Distré og litt nevro tisk
— Blod, svette og tress-is oppsummerer kvardagen som sjukepleiar ganske godt, seier Tegnehanne som gir ut bok om sjukepleiarlivet.
Hanne Monge Sigbjørnsen, betre kjent som Tegnehanne, har gitt ut fire bøker på to år. I september kjem Blod, svette og tress-is frå tida hennar som sjukepleiar.
Foto: Mone Celin Skrede
Bakgrunn
Tegnehanne
Fødd i 1989 ved Kvernaland på Jæren
Har blogga som Tegnehanne sidan 2010
Er utdanna sjukepleiar
Aktuell med boka: Blod, svette og tress-is
Vann Pondus-prisen i 2015 for beste teikneserie
Har tidlegare gitt ut Tegnehanne (2015) og Ambisjoner minus gjennomføringsevne (2016)

Teikneserie
elovereide@gmail.com
Hanne Monge Sigbjørnsen er 27 år gamal, og bur på Grünerløkka i Oslo. Ho kjem frå Jæren, er utdanna sjukepleiar og bur i lag med Jostein Larsen. Men til forskjell frå dei fleste andre kvinner i dette landet, veit vi veldig mykje om Hanne. Dei siste seks–sju åra har ho teikna historier frå livet sitt under namnet Tegnehanne. Alt frå ekskjærastar til økonomiske vanskar får plass i dei populære stripene, og no kjem ho dessutan med den fjerde bok si.
– Det var ei bloggbølgje då eg byrja å blogge som Tegnehanne. Fordi andre bloggarar tipsa om meg, fekk eg litt merksemd. Ein dag spurde Aftenposten om eg ville lage striper for dei, og så har Tegnehanne vakse fram etter det, fortel Sigbjørnsen om korleis det heile starta.
Tok sats
Ho sit på kontoret sitt i det ho sjølv omtalar som den mest falleferdige blokka i Oslo. Det er nøyaktig eitt år sidan ho slutta i den trygge jobben som sjukepleiar for å satse på ein karriere som teikneserieskapar og illustratør.
– Eg kom til eit vegval: anten teikne på fulltid eller jobbe vidare som sjukepleiar. Begge delar var noko eg brann for, men for å prestere på topp følte eg at eg måtte gjere éin ting om gongen. Difor bestemte eg meg for å seie opp jobben som sjukepleiar.
I byrjinga tok ho på seg altfor mykje, av frykt for å stå utan jobb. Men så langt har Tegnehanne klart seg bra. I år har ho skrive både Lykke til og den kommande Blod, svette og tress-is. I tillegg har ho illustrert den kjende boka Gleden med skjeden, skrive av legestudentane Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl.
– Akkurat no er det dette eg har lyst til å gjere. Ikkje alle får høve til å prøve seg på kulturfeltet, og difor tok eg sjansen. Går det dårleg, får eg heller gå tilbake til å vere sjukepleiar.
Tress-is på vaktrommet
Sigbjørnsen har skrive mykje om livet som sjukepleiar i stripene sine. Men i den nyaste boka er dei tre åra frå studiet og dei tre neste åra frå Rikshospitalet hovudtema.
– Eg fann ut at denne boka måtte handle om erfaringane eg gjorde meg som sjukepleiar. Det er ei ganske personleg bok. Eg valde ut to tema som eg ville leggje vekt på: Det eine var å oppdage kva sjukepleie var, og kva det vil seie å jobbe med sjuke menneske. Det andre er kjærleik, og historia om då eg møtte Jostein.
– Korleis erfarte du sjukepleia?
– Sidan eg jobba på Rikshospitalet, opplevde eg ikkje den underbemanninga som pregar sjukehusa. Men eg har vore i praksis i ein nedsliten sjukeheim. Det er ei forakt mot leiinga blant dei som jobbar på golvet. Sjukehusleiinga er dei som sit på kontor med budsjett, og ikkje anar kva dei på golvet jobbar med. Det er mange utfordringar i helsevesenet, og eg trur at eldrebølgja vil bli den største framover.
– Den nye boka heiter Blod, svette og tress-is. Korleis kom is inn i bildet?
– Alle sjukepleiarar et is, både for å feire og for å sørgje, men også for å markere at det er fredag eller måndag. Tress-is finst på alle vaktrom i landet, ofte saman med nonstop og peanøtter. Det gjer det heile litt koseleg å jobbe som helsepersonell. «Blod, sveitte og tress-is» oppsummerer kvardagen som sjukepleiar ganske godt.
