 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
Vår ære og vår lobbymakt
Av Jon Hustad, 19.02.10
Opphøg deg til kapitalist: Du eig ei verksemd, lat oss seia med tusen tilsette. Brått får du føre deg at det er dumt at staten skal få alle desse skatteinntektene frå arbeidstakarane dine. Du går til Stortinget. Der gjer du framlegg om at du og ikkje staten skal få inntektsskatten frå dei tilsette. Du har til og med eit namneframlegg, du kallar konseptet «nettolønsordninga». Av ein eller annan grunn seier Stortinget ja, og ikkje berre det: Stortinget seier at arbeidstakarane dine skal få fulle trygde- og helserettar frå staten og det jamvel om det altså er du som får inntektsskatten, folketrygdavgifta og arbeidsgjevaravgifta.Nei, nei, dette vert for vilt, meiner vel ein del av lesarane no. Vel, det er det ikkje, dette er faktisk stoda for alle som er tilsette i utanriksfart, for dei tilsette på ferjene som sigler mellom Oslo og kontinentet, for dei som arbeider på båtane som er knytte til oljenæringa, og sist, men kanskje ikkje minst, for kvar einaste kelner og matros og offiser som sigler på den symboltunge hurtigruta. Etter å ha tenkt deg om finn du likevel ut at dette ikkje er nok. For når du får sitja med all denne inntektsskatten og folketrygdavgifta og arbeidsgjevaravgifta som du og arbeidstakarane dine skulle ha betalt, ja, så vert det lett til at overskotet i verksemda di vert nokså stort, og av overskot skal ein betala, i det minste i teorien, 28 prosent skatt. Du går attende til Stortinget, der gjer du framlegg om at du får behalda heile overskotet dersom du reinvesterer pengane i same type verksemd. Stortinget seier ja til dette også. Så tek du alt overskotet, kjøper noko nytt og tilset tusen til, som òg betaler skatt, ikkje til staten, men til deg. Lundteigen fekk det til I 1996 la finansminister Sigbjørn Johnsen og handelsminister Grete Knudsen fram eit forslag for Stortinget som gav norske skipsreiarar med skip i utanriksfart tilnærma nullskatt. Det skapte litt murring hjå delar av venstresida i partiet – det vart ei for stor politisk bør å taka på seg. Men lukkelegvis for Johnsen og Knudsen var regjeringa Brundtland ei mindretalsregjering – ja, her er vi litt konspiratoriske, men vi har som det heiter, tala med fleire kjelder. I alle høve: Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet og Øystein Hedstrøm frå Framstegspartiet sette seg saman. Dei laga ei endå betre ordning for reiarane enn det Ap-regjeringa hadde gjort, ei ordning Ap kunne gje subsidiær stønad til. Hedstrøm og Lundteigen fekk æra, både for nettoløn og skattefritak – og Ap slapp skulda. Skatteordninga hadde rett nok ein litt fiffig vrid. Skatten reiarane slapp å betala på overskot, vart definert som lån, og den dagen reiarane eventuelt tok pengane ut av selskapa dei åtte, skulle dei betala skatt på vanleg vis. Reiarane tilpassa seg sjølvsagt, dei lét vera å taka pengane ut av selskapa, og om dei trong ekstra pengar, kunne dei i staden selja nokre aksjar. Mellom 1997 og 2007 «lånte» staten reiarane 21 milliardar, om vi skal tru Finansdepartementet. Men før valet i 2007 fann regjeringa at dei ville endra skatteregimet for reiarar. Dei bytte den reelle nullskatteordning med ei formell, men framleis reell nullskatteordning. Samstundes fekk SV og finansminister Kristin Halvorsen den ljose idéen at dei skulle krevja inn delar av skatteinntektene staten hadde «lånt» til reiarane – 14 milliardar – og det endå om reiarane ikkje hadde teke pengane ut av selskapa sine. Førre fredag sa Høgsterett nei, med seks mot fem røyster; staten kunne ikkje gjennomføra ei lovendring som hadde tilbakeverkande kraft, og med det tapte statskassa ein sum som svarar til noko slikt som eit dobbeltspor gjennom Østfold eller Vestfold. Så no har reiarane både formell og reell nullskatt, pluss inntektsskatten til dei tilsette, som framleis skal få gratis sjukehustenester, sjukepengar, uføretrygd og alderspensjon. Her høyrer det rett nok med i biletet å nemna at reiarane har betalt og framleis skal betala ei tonnasjeavgift. I 2007, opplyser Finansdepartementet, utgjorde ho den nette sum av 24 millionar kroner. Vi gløymde forresten å nemna at sjøfolk og fiskarar har eit særskilt skattefrådrag som gjer at dei har lægre skatteprosent enn vanlege lønsmottakarar. Hedstrøm er nøgd Øystein Hedstrøm er som vanleg både høvisk og imøtekomande når vi ringjer. Tannlækjaren har no gått av som stortingsmann og har god tid til journalistar. Han tek gjerne delar av æra for forliket i 1996. – Ja, eg var nok ein av arkitektane bak ordninga. – Så kva