Eit nullpunkt i norsk lærebokspråk
Av Svein Gjerdåker , 05.02.10
«Samspillet», «eigentlige» «trenger», «kjøttetare», «disse kallast». I eit nytt læreverk fann vi titals feil berre i ein liten tekst på 23 liner om levande organismar og økosystemet. Og her talar vi ikkje om skrivefeil i eit tilfeldig brev eller ein brosjyre frå eitt eller anna departement. Dette er henta frå eit læreverk som på alvor er meint for elevar i den vidaregåande skulen. Ansvarlege: norske fylkeskommunar og NDLA – Nasjonal digital læremiddelarena. Denne institusjonen lagar no læremiddel på nettet som vidaregåande skular kan bruka gratis. Og bruken er stadig aukande. Feil på feil Gå sjølv inn og sjekk språkkvaliteten på ndla.no. Sjå til dømes under kroppsøving. På ei enkel oversiktsside finn du feil som «armbøygare», «nakketøyning», «einsidig gjentagande arbeid». Eller sjekk artikkelen om samar og reindrift: «finnast» for finst, «ønskjer» for ønske og «hold» for hald er berre noko av språkslurvet. Mange av tekstane er prega av feil endingar i substantiv og verb, manglande samsvarbøying, feil kjønn i substantiv, umogelege passivkontruksjonar – til dømes «for å omformast» – og ei mengd innslag av reine bokmålsord – «klær», «vei», «plaggene» og «disse». Og sjølvsagt mange ordval som ikkje ligg innanfor læreboknormalen. Dette er rett og slett stryk. Tekstane synest å vera motviljug og nærast mekanisk omsette frå bokmål – utan respekt for alle elevane som skal måtta lesa kladdane. Må fjernast – Dette må fjernast snarast, seier Jan Terje Faarlund, professor i nordisk og tidlegare leiar for fagnemnda i Norsk språkråd. – Tekstane du har synt meg, er øydeleggjande og syner forakt for elevane. Dette er det verste eg har sett nokon gong av ting som er laga for undervisingsføremål. Kva seier så dei ansvarlege i NDLA? – Vi er ikkje nøgde med kvaliteten på nynorsken på ein del sider, og vi har hatt ein gjennomgang av Noregs Mållag denne veka og har sett i gang oppretting av språket, seier Leonhard Vårdal i NDLA. – Bør ikkje sidene takast ut til det er gjort – av respekt for elevane? – Vi har vurdert at det ville vera større skade for elevane om sidene vart tekne ut. – Korleis har de fått til å skriva så dårleg språk? – Vi hadde for dårleg kvalitetssikring. Eg er flau for språket på sidene. – Er det ikkje snarare mangel på kompetente folk som har arbeidd med desse sidene som har vore problemet? – Nei, det er kvalitetssikringa som har vore for dårleg. – Er det berre når det gjeld språket det har vore for dårleg kvalitetssikring? – Ja, dette gjeld berre språket. – Når vert det retta opp? – I laupet av neste veke. – De har kjent til dette i fleire månader. NRK Sogn og Fjordane hadde ei sak om det november. Kvifor har det teke så lang tid? – No jobbar vi altså med saka. Ein time seinare ringjer Vårdal opp att og fortel at dei har vedteke å ta ut sidene med kroppsøving. – Kva då med naturfagsidene? – Det skal vi vurdera.
« Tilbake
|