 |
FØRSTESIDA
NYHENDE

KRITIKK

Meiningar

AKTUELT

BUTIKKEN

MARKNADSPLASSEN

DAG OG TID

ANNA

|
|
– Nok med 40 diktbøker
Av Ottar Fyllingsnes, 26.02.10
Dikta til Knut Ødegård er omsette til 27 språk, og det er meir enn nokon annan nolevande norsk poet. Nyleg var han i Libanon i samband med at Dikt i utval kom ut på arabisk. – Det var storveges – med to strålande offentlege poesiprogram, fortel Ødegård. Dei største fjernsynsstasjonane laga intervju og opptak av opplesingane til den norske poeten, og den største arabiske avisa, An-Nahar, hadde glitrande meldingar av både bok og program. – Gjendiktaren min, professor Fuad Rifka, er eit av dei store namna i grunnlegginga av modernismen i arabisk poesi. Som ung var det han, Adonis og to–tre i tillegg som bygde ut det poetiske språket ved sameining av arabisk poesitradisjon med vesteuropeisk og amerikansk modernisme, fortel Ødegård. For nokre år sidan vart han vald inn som medlem av The European Academy of Poetry med hovudsete i Luxembourg, som Kulturdepartementet er med og finansierer, og i fjor vart han vald til generalsekretær. Svært høg kvalitet Ødegård gav i fjor ut diktsamlinga Det blomstra så sinnssjukt. Boka vart innkjøpt, og han fekk mykje ros for boka her i avisa. Ho var éi av om lag sytti diktbøker som vart sende til Kulturrådet i fjor med tanke på innkjøp. I 2008 mottok Kulturrådet 84 diktbøker, inkludert gjendiktingar frå andre språk. Mellom 80 og 90 prosent vart innkjøpt. – Kjem det ut for mange dårlege diktbøker? – Mi oppleving er at norsk lyrikk er av svært høg kvalitet, samanlikna både med grannelanda og dei andre kulturområda eg kjenner. – Kunne me greidd oss med halvparten av utgjevingane? – Ettersom eg ikkje har lese andre enn dei som er komne på dei såkalla etablerte forlaga, kan eg ikkje svara på dette, men talet sytti verkar høgt. Kanskje hadde førti vore eit sømeleg tal. – Kor mange av dei sytti diktsamlingane kan plasserast i førstedivisjon? – Dette dreiar seg ikkje om fotball og scoringar, så det vert berre synsing. Skal eg tippa, så lat oss seia femten. – Har du sjølv vorte nulla? – Nei, heldigvis ikkje, men med mine stadige og genetisk betinga nedturar i den psykiske kjellaren, sinnslidingsmyrkret, hadde nok ikkje det vore kjekt. – Har du tillit til at vurderingsnemnda nullar dei rette bøkene? – Nei, ikkje alltid. Dei gjer vel så godt dei kan, men det verkar som om dei stundom gjer klare feilgrep. Eg veit at det kan vera vanskeleg å gjera presise vedtak i slike saker. Eg kjenner liknande vurderingar frå mine mange år som medlem av Det litterære råd. Eg finn ingen grunn til å setja spørjeteikn ved innkjøpsordninga. Den må ingen tukla med. Ho er livsviktig for norsk skjønnlitteratur. Dei har gjort feil I fjor haust rosa Ødegård Åsmund Bjørnstads siste diktbok, Kvit stein, i Vårt Land, men likevel vart ho nulla. – Korleis reagerer du på at nemnda nulla henne? – Bjørnstad er eit klart døme på at dei har gjort feil. Kvit stein er ei av dei store diktsamlingane frå 2009, men det er lett å gjera feil når ein skal lesa så mange diktsamlingar. Kvart dikt må få tid til å veksa i lesaren – også om ho eller han sit i jury eller nemnd. – Har du ofte vore usamd med vurderingsnemnda? – Nei, eg trur ho i det store og heile gjer ein god innsats. Det er heller ikkje matematikk me driv med, men dei opplagt gode diktbøkene bør me sjå. For fleire år sidan gjekk eg offentleg ut og appellerte til ankenemnda då ein fin roman av Eystein Eggen vart nulla; éin av dei beste romanane det året. – Har du tillit til dagens ordning? – Eg reknar med at dei har lært av kritikken, og at dei vil skjerpa