JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Hundar på tynn is

– Vi flytta hundane våre på land for to veker sidan. Alle visste at isen ville bryte opp, seier fiskarane på kaia i den vesle bygda Uummannaq på Nordvest-Grønland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hundane må bergast i land før isen går i mai.

Alle foto: Ilona Wisniewska

4560
20170825
4560
20170825

Det er i slutten av mai, og havet har opna seg att etter fem månader og éin kraftig storm. Ikkje alle rakk å hente hundane. På det store isflaket kan ein sjå mørke punkt i rørsle. Folk er dregne ut til iskanten i eit forsøk på å berge dei skremde hundane som reiv seg laus frå lenkene tidlegare på dagen. Så snart båten nærmar seg, spring dei vekk, vidare utover på isflaket i drift.

Bygdefolket står stille og ser på ein daud hund som flyt forbi. Den kvite hunden flyt lågt i vasskorpa. Litt etter litt losnar den vesle klumpen av personar seg opp og ruslar heim att. Dei mørke, rørlege punkta er synlege dei neste par dagane. Inntil isen forsvinn heilt.

– Slik har vi det her, seier grønlendarane.

– Vi gir namn til visse, utvalde hundar.

På det frosne havet nordvest på Grønland kan ein sjå ei rad brune sirklar i isen utanfor busetnadene. Kvart hundespann er forankra til isen i ei kjettinglenkje, og kvar hund er festa til lenkja med tau. Eit par månader kvar vår står dei slik, om ikkje eigaren er på tur med hundespannet.

Hundane gjer frå seg ytst i sirkelen, så langt tauet rekk, og et deretter si eiga avføring. Ikkje noko går til spille.

– Då eg var ung, kasta vi matrestane ut vindauget. Hundane åt alt, fortel Uunnartoq, ein 75 år gammal fangstmann frå Saattut, ei bygd tre timar med hundespann unna Uummannaq.

– No brukar vi mykje meir plast, og vi et annleis.

Uunnartoq bur i eit lite hus utan avløp. Hundane hans får rikeleg med mat, og er tjukke og runde. Trass i at han òg køyrer snøskuter, brukar han alltid hundane på jakt. Skuteren bråkar. Selfangst krev stille.

Uunnartoq fjerna hundane frå isen alt for fleire dagar sidan. Snart skal han frakte dei med båt til ei øy der det ikkje bur folk. Den gamle fangstmannen smiler og seier at hundane fortener fridom i den korte, arktiske sommaren. Kvar andre dag bringar han nyfanga torsk til hundeøya.

Hundespann er framleis mykje i bruk. Grønlandske hundar åtvarar mot isbjørn, og dei er motstandsdyktige mot kulde og svolt. Den nære slektningen til ulven er ein reiskap, ikkje ein ven. Ingen har eit lett liv i denne verda. Menneska treng hundane så lenge dei brukast. Naturen er rå mot dyr og menneske.

Og alt har ein grunn. Som at aggressive kvalpar blir avliva, fordi dei ville ha øydelagt spannet. Hundespannet er eit lag, og ingen, ikkje minst mennesket, skal vere redde.

At hierarkiet menneske–hund blir bygt med kraft. Hundane blir sparka i ribbeina, ikkje i magen eller hovudet, fordi dei ikkje skal skadast. Dei må kjenne plassen sin på laget.

At hundane blir køyrde med pisk. Ein piskar hunden på den eine sida for at han skal svinge til motsett side. I vinterstormen er smellet frå pisken lettare å høyre enn menneskerøysta.

At hundane står på isen utan noko form for vern for at dei skal få så god pels som råd, som hjelper dei til å overleve vinteren.

At ein syr vottar eller bukser av hundepels. Og at døde hundar blir brende eller kasta på søppeldungen, saman med all plast, fordi Uummannaq ligg på ei tolv kvadratmeter lita øy utan mykje ledig plass.

Bygdefolket i Uummannaq hugsar at for nokre få tiår sidan åtte kvar einaste familie hundespann på Nordvest-Grønland. No finst det berre 1500 hundar i bygda med 1300 menneske. Grønland er eit moderne land der berre utsynet frå vindauget fortel at vi ikkje er i sentrum for store hendingar. Også denne verda akselererer, og alt anna må følgje med. Som at fisk til Royal Greenland-fiskebruket blir levert med snøskuter fordi hundane spring for seint.

I dag er det berre lengst nordvest på Grønland, i Thule-regionen, at storleiken på hundespannet viser sosial status.

Her, 1000 kilometer lenger sør, er det annleis, sjølv om små gutar framleis lærer å køyre hundespann. Born med pisk er eit vanleg bilete i gatene i Uummannaq.

Til hausten gir Uunnartoq hundane sine til ein ungdom han har overført all kunnskapen sin til. Fangstmannen vedgår at han dei siste åra er blitt mindre merksam, og at hundane kjenner at han er svakare. Uunnartoq er pessimistisk. Han trur at med tid og stunder vil det ikkje lenger finnast trekkhundar att i bygda. Dei kjem til å forsvinne med isen som kvart år smeltar raskare.

Ilona Wisniewska

Ilona Wisniewska er forfattar og frilansjournalist.

Ho har budd tre månader på Grønland, stort sett i Uummannaq, der ho har arbeidd friviljug
og samla stoff til ei ny bok.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Born med pisk er vanleg i gatene i Uummannaq.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis