|
|
Ny storm kring klimaforskinga Av Per Anders Todal , 29.01.10 Det er tunge tider for klimaforskarane. Siste skot for baugen er ein stygg feil som har blitt oppdaga i 2007-rapporten til IPCC, klimapanelet til FN. I kapittel 10 av rapporten frå det som heiter Arbeidsgruppe 2, heitte det at om bresmeltinga i Himalaya heldt fram i dagens tempo, ville det vere «svært sannsynleg» at breane kunne forsvinne innan 2035 eller enda tidlegare. Det ville i så fall fått særs alvorlege følgjer for vassforsyninga til nærare ein milliard menneske. Men påstanden syner seg å vere heilt utan fagleg dekning: Ikkje ein einaste vitskapleg studie underbyggjer han. Det er rett nok dokumentert at mange av breane i Himalaya krympar, men det skjer slett ikkje i eit så høgt tempo. IPCC gjekk sist veke ut og beklaga feilen og lova å styrkje rutinane sine. Men korleis kunne ein så grov feil hamne i det viktigaste av alle klimaforskingsdokument, som skal vere kvalitetssikra av hundrevis av framifrå forskarar og skal liggje til grunn for klimapolitikken til all verdas regjeringar? Verre enn slurv Om feilen berre hadde kome av slurv frå IPCC si side, ville det vore gale nok. Men det er verre enn som så, skal ein tru den siste utgåva av den britiske søndagsavisa Mail on Sunday. Der vedgjekk professor Murari Lal, som var hovudforfattar for det relevante kapitlet i IPCC-rapporten, at han vel visste at påstanden om bresmeltinga ikkje hadde nokon solid fagleg basis. Men han tok inn dei omstridde linene likevel, fordi han «håpa at dei skulle påverke politikarane til å handle». Med andre ord prøvde Lal å drive politikk ved hjelp av ein ufundert påstand, stikk i strid med det vitskaplege mandatet til IPCC. Mail on Sunday viser òg at det kom inn fleire kritiske merknader til framstillinga av bresmeltinga i Himalaya før rapporten vart trykt, men Lal valde å ignorere dei. For ein journalist med interesse for klimaspørsmål er denne historia urovekkjande. I fjor sommar skreiv eg sjølv ein større artikkel i Dag og Tid om trugsmålet frå bresmeltinga i Himalaya. Rett nok bygde den artikkelen på studiar som gav mindre ekstreme anslag for tempoet i nedsmeltinga, men det spelar ikkje så stor rolle i denne samanhengen. Poenget er at eg har rekna rapportane til IPCC som svært sentrale og truverdige dokument, kvalitetssikra av dei beste fagfolka i verda. Journalistar kan ikkje dra til Himalaya og måle breane frå år til år, vi er avhengige av å ha kjelder vi kan stole på. Og om vi i media ikkje kan stole på innhaldet i den største og mest gjennomarbeidde oppsummeringa av klimaforskinga i verda, den som skal liggje til grunn for særs viktige politiske avgjerder, har både journalistar og politikarar eit stort problem. «Voodoo-vitskap» I november i fjor presenterte nemleg den indiske miljøvernministeren Jairam Ramesh ein studie som utfordra IPCC-påstandane om Himalaya. Geologen Vijay Kumar Raina hadde studert 150 år med data for breutviklinga i den indiske delen av Himalaya. Han konstaterte at nokre av breane krympa, men slett ikkje i det tempoet IPCC snakka om. Miljøvernminister Ramesh sa òg at det ikkje fanst sikre prov på at utviklinga i Himalaya-breane hang saman med global oppvarming. Raina og Ramesh fekk så øyra flagra av landsmannen Pachauri i The Guardian. «Eg veit ikkje kvifor statsråden støttar denne ufunderte forskinga. Dette er ei ekstremt arrogant utsegn», sa Pachauri, som forsikra om at klimapanelet hadde «eit klart bilete av utviklinga». Pachauri kalla studien til Raina for «skulegutforsking» og «voodoo-vitskap». Men desse merkelappane kunne han godt brukt på den lause påstanden i rapporten frå Pachauris eige klimapanel. Og det er ikkje noko sunnheitsteikn for IPCC at leiaren blankt avfeia kritikken frå Ramesh utan å sjekke om det kunne vere hald i han. Først etter at den kanadiske geografen J. Graham Cogley og ei gruppe andre forskarar nyleg påpeika den grove feilen i IPCC-rapporten, slo Pachauri retrett. «Climategate» CRU er ikkje noko perifert lite institutt, det er ein av dei mest sentrale klimaforskingsinstitusjonane i verda. Mellom anna har CRU ansvaret for ein av dei to mest anerkjende tidsseriane med globale temperaturmålingar (den andre står NASA i USA for). E-breva vart naturleg nok nøye saumfarne av dei såkalla klimaskeptikarane rundt i verda, og mange meinte at dei no fekk stadfesta det dei alt visste: at heile teorien om menneskeskapte klimaendringar er berre juks og fanteri. Grunn til mistanke I skyttargrava « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|