Førstesida
  Nr. 35   Fredag 3. september 2010                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Meldingar om abonnement
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
Vinjeprisen
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Enden er nær!
Odd W. Surén,  05.02.10

ROMAN

Torgrim Eggen:
Jern
Cappelen Damm

For nokre år sidan vart ein del reinsdyr henta med fly frå Finnmark for å vera med i ein utanlandsk julefilm. Ein gammal same vart spurd om kva han tykte om dette. Han svara: «Æ ser det som et tegn på verdens undergang!»
Teikn kan ein ta av så mangt, og somme er flinke til å finna samanhengar i slikt som for andre berre er lausrivne hendingar. Truleg er det ikkje meir av dette no enn før, men noko er likevel nytt i verda, nemleg internett, som gjer det mogleg å koma til orde i samfunns­debatten utan å vera kvalifisert til det.

På blorsk
Torgrim Eggen har med romanen Jern skrive ei bok som re­presenterer vår tid godt, ei tid med konspirasjonsteoriar og nyreligiøse rørsler, bloggenorsk (blorsk) og ein endelaus straum av informasjon i staden for eigentleg opplysning.
Boka er ein vev av ulike tekstar, bloggar, e-postmeldingar, SMS, føredrag, eit refusert bokverk, utskrift av eit fjernsynsprogram m.m. Her møter me bloggaren Gro, eller Yasmina som ho kallar seg. Ho skriv med konsekvente orddelingsfeil og irriterande slett ortografi, slik nokre bloggarar unekteleg gjer, og ho verkar sannsynleg og levande, om enn litt vel typisk. Ho har mist dotter si i ei trafikkulukke og er såleis eit fortvila menneske som leitar etter meining i eksistensen.

Det gjer mange andre i boka også, og dei vert av ulike årsaker dregne mot staden Folkvang i Østfold, der ei nyreligiøs rørsle har etablert seg under leiing av sørafrikanaren Biv Boeser. Dette er ikkje ei utprega karismatisk rørsle, og Boeser er subtil og smart i forkynninga si, han argumenterer godt for eit livssyn som kanskje kan skildrast som eklektisk retrospektiv krysspeiling mot ein skjult bodskap. Ved å syna fram likskapar i det mytologiske grunnlaget for ulike religionar meiner han at det må liggja reelle røynsler til grunn for trusretning­ane. Ikkje har han noko stort personleg utbyte som motiv heller; han er i det heile ein interessant figur, kunnskapsrik og lur, og han kan eit trylletriks eg i alle år har ønskt at eg kunne, sidan eg såg det i ein film med Helan&Halvan: Han kan nytta tommelfingeren som lighter. Kjusa han!

Virtuos sjonglør
Det er eit internasjonalt snitt over denne romanen, teksten er underhaldande, velskriven og spennande, og Eggen syner seg som ein velinformert forfattar som ikkje berre har sett seg inn i idéhistorie og gammal og ny mytologi, men som også kan sjonglera virtuost med ulike røyster og sosiolektar. Under lesinga går tanken min både til Anthony Burgess (Jordiske makter) og John Fowles (The Magus), og når Biv Boeser argumenterer, minner han meg om ein intellektuell nazist ein stad hjå Koestler, eg trur det er i Ankomst og avreise.

Eggen har gjeve Boeser gode kort på handa, han fell ikkje for freistinga til å gjera han lett å overvinna, endå om han mot slutten set seg sjølv så å seia sjakk matt. Dessutan er han litt for oppfarande når han vert konfrontert med ein human­etikar; eg trur heller at Boeser, slik lesaren vert kjend med han, ville ha synt seg noko meir forsonleg, sidan han nok hadde vore betre tent med det.

Mykje av idétilfanget er av ein slik art at eg ikkje har anna val enn å ta det for god fisk, men ein del påstandar om Jehovas Vitner kan eg utan vidare dementera. Dei eksisterte ikkje i 1844 eller 1870, medlemene kan lesa Bibelen så mykje dei vil (dei kalla seg «Bibelstudentane» fram til 1931, og organisasjonen vart grunnlagd av Charles T. Russel i byrjinga av 1870-åra; Russel vart fødd i 1852), og dei plar sjeldan å innleie ei vitjing med å spørja folk om dei har høyrt om Jesus.

Farleg snill
Eg opplever denne boka meir som intelligent underhaldning enn som stor litteratur, men det tyder ikkje at boka er uvesentleg. Ho syner oss korleis eit trussamfunn kan veksa fram grunnlagt på det menneskelege ønsket om å sjå samanhengar i tilværet. Ein vil gjerne ha noko å tru på, og kan eit nytt truskonsept tilsynelatande dokumentera at andre trusretningar er samansverjingar som mest av alt er til for å dekkja over sanninga, er nok rekrutteringspotensialet stort. No er rørsla til Boeser uvanleg snill og nesten ikkje religiøs i det heile; ho vantar det totalitære preget av målretta hjernevasking som er så typisk både for religiøse sekter og ein del politiske rørsler. Det gjer at ein må ta slike som Boeser meir på alvor. Organisasjonen hans er open slik til dømes det kapitalistiske systemet vi lever under, er ope, ein kjenner seg fri sjølv om ein i røynda er fanga, ein kan koma og gå nesten som ein vil. Grensene for fridomen går på stader ein ikkje har lyst til å vita noko om.

Mystisk
Alt i alt har Eggen fått til ein interessant roman som det nok ligg ein god del arbeid attom. Og sidan boka mellom anna tematiserer konspirasjonsteoriar, høver det at ho er litt mystisk sjølv, også. Det er nok mange som kan finna litt av kvart berre ved å sjå på klokkesletta for e-breva teksten presenterer. Dei utgjer ofte viktige årstal, til dømes er 1349 (svartedauden) og 1918 representerte tre gong­­er kvar. Eg er umåteleg stolt over at eg merkte meg dette.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   
« Tilbake