seg. Dermed vil eg ikkje gå ut med mistillit. Men dei har gjort feil. Det gjeld også nullinga av Kaj Skagen. Sarosperiodene er ikkje den beste boka hans, men det dreiar seg om klargjeringar og presiseringar frå ein forfattar som alt er etablert som sentral i den moderne norske boksoga. Det er viktig å lesa det Skagen skriv no – for det kastar lys også attover i forfattarskapen, men det held som ei heilt sjølvstendig diktbok òg. – Kva tankar har du gjort deg når nemnda har nulla bøker som du har rosa? – Eg trur ikkje det er vrang vilje, men at oppgåva kan verta for diger, og fristane for stutte. Men eg tenkjer sjølvsagt òg at det alltid vil vera eit subjektivt skjøn med i ei litterær vurdering. – Har du inntrykk av at nemnda er subjektiv, eller går ho etter bestemte kriterium? – Det er vanskeleg å leggja fram litterære normer og kriterium for estetikk. Det vert lett ei blanding av formulerte kriterium og subjektivt skjøn. Då er det svært viktig at ein har med framståande fagfolk med røynsle både som gode diktarar, kritikarar og akademikarar. I mi tid i Det litterære råd la eg stor vekt på grunngjevingar og døme frå diktverket, før eg konkluderte. Men det subjektive kjem ein ikkje utanom. Det må berre fylgjast av ei intellektuell klargjering. – Slepper elitistiske og uforståelege diktbøker gjennom, medan rim- og rytmedikt vert nulla? – Det elitistiske held ikkje alltid hus i rimfrie dikt, og det uforståelege kan like gjerne liggja i eit dårleg rim. Det er ikkje mykje elitisme hjå Rolf Jacobsen, og Olav H. Hauge vart ikkje mindre forståeleg då han byrja gå på dei styltrone han skriv om ved innleiinga til den opnare delen av forfattarskapen. Eg trur ikkje at nemnda legg slike ytre formkriterium til grunn. – Kva kjenneteiknar eit godt dikt? – Eg greier ikkje svara fullt ut, men eit godt dikt får meg til å sjå noko eg ikkje har sett før, eller det får meg til å ny-sjå noko som vane og trivialliv har fått meg til å gløyma, eller det får meg til å erkjenna samanhengar mellom ting og fenomen som eg før trudde låg for langt frå kvarandre. Nei, for å kunna svara her, treng eg eit par sider til eit essay. Poesi er livsviktig For nokre tiår sidan var det ei storhending når det kom ei ny diktsamling, men slik er det ikkje lenger. – Må ein akseptera situasjonen, eller kan ein gjera noko med det? – Då eg debuterte i 1967, fekk eg over tjue kritikkar, men både eg og kritikarane meiner at eg skriv betre no. Likevel får eg berre fem–seks kritikkar. Me verken kan eller skal akseptera situasjonen. Det er livsfarleg å la eit språk som poesien døy ut. Det poetiske språket er eit erkjenningsspråk. Kall det eit instrument, som registrerer og formidlar innsyn og kunnskap som ikkje noko anna språk eller instrument kan erstatta. Me må slåst mot øydelegginga av det på same måte som vi slåst mot klimatiske strupetak på det fysiske livet her på Tellus. Knut Ødegård meiner at mykje kan gjerast om ein mobiliserer sterkt og breitt. – Me må aksjonera mot bokhandlarar som ikkje sel diktsamlingane og ikkje stiller dei ut. Me må ha appellar med høgtalarar og poetar på hogget framfor redaksjonslokala til avisene til dei byrjar skriva om poesi som storhending att. Kulturredaktørane må ikkje få fred! – Det viktigaste er at poetane ikkje gjev opp. Altfor mange gode poetar går over til romanen fordi forlaga så tydeleg ynskjer seg spenningsromanar med høge opplagstal og mykje profitt. Så lat meg heller appellera til dei unge forfattarane: Stå på! Me skal få poesien på plass att som den viktigaste litterære genren! Poesien er livsviktig! De er heltar som skriv dikt!
« Tilbake
|
|
|