Legenda om hammaren
Med sin sans for store forteljingar skapte kyrkja ei legende om Luther med hammaren, som ein katolikk skreiv om.
Mange har måla Luther med hammaren ved kyrkjedøra i Wittenberg. Ein av dei få som gjekk tett på hovudpersonen, var Ferdinand Pauwels i 1872.
Luther-tesar 2017
Verdslege notisar om
Martin Luthers liv og verknad av Ottar Grepstad.

Så seier soga: Laurdag 31. oktober 1517 gjekk Martin Luther beine vegen heimanfrå vestover dagens Collegienstrasse og Schlosstrasse til slottskyrkja i Wittenberg. På kyrkjedøra slo han opp 95 tesar på latin mot at folk kunne kjøpe seg fri frå syndene sine. Den nærmaste medarbeidaren hans var Philipp Melanchthon. Han tidfesta i 1546 den skilsetjande hendinga til dagen før helgemesse. Klokka var 12.00, la einkvan til seinare.
Forteljinga hamna på folkemunne, og frå 1697 tok bildekunstnarar til å vise det som for mange var Luthers slag mot mellomalderen. Han stod der gjerne med ein liten flokk, lik Jesus med læresveinane. Tesane var den første ekstrautgåva av verdshistoria, meinte kulturhistorikaren Egon Friedell.
Utover på 1800-talet etablerte den lutherske kyrkja si store forteljing om hammarslaga som utløyste reformasjonen. Historia var gudsens sanning, og så sann at tesane blei støypte inn i ei ny bronsedør på slottskyrkja i 1858.
Til denne delen av verda kom tvilen i 1957. Datoen kunne vere feil. Fire år seinare gjekk den katolske kyrkjehistorikaren Erwin Iserloh til kjeldene i ei elegant forelesing ved universitetet i Mainz. Kronvitnet Melanchthon var ikkje i Wittenberg i 1517. Han hadde ikkje sett noko som helst, og forteljinga til eit påstått augevitne var feilomsett. «Tesane blei ikkje slått opp», sa Iserloh og reiv legenda i småbitar.
Seinare viste det seg at Luthers sekretær Georg Rörer hadde nemnt hendinga i eit nytestamente frå 1540. Heller ikkje han var på rett stad i 1517, og det han skreiv, stemmer ikkje med det Luther sjølv hadde sagt om saka.
Den oktoberdagen sende Luther eit privat brev med dei 95 tesane som vedlegg til erkebiskopen av Magdeburg-Mainz og biskopen av Brandenburg. Luther nemnde aldri at han hadde slått opp tesane på kyrkjedøra, men framheva ved fleire høve at han hadde vendt seg direkte til sine overordna. Han ville ikkje diskutere saka offentleg før biskopane hadde svara. Dei oversåg han.
Då hadde Luther alt mista kontrollen over sin eigen tekst. Avskrifter i plakatform blei spreidde i Nürnberg alt før jul. På få månader var tesane trykte på tysk i mange opplag, innan to år også på dansk, nederlandsk og tsjekkisk. I staden for open diskusjon hamna Luther i ein strid med kyrkjemakta i Roma som ikkje kunne vinnast med skrift åleine.
For katolske Iserloh handla det om kunnskap, ikkje tru, og den evangeliske kyrkja streva med mange spørsmål ved delinga av Tyskland. Då uroa hadde lagt seg, blei derfor Luthers ord og lære viktigare enn Luthers hammar og slag.
Etter meir enn 300 vitskaplege artiklar drøftar fagmiljøa framleis slaga, men det tyske Luther-jubileet har lagt bort hammaren. Den norske jubileumsavdelinga bytte til slutt barnetrua ut med at «i 2017 er det 500 år sidan Martin Luther formulerte dei 95 tesane sine mot avlatshandelen».
Den protestantiske kyrkja har skrive om si eiga tilblivingshistorie, og gitt den katolske reformisten rett.
Ottar Grepstad
Neste veke: Den første bestseljaren
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.