Plagiat får ingen følgjer for professor
Av Jon Hustad, 05.02.10
Kva skjer om ein lækjar har juksa seg til embetseksamen? Han misser lisensen. Kva skjer om ein historieprofessor gjer det same? Den 18. november i fjor sende rektor ved Universitet i Bergen eit brev til dei ulike partane i det som i Sverige er kjent som «Rekkedal-saka», brevet er stempla «Unntatt for offentlighet», men Dag og Tid har fått tilgang til ein kopi. Rektor Sigmund Grønmo skriv: Vi «kan opplyse at Universitetet i Bergen i dag har henlagt saken mot professor Nils Marius Rekkedal. Vårt fagmiljø har foretatt en ny gjennomgang av hovedoppgaven som ble innlevert ved Universitet i Bergen i 1980. Etter vurdering fra fagmiljøet er det skjellig grunn til å mene at det her foreligger plagiat og at det i hvert fall er utvist svært dårlig forskningsskikk.»Fagmiljøet i Bergen er ikkje åleine om å meine dette siste. Det svenske vitskapsrådets «oredlighetskomité» bad i 2008 professor i statsvitskap Marie Demker ved Göteborgs universitet og professor i historie Kristian Gerner ved Universitet i Lund om sjå nærare på mellom anna hovudoppgåva til Nils Marius Rekkedal, som er professor i krigsvitskap ved Försvarshögskolan i Stockholm. Båe professorane kom til at Rekkedal hadde plagiert i stor skala. Demker skriv mellom anna dette om hovudoppgåva til Rekkedal etter å ha gått gjennom mikrofilmane som Rekkedal hevdar var primærkjeldegrunnlaget for hovudoppgåva hans: «I hovudoppgåva si viser Rekkedal til materialet på mikrofilmane, men han gjer på det svært knapt vis. Berre ‘kodenamnet’ vert oppgjeve og ikkje kva slags materiale det er tale om. Men det som er meir underleg, er at han – eksakt som professor (Jan Willem) Honig (ein professorkollega av Rekkedal på Försvarshögskolan, red.merk.) har påvist i si gransking – har nytta seg av nær identiske utdrag av materialet og dessutan i same rekkjefylgje som William R. Andrews i boka The village war.» – Alvorleg tilfelle Vidare skriv Demker: Granskinga av mikrofilmane syner «at Rekkedal – i staden for driva historisk grunnforsking – vel å lata sekundærkjelder styra både resonnement og tolking av kjeldene. Kjeldematerialet har enkelt og greitt ikkje vore viktig for Rekkedals resultat, dei utgjer berre ei Potemkin-kulisse for dei openbert plagierte resonnementa og argumenta som Rekkedal fører fram som sine eigne.» Demker sluttar seg heilt til konklusjon som Honig tidlegare har kome til: «Honig avsluttar med å seia at tilfellet Rekkedal er ‘det mest alvorlege tilfellet av plagiat eg har opplevd i min karriere’. Det er berre å seia seg samd.» Ekspertgruppa til Vitskapsrådet avslutta granskinga av den samla akademiske produksjonen til Rekkedal med å konkludera at Rekkedal hadde brote ålmenne prinsipp for forsking og dimed god vitskapleg skikk, men dei lét vera å seia noko om hovudoppgåva til Rekkedal sidan den hadde vorte levert i Noreg. Dei skreiv òg at det var opp til leiinga ved Försvarshögskolan kva som skulle skje vidare. Leiinga ved høgskulen støttar framleis Rekkedal, men sende saka vidare til Statens ansvarsnemnd som konkluderte med at Rekkedal ikkje kunne få disiplinærstraff sidan det kritiserte plagiatet låg lengre enn to år attende i tid. UiB avgjer Men korkje Demker, Honig eller det svenske Vitskapsrådet kan taka vitnemålet frå Rekkedal, det kan berre UiB, og difor bad ein tidlegare kollega av Rekkedal, historikaren Magnus Petersson, UiB om å vurdera hovudoppgåva og sjå om ho kunne få konsekvensar for Rekkdal. Men det fortel rektor Grønmo i det før nemnde brevet at ho ikkje kjem til å få. «Vi (mener) at oppgaven ikke er i samsvar med de forskningsetiske normer Universitetet i Bergen ønsker å stå for. Sett på bakgrunn av den tid som er gått siden oppgaven ble godkjent, er det likevel ikke funnet grunn til at universitet foretar seg noe ytterligere i saken», skriv Grønmo og universitetsdirektør Kari Tove Elvebakken. Dag og Tid har vore i kontakt med fleire norske historikarar som reagerer på at UiB medvite lèt juks passera, men som vanleg er når folk meiner noko sterkt, så har dei ikkje lyst til å uttala seg. Mellomalderhistorikar og professor Steinar Imsen ved Universitet i Trondheim er eit unnatak, men strekar under at han ikkje kjenner saka og uttalar seg på prinsipielt grunnlag. – Om fagmiljøa har kome til at ei hovudoppgåve er plagiat, burde det vera heilt kurant å trekkja eksamenen attende, seier