føler du no, som det heiter, etter domen? – Eg er nøgd. Det er viktig av vi har skattereglar for reiarlaga som ikkje skil seg frå dei andre europeiske konkurrentland har – Holland, England, Tyskland og så bortetter. Dei har alle særs gunstige regime. Skal vi ha ein norskregistrert flote, er det ikkje til å koma utanom at eigarane må ha nokolunde same vilkår som dei hine, for det er eit faktum at det er lett å flytta både skip og hovudkontor. Vi treng enkelt og greitt fleire føter å stå på. Noreg er ein del av EØS, då må vi tilpassa oss EU. – Og dette fekk du til saman med sjølvaste Lundteigen og med Ap på slep? – Per Olaf Lundteigen er frå Senterpartiet, og Frp står langt frå Sp i mange saker. Men heilt frå fyrste gong Lundteigen sat i finanskomitéen, som er mange år sidan, så har han hatt ei positiv innstilling til skipsfarten og ynskt å gje reiarlaga råmevilkår som svarar til det dei får elles i Europa. Då var det lett å finna ei sams løysing. Når det gjeld Ap, så veit vi at LO har eit positivt syn til norske skip på norsk kjøl. Dei har både ynskt nettolønsordningar for norske sjøfolk og andre ordningar som kan skapa arbeidsplassar, og det er velkjent at i det minste delar av Ap har lytta til LO i desse spørsmåla. – Men om eg ikkje hugsar feil, så sa du at dette ikkje berre handla om arbeidsplassar, du sa òg at det for deg var viktig med norske flagg på dei sju hava? – Ja, eg sa det. Norske flagg på norske skip på dei sju hava... Jau, det ligg noko nostalgi bak det, men òg realitetar. Vi har hatt ein moderne skipsflote som har vore eit føredøme for utanlandske reiarlag, noko dei har strekt seg etter. Handelsfloten har òg vore viktig økonomisk, og reiarlaga har hatt store positive ringverknader langs kysten, for industrien, for ingeniørkunsten og ikkje minst for banknæringa. Vi talar om utruleg mange arbeidsplassar, og som sentralbanksjefen sa i den siste årstalen sin: Det har aldri vore meir attraktivt å flytta norske verksemder ut av landet, og det har aldri vore dyrare å produsera varer og tenester i Noreg enn det er i dag. Vi har vore verdsleiande på kompetanse, kvifor skal vi ikkje vidareføra dette, spør Hedstrøm. Skatteutvalet Her kunne vi sjølvsagt ha ringt Svein Gjedrem og spurt kva han meiner om at ei næring skal få skatteføremoner som ingen andre næringar har, men han kjem neppe til å svara. Difor freistar vi Guttorm Schjelderup, professor ved Handelshøgskulen i Bergen, som i si tid leidde eit utval som gjorde framlegg om at reiarane skulle betala skatt, som i sin tur vart avvist av politikarane. Men han vil ikkje lenger kommentera den manglande reiarskatten. – Dette er no eit politisk spørsmål. Du får tala med politikarane, svarar Schjelderup, og det seier han jamvel om han i 2007 rekna seg fram til at det særmerkt gunstige skatteregimet i tillegg til trygdene og helseutgiftene og sjukepengane og alt anna offentleg tenestetilbod årleg kosta statskassa minst fem milliardar kroner i skattetap, som elles svarar til det norske kommunar gav i sosialhjelp i 2006. Men politikarane har vi alt tala med. I staden freistar vi å få tak i ein rapport som skal vera skriven av Menon Business Economics, som er eit privat utgreiingsfirma som «arbeider i grenseflaten mellom forretningsstrategi og samfunnsøkonomi. Våre oppdragsgivere spenner fra større bedrifter og investeringsfond til bransjeorganisasjoner, departementer og etater», som det står på heimesida. Menon er nemleg firmaet som visstnok har funne ut at norske reiarlag direkte og indirekte står attom 100.000 arbeidsplassar her til lands, eit tal interesseorganisasjonen Maritimt forum til dømes er særs glade i å nytta: «Det hjelper ikke å innføre et konkurransedyktig system fremover når konkurranseevnen raseres ved overgang til det nye skattesystemet (...). 100.000 ansatte langs hele kysten og en verdiskaping på 100 milliarder kroner er truet», skreiv organisasjonen i ein kommentar til framlegget om at reiarlaga i utanriksfart skulle betala attende 14 milliardar kroner til staten. Grunnlaget for påstanden, hevda forumet, var tal som Menon hadde lagt fram. Men sidan vi ikkje finn underlagsrapporten frå Menon på heimesida deira, ringjer vi ein av partnarane, økonomen Erik W. Jacobsen, som syner seg å vera medforfattar til den mykje siterte rapporten. Eit flott, rundt tal – Korleis kom du fram til 100.000 arbeidsplassar, Jacobsen? Kvifor ikkje 92.342? – Nei, nei, nei. Eg har ikkje kome fram til 100.000. Det er Maritimt Forum som har nytta det talet. Det ville vera rart om eg kom fram til akkurat 100.000. – Men dei viser til firmaet ditt. – Jau, det