Den første bestseljaren
Luther-bibelen var eit einmannsverk som mange stod bak, og masseproduksjon av bibelskrifter gjorde reformasjonen mogleg.
Luther-Bibelen frå 1534 var på over 1800 sider, og kom i seks delar. Dette kunstferdig tillaga eksemplaret blei vist fram i Frankfurt (Oder) ein dag i oktober 2016.
Foto: Patrick Pleul / Picture-alliance, ZB
Forfattaren Martin Luther var ein suksess lenge før han måtte flykte. På bokmessa i Frankfurt i 1520 selde ingen skrifter betre enn hans. Det gav han makt og mynde.
Då han sette om Det nye testamentet vinteren 1521, var han ingen pioner i faget. Så mykje som 72 omsetjingar til tysk av heile eller delar av Bibelen låg alt føre. Det skjedde helst anonymt, for det å omsetje Bibelen var farefull ferd.
Verst gjekk det med William Tyndale. Etter 1409 hadde det vore forbode å omsetje Bibelen til engelsk. Likevel sat Tyndale i Worms og omsette Det nye testamentet til engelsk i 1526. Makta svara med flammar, og brende heile opplaget i London, der St. Paul-katedralen no ligg. Tyndale sette i gang på ny i Antwerpen, no med delar av Det gamle testamentet. På ny blei han arrestert, for siste gong. Tyndales siste ord før han blei kvelt og brend 6. oktober 1536 skal ha vore: «Oh Lord, open the King of England’s eyes.»
I England blei ein bibelomsetjar avretta. I Sachsen sat ein fredlaus og bannlyst kjettar og omsette Guds ord i løynd. I førsteopplaget av Nytestamentet stod det ikkje kven boktrykkaren var, og Luthers namn kom først til syne i det åttande opplaget i Wittenberg tre år seinare.
I tillegg til dei bibelomsetjingane som alt fanst, bygde han på den latinske omsetjinga i Vulgata-bibelen og den greske grunnteksten. Vel ferdig med Det nye testamentet gjekk han laus på Det gamle. Det var ikkje noko han gjorde åleine. Luther samla ein flokk av dei beste rundt seg: professor i gresk Philipp Melanchthon, professor i hebraisk Johann Forster saman med Bernhard Ziegler og Matthäus Aurogallus, latin-ekspert Johannes Bugenhagen, filosofen Nikolaus von Amsdorf, presten Georg Rörer, dessutan Justus Jonas og Kaspar Kruziger.
Dei var ti i talet, Luther stolte på dei alle, og dei brukte tolv år. Den 4. oktober 1534 låg Biblia føre, i rett tid til hausttakkefesten, og – like viktig – til bokmessa i Leipzig. Luther var kremmar nok til å vite å utnytte den trykketeknologien Johann von Gutenberg hadde etablert få tiår tidlegare. Billige var bøkene ikkje. Sidene var mange, Bibelen kosta flesk. Prisen svara til to og ei halv ku, eller ein okse med vogn.
Ein flyktning i eige land skapte den første bestseljaren i verda. På tre år var heile Bibelen seld i 100.000 eksemplar. Berre fram til 1533 kom Nytestamentet hans ut i 83 store opplag. Kjeldene spriker, men bibelomsetjingane hans skal ha vore trykte i meir enn 600.000 eksemplar då Luther døydde i 1546. Det året hadde kanskje kvart fjerde tyskspråklege hushald ei utgåve av heile eller delar av Bibelen.
Den katolske kyrkja brukte alle knepa i boka for å stoppe Luthers utgåve av Bøkenes bok. Trykkekunna trumfa kyrkjemakta, og gjorde Bibelen til allemannseige.
Ottar Grepstad
Neste veke: Ein nasjonal katalysator
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.