FIKTIVT
–
Kva med gleda, då, Jonas?
– Gleda? Ja, kva med henne?
– Kva vil du ha for å bli glad?
– Kva eg vil ha for å bli glad?
– Ein ny handelsavtale, kan hende?
Jonas skjønar kor eg vil, men ristar fort på hovudet.
– Reint fleirtal etter 11. september, seier han.
– No må vi halde oss på landjorda, kompis. Noreg er ikkje eit land for reine fleirtal, det veit du.
– Men eg har ein draum, seier Jonas.
– Ja, seier eg. Vi har alle den draumen. Men kva med ei pølse i staden? Fersk frå Meny. Eg har ketsjup frå USA og sennep frå Frankrike. Verda er kan hende polarisert, Jonas, men ikkje wieneren din.
Han tek imot. Liten bit først. Så ein stor.
– Godt?
– Mhm.
Han tygg. Ser plutseleg tankefull ut. Som om han kom på noko grådig lurt.
– Dmu hdr høylt hisgonia im onas a pkdvadlen?
– Ikkje med mat i munnen, kompis.
Jonas svelgjer unna.
– Du har høyrt historia om Jonas og kvalen?
– Det har eg nok.
– Han som blei kasta over bord i eit vilt uvêr og slukt av ein kval.
– Han kunne ikkje symje, legg du til.
– Nei. Men han overlevde. Og veit difor korleis det er å vere innesperra i udyr. Det er ei erfaring eg deler med namnebroren min.
– Viser du til medlemskapen i Høgre no?
Jonas svarar ikkje.
– Eller berre det å vere ein folkevald?
Jonas svarar ikkje.
– Åkei, men du kan symje, sant, Jonas? Til forskjell frå den andre Jonas. Stilte ikkje du til partileiardebatt i 2016 ein gong i badebukse? Kom du rett frå kvalen, då? Er det inni han du preppar?
Jonas svarar ikkje.
– Ikkje noko å skamme seg over, i alle fall. Men eg meinte ikkje noko ilt her, altså. Eg veit korleis livet kan balle på seg. Og eg ville bare høyre om det var noko, kva som helst, som kunne bøte litt på.
Jonas svarar enno ikkje. Kanskje tenkjer han.
– Hugsar du då Jensen kalla deg ein tåkefyrste? seier eg.
Jonas nikkar.
– Eg ville berre få sagt at utan tåka hadde vi gått glipp av mykje av den største litteraturen og dei største målarstykka opp gjennom. Kan du tenkje deg Turner utan eit tåkehav? Kan du tenkje deg Whistler? Og kor mykje av den krimen Jensen sikkert er så glad i, hadde funnest, trur du, utan tåke i gatene?
– Du seier noko, seier Jonas.
– Bann på det, seier eg.
Vi freistar eit smil.
– Og veit du forresten kva tåke er for noko? Bokstaveleg talt, altså.
Jonas ser på meg.
– Bokstaveleg talt er tåke berre ei sky som har fått kontakt med bakken. Ei sky med bakkekontakt, heilt enkelt. Og det er vi vel glad i? Bakkekontakt?
Jonas nikkar ivrig.
– Bakkekontakt er viktig. Eg vil at folk skal forstå meg, og eg opplever jo at eg blir det. Forstått. Der ute. Blant andre.
– Det er på bakken du må for å bli glad?
– Ja.
– Som ei sky.
– Ja.
– For every cloud engenders not a storm, som Shakespeare skriv.
– Ja, seier Jonas. Eller nei?
– Nei, ja.
Nils-Øivind Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.