han. – Vi kjenner til fleire saker der lækjarar som har juksa, har mist godkjenninga. Er det skilnad på humaniora og naturvitskapane når det gjeld god vitskapleg praksis? – Det vil eg avvisa, det skal ikkje vera ulike krav til naturvitskap og humaniora. Vi bør reagera sterkt mot slikt. Saker som dette gjeld truverdet til eit heilt fagmiljø. Difor bør det reagerast strengt mot slikt. Sanning er uhyre viktig, nokon må kunna stå fram og seia at han eller ho forvaltar sanninga på vegner av faglege prinsipp. Sjølve den vitskaplege kodeksen vert øydelagd om slikt får passera. - Alt var ope –Saka er alt avgjord juridisk i Sverige. Statens ansvarsnemnd frikjende meg. Då ser eg ikkje korleis UiB kunne koma til eit anna resultat, seier Rekkedal til Dag og Tid og seier seg òg særs nøgd med at UiB legg saka mot han til sides. – Reknar du med at saka mot deg no er over? – Ja, det vonar eg. Det har vore tungt; det har gått føre seg i tre–fire år no. – Men UiB kjem med sterk kritikk? – Men det som ikkje står i brevet, er at dei aldri sette seg ned og vurderte primærkjeldene mine. Eg har påvist i brev at eg har 2400 dokument på mikrofilm, men desse er det ingen som har freista å vurdera. Eg møter berre påstandar om at eg ikkje har sett på filmen. Kva skal eg seia til slikt? Løynde motiv – Tykkjer du sjølv at du har gjort noko feil? – Feil og feil. Slik var det i den tida. Alt var kontrollert av rettleiarane mine. Eg har aldri freista å løyna noko. – Kvifor har du då fått skuldingane mot deg? – Dei som har kome med dei, har vel sine motiv, opne og løynde. Men dei eigenlege motiva deira har aldri kome ope fram. Det var ein minoritet på fire–fem personar her ved høgskulen som heldt på. Men eg har fått mykje stønad, noko eg er svært glad for. Det har gjort at eg har halde ut. Og ingen i leiinga vil at eg skal forsvinna. – Høge standardar – Vår konklusjon er eit svært klårt signal om kva slags standardar vi legg til grunn, seier rektor ved UiB Sigmund Grønmo. –Kvifor konkluderer de med at Rekkedal har utvist «svært dårlig forskningsskikk»? – Det er basert på at vi har hatt ein komité som har gått gjennom saka og som har kome til denne konklusjonen. Vi i leiinga held oss til denne konklusjonen, men så seier vi at gjeve den tida som er gått, så vil vi ikkje koma med nokon sanksjonar. – Vi har tala med fleire juristar (mellom andre Hans Petter Graver, dekanus ved Juridisk fakultet ved UiO, red.merk.); dei seier at det er fullt ut mogeleg å trekkja attende vitnemålet? – Men det er òg mogeleg å gjera det slik vi har gjort det. Vi har lagt eit skjøn til grunn her, og som har ført til den konklusjonen vi har kome til. – Hadde det ikkje likevel vore greitt å senda ut eit signal om at UiB er ein institusjon som ikkje aksepterer den typen hovudoppgåver? – Vi meiner at vi har gjeve eit svært sterkt signal gjennom den fråsegna vi har gjeve i saka, der vi nettopp seier det du har sitert. Vår konklusjon er eit klårt og tydeleg signal om kva slags standardar vi legg til grunn ved Universitetet i Bergen. – Vurderte de å trekkja vitnemålet attende? – Vi vurderte det. – Men de har ikkje offentleggjort konklusjonen? – Nei, det har vi i og for seg ikkje, men no har han tydelegvis vorte tilgjengeleg for deg, og du har gripe tak i han og gjer han kjent. Det har vi ikkje noko imot. – Er konklusjonen endeleg? – Frå vår side er han det. Vi har teke ei heilskapleg vurdering der tida som har gått, har vore sentral, men vår omtale av saka viser altså kva slags standardar vi har. – Eit hypotetisk spørsmål: Kva om det hadde vore ein lækjar eller tannlækjar som hadde gjort noko liknande? – Det kan eg ikkje svara klårt ja eller nei på, men i prinsippet ville same vurdering ha vorte lagd til grunn. Men den slags hypotesar er vanskelege å seia noko fornuftig om. Kvar slik sak er særmerkt, og difor må dei vurderast konkret opp mot det gjeldande etiske regelverket, og innanfor dette regelverket ligg det òg eit skjøn, som vi har utøvt. – Eit hypotetisk spørsmål til likevel: Hadde du lika å ha ein professor ved UiB med den typen eksamenspapir? – Det vil eg ikkje kommentera opp mot denne saka, men vi føreset at dei professorane vi har, har halde seg til både faglege og etiske standardar i arbeida sine, og vi er trygge på at dei omfemnande vurderingane som vert gjorde av søkjarar til professorat ved UiB, gjev grunnlag for å gå ut frå at det er slik.
« Tilbake
|