk fram til tavla, tok svampen og bløytte han. Så viska han ut alt som stod på tavla, snudde seg mot salen og smilte nøgd. Deretter sette han seg ned att. Vern mot verneombod Eit anna interessant vitne var den mangeårige medlemen av Vitskapsakademiet, medisinprofessor og tidlegare prorektor ved UiO Haakon Benestad, eit såkalla godt og skikkeleg menneske. Han hadde vorte kontakta av ein no pensjonert medisinar og dosent som nyss hadde vore student under Nedkvitne. Studenten hadde bede Benestad om å mekla i saka mellom Nedkvitne og UiO, for på den måten å sleppa ei avskilssak. Benestad hadde ikkje hatt noko med saksførebuinga å gjera og kjende berre saka frå media og spurde per e-brev studenten om det var tale om psykiatriske problem, dette av di han var redd for at UiO kunne få ei Juklerød-sak. Det avkrefta den pensjonerte lækjaren. Då gjekk Benestad til rektor Geir Ellingsrud og tilbaud seg å mekla. Rektor kalla prorektoren sin inn på kontoret og gav han formell refs og sa at dette kunne få konsekvensar for prorektorstillinga til Benestad, ei stilling Benestad var vald til. Under vitneforklåringa til Ellingsrud vart han spurd om kvifor han hadde gjeve Benestad refsen. Ellingsrud viste til teieplikta jamvel om det hadde kome fram i retten at Benestad ikkje hadde teieplikt. Då Ellingsrud kom med utsegna si, kom biologiprofessor og i si tid motkandidat til Ellingsrud Kristian Gundersen med eit lågt utbrot nede i benkeradene: «Nei, vet du hva!» Verneombod Børing hadde teke sete rett bak Gundersen og kveste: «Nå holder du kjeft!» Ei tapt sak Fire vitne peika seg etter mitt syn ut i særleg positiv retning, dei tre tilsette historikarane Fredrik Thue, Knut Kjeldstadli, Øystein Rian og den nett ferdige doktoren Marlen Ferrer, som hadde hatt Nedkvitne til rettleiar. Eg trur få fagfellar vil kunna seia noko anna enn at dette er dyktige historikarar. Dei hadde alle kritiske ting å seia om Nedkvitne, men dei var òg rause og inkluderande. Thue heldt i tillegg eit glitrande forsvar for ytringsfridomen og sette utan problem regjeringsadvokaten fast i prinsipielle spørsmål. Jamvel Rian, som var styrar av Historisk institutt på slutten av 1990-åra og som vitna for Regjeringsadvokaten, var venleg og hadde mykje godt å seia om Nedkvitne. Mellomhavsfararane på instituttet hadde ei heilt anna haldning. Jamvel om Nedkvitne var éin og dei over tjue, så var det dei som var mobba, dei som var såra, og dei som var den underlegne parten. Dei var med Kjeldstadlis ord «ein folkedomstol». Kor langt krenkjingstankegangen har kome, vart illustrert av den innhenta psykologen Bjørn Z. Ekelund, som reidde grunnen for avskilssaka mot Nedkvitne. Han hadde tala med tre tidlegare studentar av Nedkvitne som alle hadde vorte utpeika av instituttleiinga. Han kunne fortelja at han ikkje hadde tala med nokon av dei mange noverande studentane til den særs populære rettleiaren Nedkvitne. Grunnen han gav, var at han, instituttleiinga og personalavdelinga ved HF og UiO ikkje ville setja masterstudentane i ein sårbar posisjon – det handla om sensitivitet. Godt vaksne studentar måtte ikkje få vita at Nedkvitne vart granska, noko dei alle sjølvsagt alt hadde fått vita på ryktebørsen. Svak rektor Utan særleg intern motstand har UiO vorte eit vernepliktig vedheng til ein omseggripande klientstat. Vi er alle offer no. Bortsett frå dei som har råd til skulepengar ved Yale. Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|