Team Trump er blitt reine Reservoir Dogs
Medan maktkamp fortærer Washington, sluker teknologien amerikanske arbeidsplassar.
Trass i det desperate strevet til majoritetsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, kunne Senatet ikkje eingong samle seg om eit lovframlegg om å fjerne berre delar av Obamacare.
Foto: Aaron P. Bernstein / Reuters / NTB scanpix
Det var på denne tida i fjor det først gjekk opp for meg at det amerikanske presidentvalet var eit val mellom to akronym frå andre verdskrigen: snafu («situation normal, all f***** up» (situasjonen er normal, heilt forjævlig)) og fubar («f***** up beyond all recognition» (forjævlig over all forstand)). Når alt kom til alt, stod amerikanske veljarar framfor eit val mellom ein kandidat som personifiserte den politiske status quo under ein arrogant og isolert liberal elite, og ein kandidat som lova brot med status quo. Med Hillary Clinton var ein viss på at lite ville bli endra. Med Donald Trump var det sjanse for mange endringar, med fare for at dei ville vere til det verre. For tolv månader sidan demra det for meg at det kunne vere tilstrekkeleg mange veljarar som var viljuge til å røyste på Trump, fullt på det reine med at resultatet kunne bli fubar.
Sidan valsigeren til Trump har eg freista symje motstraums i høve til den liberale opinionsbølgja. Di meir kommentatorane har proklamert at tyranniet og republikkens endelykt var undervegs, di meir har eg freista hevde at Trump-administrasjonen høyrer trygt heime i tradisjonen til amerikansk populisme. Di meir journalistane har skrike «Watergate», di meir har eg freista syne at Trump ikkje er Richard Nixon. Med si dynastiske innstilling og sin tvilsame personlegdom har eg peika på at han minner meir om John F. Kennedy.
Målet mitt har ikkje vore å forsvare Trump, men heller å gjere sjølvmotseiingane til kritikarane tydelege. Denne veka er likevel tida komen for dei dårlege nyheitene til alle som røysta på Trump. De ville ha endringar. Det fekk de. Men resultatet er eit politisk system som eg no offisielt kan attestere som f***** up beyond all recognition. Dette er ikkje politikk. Dette er fubatikk.
For sju månader sidan kunngjorde speakeren i Representanthuset, Paul Ryan, «alle tiders sjanse» for republikanarane. Partiet hadde endeleg fått «samla regjeringsmakt», det vil seie kontroll over både Det kvite huset og Kongressen, og var budd på å gjennomføre eit program for nye lover som ville skape djuptgripande endringar: oppheve og erstatte Barack Obamas hata Affordable Care Act (Obamacare), omfattande skattereformer og fjerning av tyngjande reguleringar av økonomien.
Men trass i det desperate strevet til majoritetsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, kunne Senatet førre torsdag ikkje eingong samle seg om eit lovframlegg om å fjerne berre delar av Obamacare. Same veka gav republikanarane opp all von om å få vedteke lovframlegget som ville gjere det mogleg å få til permanent reduksjon av selskaps- og inntektsskatt. Når det gjeld deregulering, var det òg veka då Steve Bannon, presidentens sjefstrateg, vart sitert på at han ønskte å regulere Google og Facebook til liks med andre offentlege gode.
Stopp ein hal. Akkurat no er Google og Facebook gratis. Derimot betaler eg hundrevis av dollar kvar månad til dei tenestene som forsyner heimen vår med gass, elektrisitet og vatn.
Fubatikk gjer med politikken det same som humor gjer med nyheiter. Heilt sidan amerikanarane byrja få politikken sin frå humoristar som Jon Stewart og Stephen Colbert, har det vore fare for at politikarane ville svare med å skaffe taleskrivarane sine materiale til tull. Vi har nådd det punktet no.
Førre onsdag sa den nyutnemnde kommunikasjonsdirektøren i Det kvite huset, Anthony Scaramucci, til ein journalist i The New Yorker at stabssjefen, Reince Priebus, var en «jævla paranoid schizofren».
