JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

🎧 Kyrkjestriden

SIENA: Krigane mellom italienske bystatar blei utkjempa med våpen og skjold, men òg med hammar og meisel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Santa Maria Assunta i Siena var den fyrste av dei store gotiske domkyrkjene i Toscana. Dei store runde bogane lengst bak i biletet er del av det som skulle blitt til hovudskipet i den nye kyrkja.

Foto: Matthias Kabel

12123
20200703

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.

Siena

Provinshovudstad i Toscana med 55.000 innbyggjarar

Heitte Saena Iulia i romersk tid

Blei fri bystat på 1100-talet

Kom under hertugdømmet Toscana i 1559 og blei del av kongeriket Italia i 1861

Har eit eineståande einskapleg gotisk bybilete

Lytt til artikkelen:

«I året 1003 hende det at ein i heile verda, men framfor alt i Gallia og Italia, byrja å byggja nye kyrkjer, sjølv om mange framleis var godt brukande og ikkje trong reparasjon. Det var ei tevling mellom byane; verda reiv dei gamle kleda sine av kroppen for å kle seg i kyrkjas kvite klede.» Dette, som den franske benediktinarmunken og kronikøren Rudolf Glaber (985–1047) skreiv i samtidshistoria Historiarum, uttrykkjer den nye ånda som fór over verda hans etter tusenårsskiftet.

Denne ånda avla monumentalkyrkjer som har stått i nærare 1000 år, enten i si opphavlege form eller som kjernen i seinare bygg. I Toscana byrja det heile i 1063 med domkyrkja i Pisa (kyrkja med det skeive tårnet). Storleiken, dei klassiske detaljane og dei kvitkledde marmorveggene skulle bli førebiletet for ei rekkje andre kyrkjebygg i denne delen av Italia, mellom anna i Siena.

Stendig rivalisering

For Siena kom overgangen frå hierarkisk føydalsamfunn til kommunalt handelssamfunn i byrjinga av 1100-talet. Sienesarane var blitt rike og sjølvsikre – dei oppnemnde konsular og tvinga adelsfamiliane til å sysla med handel innanfor bymurane, slik som dei sjølve. Men rikdom og sjølvstyre var ikkje nokon garanti for fred. Dei nye italienske bystatane, som enten stødde paven eller keisaren, låg i stendig rivalisering om landområde og trafikknutepunkt; dette var avgjerande for å sikra seg landbruksprodukt og tollfridom.

Sjølvsagt var dette òg ein prestisjekamp, og den blei ikkje berre avgjord på slagmarka. «Tevlinga», som Rudolf nemner i krønika si, var ein krig utkjempa med hammar og meisel, der arkitektane tok plassen til generalane og steinhoggarane fungerte som fotsoldatar. Og her eg står på Sienas domkyrkjeplass, har eg det fremste resultatet av denne striden framføre meg: Cattedrale Metropolitana di Santa Maria Assunta.

Marias himmelfart

Natta har etterlate seg ei tjukk tåke denne morgonen, så tett at eg knapt skimtar toppen av det for Toscana så typiske sebrastripete klokketårnet mest 80 meter der oppe. Duene får pikka i seg gårsdagens smular i fred, for ute på plassen er der berre to soldatar. Dei har parkert jeepen i eit hjørne ved erkebispegarden og inntatt det som synest vera standard dvalepositur for italienske soldatar, med hendene stukne innunder den skotsikre vesten ved brystet.

Sienesarane har alltid vore opptekne av korleis byen framstår for framande. Dei detaljerte byggjeforskriftene frå stordomstida i mellomalderen tyder på at dei ville ha ein einskapleg by, utført i den gotiske stilen som framleis dominerer bybiletet. Spesielt høgt held dei domkyrkja si, som er reist på eit høgt fundament på den høgaste av dei tre høgdene som utgjer gamlebyen. Dette arkitektoniske framhaldet av landskapet oppover harmonerer med det ho er vigd til, Santa Maria Assunta, «Marias himmelfart». For hjå katolikkane er det eit dogme at då livet hennar her på jorda var slutt, tok Gud henne opp i himmelen med både sjel og lekam. Dette himmelstrevande blir ytterlegare framheva av klokketårnet, som har seks etasjar med vindauge. Talet på vindauge aukar nemleg suksessivt for kvar etasje oppover – frå eitt vindauge i fyrste høgda til seks i den sjette.