Inkassovarsel
Livet som bloggar og teikneserieskapar er noko annleis frå livet som sjukepleiar. Litt meir snacks framfor skjermen og litt mindre springing i korridorar. Alt Sigbjørnsen skriv, har utgangspunkt i livet hennar. Som Tegnehanne har Hanne Sigbjørnsen blitt ein kjent profil, men også ein aktiv samfunnsdebattant.
– Tegnehanne var eit egoistisk prosjekt frå byrjinga. Bloggen handla berre om det indre livet mitt, men så ønskte Aftenposten meiningane mine. Først var det vanskeleg, men med alderen følte eg meir på samfunnsengasjementet. Tema som valdtekt og kroppspress er noko eg har kjent sterkt på. Det å alltid måtte reflektere over kva eg meiner, har gitt meg mykje.
– Føler du nokon gong at du utleverer deg for mykje? At framande veit alt om deg?
– No har eg halde på med dette i mange år, og det er eigentleg berre fint at alle veit korleis eg tenkjer. Folk er imøtekommande fordi dei føler at dei kjenner meg. Eg skriv mykje om skam. For meg var det ein terskel å skulle skrive om problema mine med purringar og inkassovarsel. Men så fekk eg respons frå folk som kjende seg att. Det å vere ærleg om ting kan faktisk vere veldig frigjerande.
Det er også ulemper med å poste meiningane sine offentleg. Ei ulempe er at det som ligg på nett, blir på nett, sjølv etter at ein har endra meining.
– Når eg les gjennom arkivet, finn eg mykje rart. Både humoren og meiningane mine har utvikla seg. Til dømes tulla eg ein gong med at folk ikkje burde amme på kjøpesenter. Det ville eg aldri sagt i dag. Ein annan gong skreiv eg om alt maset rundt det å røyste ved Stortingsvalet, mens eg no oppmodar folk om å røyste. Ofte uttalar eg meg litt seint i debatten, med eit skråblikk utanfrå. Det gjer at eg unngår den største støyen, seier ho.
Diamanttrøbbel
Sigbjørnsen kjem frå Kverneland i Rogaland. Foreldra bur i det same huset som då ho var barn – eit grått hus som dei éin dag ville måle kvitt. Denne avgjerda gjorde at verda rakna for vesle Hanne, som framleis hatar forandringar.
– Det er sånn eg er med alt. Eg stressar over endringar, sjølv om det nesten alltid går bra. Eg er litt nevrotisk. Eg trur at alle som uttrykkjer seg i ord eller kunst, analyserer mykje, både folk, handlingsmønster og tankar. Teikningane mine speglar godt kven eg er: først og fremst ein distré person som ikkje har tolmod til å teikne fint.
I 2012 blei Tegnehanne kåra til «Norges mest elskede blogg», i tillegg til «årets blogger» ved Vixen Blog Award. Der vann ho ein diamant til ein verdi av 82.000 kroner.
– Prisen var openbert tiltenkt ein rosabloggar, og alle vart overraska over at eg vann. Plutseleg fekk eg mikrofonar i fjeset med spørsmål om kva eg skulle gjere med diamanten. Eg svara at eg skulle selje han. Etter at eg sa dette nokre gongar, fekk eg ein telefon frå Vixen Blog Awards om at eg måtte slutte å seie at eg skulle selje diamanten. Det er pinleg å tenkje på.
Sjølvironisk
Diamanten vart verande, og populariteten til Tegnehanne har auka sidan den gong. Ein av grunnane til suksessen er mengda sjølvironi, humor og dei daglegdagse situasjonane i stripene. Vi som kjenner henne, veit at Tegnehanne ikkje er perfekt.
– Eg trur det er viktig at folk kan kjenne seg att i det dei les, men sjølv tenkjer eg minst mogleg på dette når eg skriv. Mi erfaring er at det beste er berre å vere ærleg. Det er alltid nokon som har opplevd eller kjent på det same, seier ho, og held fram:
– Heldigvis får eg ikkje kommentarar om at eg er eit forbilde, som mange andre får. Det er ein lette, for eg skriv berre på vegner av meg sjølv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det å vere ærleg om ting kan faktisk vere veldig frigjerande.
Tegnehanne
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.