Klauvròte
Godt klauvstell er viktig for sunne føter og god dyrevelferd.
Foto: Per Magne Grue / Musea i Nord-Østerdalen
Våren kjem som vanleg brått på her nord. Snart skal dyra som har stått heile vinteren inne i fjøset, endeleg få sleppa ut på beite. Difor er det no også tid for klauvstell. Sunne og velstelte klauver er viktig for at dyra skal kunne vandre sutlaust rundt på sommarferie, anten dei skal nyte det friske livet på fjellet eller rusle roleg rundt på mjuke, grøne beitemarker.
Storfe, sau og geit er alle klauvdyr. Felles for klauvdyra er at dei har fire tær på kvar fot, men går berre på to av dei (nr. 3 og 4), medan dei to andre tærne (nr. 2 og 5) er reduserte til mindre klauver (biklauver) som sit litt lenger oppe på foten. Sjølve klauvene er hornkapslar av same type som neglene våre eller klørne til rovdyra, dei er både fleksible og slitesterke og har ei utforming som er spesialtilpassa det livet dyra var tenkt å leve i naturen.
Klauvhornet veks frå kronranda (overgangen mellom hud og klauv) og nedover, med ein fart på om lag ein halv centimeter i månaden. I naturen går dyra ute heile dagen, og dette slitest ned av seg sjølv. For husdyra våre er regelbunden klauvskjering viktig for dyrevelferda; rett lengd og form på klauva er viktig for å kunne gå, leggje og reise seg naturleg. Difor bør gardbrukaren stelle klauvene minst to–tre gonger i året og undersøkje alle dyr seinast ein månad før beiteslepp. I tillegg må klauvene alltid sjekkast på dyr som haltar.
Før skar vi klauvene på kyrne med hovkniv, på same viset som på hest, men det mest brukte utstyret i dag er ein vinkelslipar med spesialskive for klauvskjering. Med sau og geit er det litt enklare, det viktigaste utstyret er som regel ei god klauvsaks, men reiskapane kan dra med seg bakteriesmitte og må anten høyre til i besetninga eller bli grundig reingjorde og desinfiserte før det blir flytta mellom fjøsa.
Fotròte
Hos sau og geit over store delar av verda er smittsam klauvbetennelse, eller fotròte, eit vanleg problem. Skurken i denne historia er aggressive variantar av bakterien Dichelobacter nodosus. Dichelobacter finst i fleire ulike variantar, mange er heilt ufarlege og truleg ein del av det naturlege mikrobelivet på huda. Men der det kjem aggressive bakteriar inn i besetninga, vil dyra bli sjuke og få vondt i føtene etter berre eit par veker.
Skadane kan vere alt frå små sår i klauvspalta til heilt ròte og øydelagt hornvev. Dette er sjølvsagt vondt, og sjuke dyr vil bli tydeleg halte og ha vanskar med å bevege seg normalt. Bakterien kan overleve lenge i klauvene hos infiserte dyr og kan truleg også halde seg levande lenge i fuktig djupstrø (talle), medan smitten forsvinn etter berre to veker ute på beite eller i tørt miljø som på golv av strekkmetall.
I Noreg vart den farlege fotròten oppdaga i Rogaland i 2008, og etter det har næringa starta med eit systematisk overvakingsprogram. I byrjinga var det ikkje mogleg å skilje mellom dei ufarlege og dei aggressive variantane, men dagens metodar er betre og undersøkingane dei siste åra har heldigvis synt at farleg smitte så langt er avgrensa til nokre få besetningar.
Digital dermatitt
Digital dermatitt er ein klauvinfeksjon hos storfe som vart oppdaga første gong i Italia i 1974, men som no er vanleg over store delar av verda. I Danmark reknar dei med at smitten finst i alle storfebesetningane, og at om lag 20 prosent av mjølkekyrne er infiserte. I Noreg oppdaga vi digital dermatitt første gong i 2001, og ti år seinare var sjukdomen påvist i meir enn 1300 mjølkekubesetningar.
Lidinga startar ofte som betennelse i klauvspalta eller i huda opp mot dei mindre biklauvene. Dei same bakteriane som er vanlege hos sau, kan òg dukke opp her, men hos storfe er det bakteriar av typen Treponema som står for brorparten av problema. Dette er spirocheter, eller spiralforma bakteriar, med spesielt god evne til å trengje djupt ned i vevet. Innfallsporten er gjerne små sår eller skadar, men dei kan også angripe ved å lage betennelse i hårsekkane eller feittkjertlane i huda. Såra blir fort djupe og smertefulle, kyrne haltar og vil i alvorlege tilfelle få redusert matlyst og mjølkeproduksjon. Det er ingen sikker behandling mot desse infeksjonane, og er sjukdommen komen inn i besetninga, er det mest uråd å bli kvitt han igjen.
Å halde miljøet i fjøset tørt og reint og å unngå smitte mellom dyr er viktig. Det er nok difor auka bruk av lausdriftsfjøs kan vere med på å drive fram denne typen sjukdommar. I gangareala mellom liggjeplassane trør kyrne mykje av tida i urin og avføring, noko som løyser opp hornvevet i klauvene og huda i klauvspalta.
Desse klauvlidingane hos husdyr er også gode døme på kva som skjer når levande dyr blir ei internasjonal handelsvare. Når vi så ofte finn problem med sår, bakterieinfeksjonar og ròtne klauver hos husdyr over store delar av verda, er det ikkje berre på grunn av førekomst av spesielt aggressive bakteriar, men like mykje ein kombinasjon av manglande klauvstell, dårleg miljø og stadig flytting av dyr og smitte mellom besetningar og land.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.