Tidleg ute

Dette var den fyrste av dei store gotiske katedralane i Toscana, og den fyrste i heile Italia som har ein skulpturprydd vestfasade av typen me kjenner frå den franske gotikken. Men ser me etter, merkar me at dette ikkje er eit reint gotisk bygg. Det har nemleg gjennomgått fleire byggjefasar. Den fyrste kyrkja blei truleg reist her på 800-talet. Om denne var av det slaget broder Rudolf meinte «framleis var godt brukande og ikkje trong reparasjon», veit me ikkje, men ho blei i alle høve erstatta av ei ny og prektigare kyrkje i 1179. Konstruksjonen av det som er kjernen i den noverande kyrkja, tok så til kring 1215.

Eg stig opp dei elleve trinna mot inngangen; opphavleg skal det ha vore tolv, jamfør talet på apostlar, men gatenivået har vel her som i resten av Italia heva seg gjennom åra.

Sienas edlaste

Inne er det dimt, mørkare enn i dei gotiske katedralane nord for Alpane som plar ha mykje større vindauge. Søylene og veggene er kledde med marmorplater i det same sebrastripete mønsteret som på utsida, med med endå tettare striper, noko som gjev alle flater ei underleg rørleg yte. Arkaderekkjene som skil hovudskipet frå sideskipa, er romanske, med runde bogar borne av pilarar forma som søyleknippe. Saman med den sekskanta kuppelen er dette den eldste delen av kyrkja frå byrjinga av 1200-talet. Den gotiske andreetasjen, som har rekkjer med spissbogevindauge, kom til i hundreåret etter.

Framme til venstre, mellom kuppelen og koret, finn eg eit av dei eldste og edlaste klenodia i heile Siena: Den overdådig skulpturerte marmorpreikestolen som Nicola Pisano (ca. 1215 – ca. 1280) laga i 1260-åra. Nicola blir gjerne rekna som grunnleggjaren av den toskanske bilethoggarskulen. Den klassiske, naturalistiske figurstilen hans, som er inspirert av relieffa på romerske sarkofagar, markerer nemleg byrjinga på skulpturtradisjonen som seinare kulminerte med renessansemeistrar som Michelangelo.

Omsorgsfulle løvinner

Kva er det me ser? Den åttekanta preikestolen står på ni søyler av ulike marmortypar. Halvparten av yttersøylene er borne av løver. Desse fylgjer tradisjonelt kjønnsrollemønster: to aggressive hannløver med bytte i kjeften og to omsorgsfulle holøver med løveungar mellom beina – meister Nicola kunne ikkje vita at det i røynda er løvinnene som står for både barnepass og leier jakta i Afrika.

Med søyla i midten forlèt me dyreriket og trer inn i den lærde verda. For denne kviler på personifikasjonen av Filosofien, omgjeven av personifikasjonar av antikkens septem artes liberales, dei sju frie kunster. Desse består av dei tre triviale kunstene (grammatikk, logikk og retorikk) og dei fire kvadriviale kunstene (geometri, aritmetikk, astronomi og musikk – ja, musikken blei faktisk rekna som ein matematisk disiplin den gongen). Dette var den fyrste gongen dei sju frie kunstene blei avbilda i italiensk bilethoggarkunst, endåtil i ein liturgisk samanheng, noko som er blitt tolka som teikn på ein ny, intellektuell tilnærmingsmåte til kristentrua.

På dei planteprydde søylehovuda, som ber såkalla trepassbogar (samansette av tre sirklar), står ei ny rekkje allegoriske figurar, denne gongen både antikke og kristne: Dei fire kardinaldygdene som blei formulerte av Platon (visdom, rettferd, måtehald og mot), og dei tre teologiske me kjenner frå Paulus’ fyrste korintarbrev (tru, von og kjærleik). Og størst av dei er Kjærleiken, kvinna som ber krone og held eit flammande overflodshorn i fanget.

Marias hofter

Men desse figurane har noko stivt ved seg, om me jamfører med dei i det øvste feltet kring sjølve preikestolen. Menneskemylderet trugar her med å bryta ut av dei arkitektoniske rammene. Desse relieffa, som syner scener frå Jesu fødsel til dommedag, dveler eg lenge ved, men i venleik kan ingen ting måla seg med Maria-skulpturen på eitt av hjørna. Han syner korleis Nicola her er i ferd med å forlata den noko harde, romanske stilen og nærme seg gotikkens oversanselege eleganse. Draperinga kring Marias kropp heng livaktig ut i rommet, og under dei djupe foldene anar me konturen av brysta, hoftene og knea.

