|
|
Haiti manglar alt, bortsett frå journalistar Av Per Anders Todal , 22.01.10 Jordskjelvet i Haiti kan ha teke 150.000 liv, og er ein katastrofe nesten utan sidestykke. Da er det naturleg at mediedekninga er svært omfattande. Men når Haiti manglar nesten alt, kor mange ressurskrevjande, utanlandske journalistar trengst eigentleg på staden for å fortelje oss så mange like historier om desperasjon, naud, sorg, liding og plyndring? Og når alle dei store pressebyråa i verda er på staden, og leverer overveldande mengder stoff kvar dag – treng vi da så mange norske journalistar på staden for å fortelje oss dei same sogene? Ei oppteljing tysdag ettermiddag synte at det var minst 22 norske mediefolk på jobb i Haiti: Fem frå VG, fire frå TV 2, tre frå NRK, tre frå Dagbladet, to frå Aftenposten, to frå Dagsavisen, to frå Adresseavisen/Bergens Tidende og ein frå NTB. Til samanlikning har til dømes den norske Røde Kors sendt kring 15 medarbeidarar til Haiti, medan den norske avdelinga av Leger uten grenser så langt har sendt seks, får Dag og Tid opplyst.
Da fagbladet Journalisten tok opp dette utspelet, stilte norske redaktørar og journalistar seg uforståande til problemstillinga. Kjell Dragnes, utanriksredaktør i Aftenposten, nøydde seg med å vise til ein artikkel av den Haiti-utsende journalisten Alf Ole Ask som skildra korleis han hadde spandert hotellfrukost på sjåføren sin og seks familiemedlemmer. På bloggen til Snoen kom meir kontante responsar, til dømes denne frå TV 2-journalist Kjetil Iden, som sjølv er på jobb i Haiti: «Eg er enig med Snoen i at omfanget av katastrofen ikkje tilseier at det er 20 norske journalister her i Haiti. Det burde vore 200.» Knappe ressursar Når vi òg veit at store delar av hovudstaden ligg i ruinar og hundretusenar av menneske manglar tak over hovudet, er det ein underleg klang i Twitter-meldinga som Dagbladet-journalist Siril K. Herseth sende ut 17. januar: «Hvis noen kjenner noen i Port-au-Prince, spør om de har husly til tre hyggelige folk fra Dagbladet.» Det er ingen grunn til å tru at dei norske journalistane i Haiti ikkje har dei beste intensjonar med arbeidet sitt, og dei arbeider hardt under vanskelege forhold. Men mediefolka i Haiti legg uunngåeleg beslag på køyrety, sjåførar, drivstoff, mat, vatn og innkvartering som befolkninga og hjelpeorganisasjonane sårt kunne trenge. Journalistane kan ikkje bere inn alt dei treng i ein ryggsekk. – Send heller legar Haiti-satsinga til somme av TV-selskapa minner om store militæroperasjonar. Amerikanske NBC åleine skal ha brukt fem privatfly på å få inn folk og utstyr, i tillegg til lokal helikoptertransport, og har òg væpna vakter for journalistane sine, melder Reuters. I lys av dette kan ein skjøne ein mann på gata i Port-au-Prince, skildra i ei bisetning av australske ABC. Mannen hytta med neven mot det utanlandske TV-teamet, og ropte: «Fleire legar, færre journalistar!»
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|