er rett, men det er om lag 100.000. Det er vanleg å runda av tal. – Men 100.000 er fascinerande rundt? – Jau, og det er nok difor dei har valt det talet, vil eg tru. Det er så lett å hugsa og er det næraste store talet. No sit eg rett nok ikkje med rapporten framføre meg, men eg lurer på om ikkje talet var på 97.000. Vi må òg hugsa at den typen tal er særs sensitive for korleis ein definerer næringa og kva ein inkluderer og ikkje inkluderer. Enden på samtalen vert at Jacobsen lovar å senda rapporten til Dag og Tid, og det gjer han. Rapporten syner at talet er 95.374. Den summen har Jacobsen kome fram til ved å slå saman alle som arbeider i tank, bulk, kjemikaliar, bilfrakt og passasjer, attåt offshorefarty og riggar. I tillegg kjem mange av dei tilsette i offshore- og skipsindustrien og dei som arbeider i verksemder som leverer maritime tenester. Advokatar og finansfolk og offentleg tilsette er ikkje med, men det er altså store delar av olje- og gassindustrien. Så har då heller ikkje rapporten tittelen «Norsk utenriksfart», men derimot «Norsk maritim verdiskapning 2008» og byggjer mellom anna på ein tilsvarande rapport frå 2007. Og det var i den rapporten Jacobsen kom fram til at den maritime næringa i Noreg hadde om lag 97.000 tilsette. Kastar lite av seg Finansdepartementet har elles sett nærare på påstanden om at 100.000 arbeidsplassar står i fare dersom reiarane får skatt. Dette skreiv Finansdepartementet i 2007, då reiarane og Maritimt forum protesterte mot at dei vart pålagde å betala 14 milliardar attende til staten (attendebetalinga skulle elles gå over ti år): «Påstand ‘Hele 100.000 arbeidsplasser trues av forslaget.’ Det er ingen grunn til å frykte for arbeidsplasser. Nasjonalregnskapet for 2006 viser at 17.000 nordmenn er ansatt i utenriks sjøfart, som altså er den næringen som blir direkte berørt av de foreslåtte skatteendringene. Når redernes lobbyorganisasjoner trekker fram 100.000 arbeidsplasser, inkluderer de også en lang rekke virksomheter som ikke er påvirket av rederibeskatningen. Dette omfatter for eksempel petroleumsvirksomheten, innenlandsk ferge- og kysttrafikk, husholdningsartikler til bruk for fritidsbåter, bank og forsikringsvirksomhet.» Men kor lønsam er denne utanriksfarten? Hadde det til dømes vore betre for nasjonaløkonomien om dei som arbeider i han, hadde funne seg noko anna å gjera? Rederiskatteutvalget var ikkje i tvil då dei la fram tilrådinga si i 2006. Basert på tal frå nasjonalrekneskapen frå 1970 til 2004 for utanriks sjøfart fann dei ei gjennomsnittleg årleg kapitalavkasting på 2,6 prosent for næringa. For den samla norske industrien fann dei at avkastinga var 10,7, og for eit samla Fastlands-Noreg var kapitalavkastinga på 7,9. Då gav konklusjonen seg sjølv for utvalet: Det ville vera mykje meir lønsamt for AS Noreg om reiarane vart underlagde eit normalt skatteregime slik at arbeidskraft med låg effektivitet og avkasting vart overførd til meir produktive næringar. Rederiforbundet var ikkje uventa usamde med utvalet og sa at dei ikkje burde taka utgangspunkt i nasjonalrekneskapen, men heller taka utgangspunkt i rekneskapsstatistikk. Det gjorde utvalet og kom då til ei avkasting på 5,7 prosent, som framleis er lægre enn resten av Fastlands-Noreg og som framleis førde til ein konklusjon om at skipsfarten burde verta underlagd det same skatteregimet som andre. Rederiforbundet laga då si eiga utrekning som synte at avkastinga var på 11–12 prosent, eit tal så høgt at dei meinte at dei framleis ikkje skulle betala skatt. Stortinget og regjeringa sa seg samd, ikkje i avkastingspåstandane, men i kravet om skattefritak. Billege julebord Lite tyder på at Finansdepartementet prøver seg på ein omkamp i Stortinget om skattenivået til reiarlaga. Både EU og USA har gjeve opp kampen mot skatteparadisa og gjev utanriksfarten skattefritak og subsidiar som kan samanliknast med den norske nettolønsordninga. Rederiforbundet kjempar no for at skip som sigler mellom norske hamner, skal få dei same vilkåra som skip som sigler i utanriksfart. Dei har alt kome eit stykke på veg. Hurtigruta var den førebels siste som vart inkludert i nettolønsordninga og har etter det teke eit godt jafs av den norske jolebordmarknaden. «Vi mener at alle deler av norsk skipsfart skal ha samme vilkår som konkurrentene», som ein særs nøgd informasjonsdirektør Marit Ytreeide i Norges Rederiforbund sa det til NA24 då regjeringa gjorde vedtaket om å inkludera dei tilsette på hurtigruta. Neste månad skal eit utval leggje fram ei tilråding om nettolønsordninga. Soga held fram.
« Tilbake
|
|
|