Var det så verkeleg Nicola Pisanos meisel som forma denne herlege Maria-figuren? Kunsthistorikarane er ikkje heilt sikre, for med seg til Siena hadde han eit arbeidslag, mellom anna sonen Giovanni Pisano (ca. 1250–1320). Og det var Giovanni som i 1290-åra tok fatt på den nedste delen av vestfasaden, den med dei tre portalane. Korleis ein slik nymotens gotisk skulpturfasade skulle sjå ut, visste han godt, for katedralane i Paris og Reims hadde han truleg sett med eigne augo.

Lurvete profet

Kyrkjerommet er fylt med kunst frå dei fleste stilepokar. Golvet, som har marmorintarsiaer (steininnfellingar i ulike fargar) med verdslege og bibelske scenar, er eit eineståande kunstverk i seg sjølv. Inntrykk gjer òg bronsestatuen «Døyparen Johannes» (ca. 1455), som er eit moge verk av tidlegrenessansens store meister Donatello (ca. 1386–1466). Denne syner dommedagsprofeten i ei uvanleg lurvete kamelhårskappe, nærast som ein uteliggjar. Då Donatello leverte statuen til Siena, mangla der ein arm – eit tydeleg signal om at honoraret hans var luse.

Den unge Michelangelos (1475–1564) statuar av Peter og Paulus har det vakre, yndige som kjenneteiknar dei tidlege verka hans. Men Paulus’ energiske hender, måten han held oppe den side kutta si på, uttrykkjer alt noko av den krafta som seinare skulle prega den monumentale David-statuen hans i Firenze.

Ekte schwung har Gian Lorenzo Berninis (1598–1680) barokke marmorstatuar av helgenane Maria Magdalena og Hieronymus (ferdig 1663). Merkverdig er måten Hieronymus her held korset opp mot kinnet på, liksom lyttande, med lukka augo og open munn – slik held ein fiolinist instrumentet sitt når han skal stemma det.

Spretne rumper

Men det eldste enkeltkunstverket finn eg i «Piccolomini-biblioteket»: den antikke romerske skulpturgruppa «Dei tre gratier» av gudinnene for venleik, ynde og glede. Ei sidekapellaktig dør i det nordre sideskipet fører rett inn i biblioteket, som blei bygt i 1495 for å hysa boksamlinga til pave Pius II. Og det fyrste som møter ein her, er tre grasiøse damerumper av marmor. Pius II var ein rennesansehumanist av rang, forfattar av alt frå geografiske verk til erotiske komediar. Men seinare epokar var mindre frilyndte enn renessansen, difor har dei nakne damene i fleire periodar vore bortviste til museum. Sidan 1970-åra smykkar dei atter pavebiblioteket, denne gongen solid fastbolta i golvet.

Det siste eg lyt få med meg, er eit kuriosum som ikkje er heilt lett å finna. Etter litt leiting oppdagar eg det, under kuppelen: to stolpar av tre, sikkert 15 meter lange, som er bolta fast i kuppelpilarane med jernringar. Dette er stengene sienesarane festa bannera sine i under slaget ved Montaperti nokre kilometer aust for byen i 1260, då dei vann sin største siger over erkerivalen Firenze. Men rivaliseringa heldt fram òg i hundreåra etter og enda til sist med Firenzes sluttsiger. I 1555 måtte Siena kapitulera militært, og byen blei fire år seinare underlagd Firenze, som var blitt hovudstaden i det Medici-styrte hertugdømmet Toscana.

Duomo Nuovo

Og den arkitektoniske rivaliseringa, korleis enda ho? Det dreidde seg om å ha den største domkyrkja. Difor vedtok kommunen Siena i 1339 å utvida katedralen til det som skulle bli verdas største kyrkje. Hovudskipet i den gamle (den som står i dag) skulle då fungera som tverrskip i den nye kyrkja, og denne ville ha blitt mest dobbelt så lang som den gamle. Men det tok ikkje mange år før pest og svikt i bygningsfundamenta sette ein stoppar for dette babelske tårnet i horisontal form.

Med sine knapt 90 meter kan ikkje Sienas domkyrkje måla seg med den 153 meter lange domkyrkja i Firenze. Hadde det derimot dreidd seg om ein venleikskonkurranse, ville eg ha stemt på Siena, ikkje minst på grunn av den unike gotiske vestfasaden; vestfasaden me ser i Firenze i dag, er nygotisk fake frå 1800-talet.

På eitt punkt trekte uansett Siena det lengste strået, sjølv om det skulle ta fleire hundre år før dette blei klart: Det tomme skalet til det som framleis blir kalla Duomo Nuovo («Nyedomen»), er Italias prektigaste parkeringsplass, flankert av skyhøge, marmorkledde arkadar og sideskip med krysskvelv – endåtil i sebrastriper.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Under draperinga anar me konturen av brysta, hoftene og knea.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis