JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ein stjerneaugneblink – eller eit legendarisk mistak av Trump?

Historia kan avhenge av éi einaste avgjerd. Ei slik gjeld snart Nord-Korea.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15. april i år feira Nord-Korea 105-årsdagen til Kim Il Sung med å vise fram atomvåpenet som kan nå heilt til USA.

Foto: Wong Maye-E / AP Photo / NTB scanpix

7591
20170818
7591
20170818

Om du vantar ei bok å lese på stranda (eller under haustjakta), vil eg leggje inn eit godt ord for Stefan Zweigs Evige øyeblikk. Tolv historiske miniatyrer. Boka, med den tyskspråklege tittelen Sternstunden der Menschheit, kom ut i 1927, og er no så godt som gløymd. Mi interesse vart vekt da ein ven i Beijing fortalde meg at det var den siste vestlege boka Wang Qishan rosa overfor kollegaene sine i den faste komiteen i politbyrået. (For nokre år sidan var det Alexis de Tocquevilles Det gamle regime og revolusjonen; seinare boka til den australske historikaren John Hirst, The Shortest History of Europe.)

Det løner seg alltid å vite kva herr Wang les. Som leiar for antikorrupsjonskommisjonen til det kinesiske kommunistpartiet, vert han sett på som den nest mektigaste mannen i Kina etter president Xi Jinping. Den faste komiteen fattar dei viktigaste avgjerdene i Folkerepublikken (der innbyggjarane utgjer ein femtedel av alle menneska på jorda), og er utan tvil den mektigaste bokklubben i verda. Når vi no nærmar oss det som kan vere den neste avgjerande augneblinken i historia, burde vel vi òg vite kva vi bør sjå opp for.

Til vanleg, skreiv Zweig, «gjer historia kjenslelaust og vedvarande ikkje noko anna enn å føye lekk for lekk til den enorme kjeda som strekkjer seg gjennom tusenåra». Svært sjeldan er det likevel slik at «ein kritisk augneblink hender i verda», ein augneblink som er «avgjerande for tiår og hundreår (...) ein einaste augneblink som avgjer og bestemmer alt: eit einaste ja, eit einaste nei, eit for tidleg eller for seint gjer den stunda ugjenkalleleg for hundre generasjonar». Zweig, som var frå Wien, kalla slike augneblink Sternstunden – «stjernestunder», kan hende best omsett til «stellare augneblinkar».

Ein del av sjarmen ved Evige øyeblikk. Tolv historiske miniatyrer er det særeigne ved utvalet til Zweig. Tre av hendingane som er skildra, er berømte i politisk historie: ottomanane si erobring av Konstantinopel i 1453, Napoleons nederlag ved Waterloo i 1815 og Lenins tilbakevending til Russland i 1917. Andre er mindre sjølvsagde, men likevel viktige i historia om oppdagingar og økonomi: Balboas første glimt av Stillehavet, John Sutters oppdaging av gull i California og det lagnadstunge kappløpet mellom Scott og Amundsen mot Sørpolen.

Som eit litterært menneske var Zweig òg oppteken av stellare augneblinkar i kunsten: Händels «gjenoppståing» etter eit alvorleg slagtilfelle slik at han kunne skrive den udødelege Messias, den siste kjærleikshistoria som inspirerte Goethe til å skrive Marienbad-elegien, at Dostojevskij slapp unna avretting i siste liten, og Tolstojs merkelege død på Astapovo-stasjonen. Likevel er det til dei tre første lesaren vender attende.

Konstantinopels fall er, i forteljinga til Zweig, i hovudsak eit resultat av omsynslause overslag av den unge ottomanske sultanen, Mehmet erobraren. Den avgjerande sprekken i byens forsvarsverk var likevel resultatet av at ein ussel byport, Kerkoportaen, stod på gløtt av rein vanvare. «Det baud seg eit høve i ein blunk (...) den gløymde døra avgjorde verdshistoria.»

Napoleons endelege nederlag var resultatet av ei fatal nøling av marskalk Grouchy, som heldt seg til ordren om å forfølgje det prøyssiske 3. korpset i staden for (slik dei underordna trygla han om) å ri til Waterloo da kanondrønn varsla om kampens avgjerande augneblink. «I eitt sekund vurderer Grouchy det, og dette eine sekundet avgjer hans eigen lagnad, Napoleons lagnad og lagnaden til verda.»