«Det eg ønsker å gjere», heldt han fram, «er faen meg å drepe alle desse som driv med lekkasjar, og få presidentens agenda attende på sporet». På Twitter hevda han at Priebus var skuldig i det «brotsverket» å leke detaljar om finansane hans. Fredagen var Priebus borte. Førre vekas offer var pressesekretær Sean Spicer. Denne veka forsvann Anthony Scaramucci òg. Nestemann på Trumps dødsliste: justisminister Jeff Sessions.
Samla regjeringsmakt? Desse folka er samla på same måten som skodespelarane i Reservoir Dogs vart samla. Eller kan hende Goodfellas. («Du synst eg er helvetes vittig?»)
Samstundes, i Silicon Valley, går arbeidet med å gjere dei fleste amerikanarar – og dei fleste menneske – arbeidslause så småningom framover. Om du ikkje bur i Nord-California, er det sannsynleg at du trur det vil gå tiår før sjølvkøyrande transportmiddel vil dominere transportsektoren.
For eit par veker sidan kunngjorde Michael Gove, miljøvernministeren, at salet av nye diesel- og bensinbilar ville bli forbode i Storbritannia innan 2040, for å oppmuntre folk til å kjøpe elbilar. Dette er nok å undervurdere Elon Musk, grunnleggjaren av Tesla, for ikkje å snakke om dei etablerte bilprodusentane som kappast med han om å bringe elbilar inn på massemarknaden. Uroa til Gove over dieseleksos minner meg om leiaren i The Times som i 1894 åtvara om at i midten av det 20. hundreåret ville kvar einaste gate i London vere gravlagd under tre meter med hestemøkk.
Trass i overtydande prov om at teknologiske endringar kjem med aukande fart, er vi menneske kronisk elendige til å føreseie den økonomiske framtida vår. Ifølgje American Trucking Association vil talet på jobbar for lastebilsjåførar vere 21 prosent høgare i 2020 enn i 2010. Men sjølvkøyrande bilar er alt på vegen i mange amerikanske delstatar. Tesla Model S-en som tar meg til flyplassen, er utstyrt med autopilotinnstilling.
Det er 3,5 millionar profesjonelle lastebilsjåførar i USA. Men sanninga er at dei sit på same plassen som hestekuskar ein gong gjorde: på randa av arbeidsløyse.
Og dei er ikkje aleine. Nesten helvta av jobbane i USA står i fare for å bli automatiserte vekk i løpet av eit tiår eller to, om ein skal tru Carl Frey og Michael Osborne ved Oxford-universitetet. Om arbeidslivet globalt vart det nyleg slått fast av McKinsey Global Institute at «halvparten av dagens jobbar kan vere automatiserte innan 2055, men det kan skje opptil 20 år tidlegare».
Trump-veljarar trudde det var globalisering som øydela dei gode jobbane i amerikansk arbeidsliv. I røynda var det globalisering og teknologi. No gjer teknologien seg klar til å øydeleggje dei ikkje-fullt-så-gode-jobbane òg.
Som ekspert på økonomisk historie klamrar eg meg til håpet om at dagens spådomar om den trugande overflødiggjeringa av menneska – til liks med spådomar i tidlegare stadium av industrialiseringa – vil syne seg å vere urette. Som lesar av Dostojevskis Opptegnelser fra et kjellerdyp ventar eg òg at det vil bli meir kamp mot automatiseringa enn Silicon Valley trur. Dette er grunnen til at Google og Facebook er dei nye måla for populismen til Bannon.
Laurdag kveld såg eg på son min som opprømt leika med ein leikerobot kalla Robosapien. Action Man-figuren vi gav han til jul, ligg stuva vekk i gløymsle. Brått kjende eg eit slag slektskap med den stakkars skrota dokka.
Det som går føre seg i Washington, er komediepolitikken til ei uroleg tid. Men di meir merksemd vi gjev @realDonaldTrump på Twitter, di mindre gjev vi til den økonomiske revolusjonen som skjer overalt rundt oss. Framtida tilhøyrer robotikk, ikkje fubatikk.
Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Målet mitt har ikkje vore å forsvare Trump, men heller å gjere sjølvmotseiingane til kritikarane tydelege.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.