Ropar varsku for veteranane
Av Per Anders Todal, 29.01.10
Denne veka mista enda ein norsk soldat livet i Afghanistan. KrF-politikar Åse Wisløff Nilssen er leiar for Veteranforbundet SIOPS, ein interesseorganisasjon for skadde i internasjonale operasjonar. Ho var nestleiar i Forsvarskomiteen frå 2001 til 2005.– Områda der dei norske styrkane held til i Afghanistan, ser ut til å bli stadig farlegare. Kva tankar gjer du deg om dette? – Afghanistan har vore farleg heile tida. Medan eg var stortingsrepresentant, var eg på besøk i Kabul og Maymaneh, og soldatane eg møtte, var svært merksame på risikoen. Eg reagerer på framstillinga av engasjementet i Afghanistan som berre ein fredsoperasjon. Det har vore krigstilstand der heile tida, og folk kan bli lurte av retorikken til regjeringa. – Du meiner det er uærleg å ikkje kalle det krig? – Eg synest vi skulle seie klart og tydeleg kva det er vi sender unge gutar og jenter ut på. Det har òg konsekvensar for korleis vi skal ta vare på dei når dei kjem heim. – Har du inntrykk av at dei unge soldatane som reiser ut, veit kva dei går til? – Problemet er at ingen kan føresjå kva situasjonar dei kjem opp i eller korleis dei kjem til å reagere. Du kan kjenne deg sterk når du reiser ut, men det er ingen garanti. – Er det eigentleg mogleg å fullt ut førebu unge menneske på kva påkjenningar tenesta i Afghanistan inneber? – Nei, eg trur ikkje det. Du kan trene på ting og høyre om korleis det er, men du kan aldri vite korleis du vil takle det. – Kvifor har du engasjert deg for norske krigsveteranar? – Da eg kom inn på Stortinget i 1997, var eg pasifist. Og da eg kom inn i forsvarskomiteen i 2001, var eg ikkje oppteken av kuler og krut, men av mennesket bak soldaten. Eg ønskte å hjelpe dei som blir skadde i tenesta, og det held eg fram med i SIOPS. – Du har sagt at det går føre seg ei rovdrift på norske soldatar? – Ja, det er rovdrift. Noreg har for få soldatar til utanlandsoppdraga. Dei vi har, blir sende ut for ofte og får ikkje tid nok heime til å kvile ut. Det stressar familien, skilsmålsraten deira er høg, og tenesta er med på å øydeleggje helsa deira. – Erfaring tilseier at mange Afghanistan-veteranar vil få psykiske plager etter heimkomsten. Blir dei godt nok tekne vare på? – Nei. Vi har fått på plass ein militærmedisinsk poliklinikk for dei som har vore i utanlandsteneste. Men den losar berre folk vidare til den sivile helsetenesta, som ikkje veit noko kva det gjer med folk å måtte ta liv eller vere under fiendtleg eld. – Dei som blir sende i utanlandsteneste, skal i prinsippet vere friskare og meir robuste enn gjennomsnittsbefolkninga? – Ja. Men dei som får psykiske problem medan dei er ute, held det som regel for seg sjølve og står på vidare, fordi dei er redde for å misse jobben. Dermed får dei ikkje behandling tidleg nok. – Forsvaret har ansvaret for veteranane i eitt år etter heimkomsten. Men seinskadar kan vise seg lenge etter? – Eg opplever det som om Forsvaret ikkje skjønar kva skadde veteranar er. Tilbodet er ikkje godt nok. Men når desse spørsmåla blir tekne opp, verkar forsvarsleiinga redd for at nega- tiv omtale skal skade rekrutteringa. – Mange krigsveteranar seier at dei saknar anerkjenning for innsatsen, og at det er med på å gjere heimkomsten vanskelegare. Mange lurer òg på kva som eigentleg er poenget med krigen i Afghanistan? – Soldatane må berre forklare folk at dei vart sende ut av regjeringa og utførte eit oppdrag på vegner av landet sitt. Vi treng meir openheit om oppdraga deira og det dei opplever. Og å ta godt vare på veteranane vil vere ei god form for anerkjenning. – Du sat i forsvarskomiteen og var medansvarleg for å sende soldatane ut. Kva tenkjer du om det ansvaret? – Det er difor eg jobbar for skadde veteranar si sak no. Eg hadde medansvar for å sende dei ut, og vi har plikt til å hjelpe dei om dei blir skadde.
« Tilbake
|