Lenins retur til Russland var resultatet av ei enda større feilvurdering: overtydinga til den tyske øvstkommandoen om at bolsjevikrevolusjonen berre ville rive opp tsarimperiet, medan Tyskland òg var i hendene på soldat- og arbeidarråd i november 1918. «Ingen granat har nådd lenger og meir lagnadstungt enn det toget (...) lasta med hundreårets farlegaste og mest ihuga revolusjonære.»

Som jøde, pasifist, freudianar og paneuropear var Zweig det som dagens alt-right ville ha kalla ein «globalist». Han tok avstand frå både Lenins revolusjon og dei fascistiske motrevolusjonane som følgde – i Italia, Tyskland og hans eige Austerrike. I 1934 forlét han og kona hans Austerrike og drog til England. I 1940, da Hitler hadde framgang på alle frontar, flykta dei til New York, men valde å slå seg ned i Brasil heller enn i USA. I februar 1942 tok dei sine eigne liv saman, i fortviling over det dei trudde ville bli Europas framtid.

Ein viss type fantasilause historikarar insisterer gjerne på at det ikkje finst avgjerande augneblinkar i historia – at hendingar skjer ubønhøyrleg på grunnlag av sterke sosioøkonomiske krefter. Alle veit av eigne røynsler at dette er visvas. Der er avgjerande stunder; der er lagnadstunge synder av forsømming og ordrar. I kvart liv er det minst éin Kerkoporta, minst éin augneblink med grouchiansk nøling som endrar alt.

Det store spørsmålet denne sommaren er om den koreanske rakettkrisa vil bli president Donald Trumps Sternstunde – hans avgjerande historiske augneblink – eller ikkje. Den konvensjonelle visdommen er at retorikken hans for eit par veker sidan – trugsmålet om «eld og vreide», åtvaringa om at «militære tiltak er på plass, klappa og klare» – var enda eit prov på tankeløysa hans. Kan hende.

Men Trump handsamar ikkje denne krisa særleg annleis enn måten John F. Kennedy handsama Cuba-krisa på. JFK brukte òg røff tale. Samstundes brukte han diplomatisk og militært press, og synte at han var viljug til å ta verda til randa av krig om Sovjet ikkje trekte seg attende. Det er om lag det same Trump gjer no – eller gjekk du glipp av den samrøystes resolusjonen i Tryggingsrådet som ambassadøren hans, Nikki Haley, fekk gjennom den 5. august? Og eg ser ikkje noko som tyder på at den nasjonale tryggingsrådgjevaren eller forsvarsministeren hans har opponert mot det han sa.

Denne krisa er resultatet av at tre tidlegare presidentar var ute av stand til å hindre dei usle, totalitære leiarane i Pyongyang i å skaffe seg kjernefysisk materiale og rakettar. Ifølgje amerikansk etterretning har Kim Jong-un oppnådd det ekspertane trudde ville ta han fem år: Han har ein interkontinental rakett og eit atomstridshovud som er lite nok til at raketten kan bere det. Det er ikkje så mykje det at han vil sende ei atombombe mot San Francisco neste veke. Det er heller det at suksessen hans er eit signal til verda: Ikkjespreiingsepoken er over. Skaff deg atomvåpen, gå straffri!

Å konfrontere Kim er risikabelt, men ikkje så risikabelt som det var å konfrontere Khrusjtsjov og Castro i 1962, da ein tredje verdskrig verkeleg var mogleg. Dessutan, til forskjell frå i 1950, trur eg at Kina ikkje vil gripe inn dersom USA går til militær aksjon mot Nord-Korea, såframt USA ikkje freistar gjennomføre regimeendring og samling av Nord- og Sør-Korea.

Det er vanskeleg å ha tillit til ein president som er så impulsiv og så udisiplinert. Likevel, som Zweig forstod, treng du ikkje vere ein snill gut for å endre historia. Snarare er det kjenslevare typar som verkar vere dei som (til liks med Grouchy) går glipp av sine historiske augneblinkar.

Ingen veit korleis dette vil ende: stellar augneblink eller legendarisk mistak. Sosioøkonomiske krefter seier ikkje noko om det. Og det er grunnen til at leiarane i Kina for tida ikkje les Karl Marx, men Stefan Zweig.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid. Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Trump handsamar ikkje denne krisa særleg annleis enn måten John F. Kennedy handsama Cuba-krisa på.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis