JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4341
20170922
4341
20170922

Hausten er i kjømda, og bortsett frå å slåst med vindmøller, er det lite som gjev mindre meining enn å kjempa imot årstidene. Sjølv set eg stor pris på hausten. Når det regnar sidelengs og bles nordavind frå alle kantar, treng ein ikkje leita etter ei unnskyldning for å klatra opp i godstolen. Det er tida der ein med godt samvit kan finne fram eit pledd og ei bok og berre forsvinna inn i litteraturen. Det er vel ein grunn til at det heiter «bokhaust».

Om lesarane føretrekkjer å varma seg på kaffi, te eller ein toddi i godstolen, er ikkje noko boklækjaren skal blande seg i, men eg er ikkje i tvil om kva løysingsforfattaren denne gongen ville valt. Det vert sagt om Voltaire at han drakk 30 koppar kaffi om dagen, og at han skal ha sagt: «Kaffi må i sanning vere ei langsamt verkande gift, for eg er 84 og enno ikkje daud.» No vart Voltaire aldri 84 år, men likevel.

Gunder Runde kan sin Candide, og skriv: «Ja, dette er ein av mine favorittar innanfor den franske boksoga, nemleg Candide (dvs. den truskuldige) av Voltaire (som eigentleg heitte Francois-Marie Arouet). Voltaire levde frå 1694 (fødd same året som Brorson) til 1778, og romanen Candide kom ut i 1759. Voltaire høyrer til i den såkalla opplysningstida, og er nok den viktigaste av forfattarane frå denne tidsperioden (saman med Rousseau og Montesquieu). Han har ein enorm produksjon, han skreiv både poesi, drama, historiske verk og filosofiske skrifter, og romanen Candide er rekna som ein del av hans filosofiske verk. Han var sterkt kritisk til kristendomen, og mellom anna av den grunn sat han i fengsel i Frankrike i to periodar (1717 og 1725–26). Candide er ein del av hans religionskritiske verk. ’Læraren’ til Candide, Pangloss, forfektar at jorda er ’den beste av alle verder’. Jordskjelvet i Lisboa i 1755, som øydela nesten heile byen (30.000 omkomne), er eit utgangspunkt for Voltaire, hans ironiske kommentarar til den ukuelege optimismen til Pangloss (og til Leibniz) går som ein raud tråd gjennom heile romanen – ei rad av tragediar råkar Candide, som framleis er like truskuldig overtydd om at alt er godt, og at ’det er vel ei meining med det’, som vår tids optimistar uttrykkjer det. Til sist når han vel likevel fram til ei slags erkjenning av at det ikkje er fullt så enkelt, og boka endar i det kjende sitatet ’Il faut cultiver notre jardin’ – ’Vi får dyrke vår hage’. Også i 2017 er dette ei overraskande frisk og aktuell bok – Voltaires satiriske stil og underfundige formuleringar er framleis ei glede å lese.»

Rett svar på Klok på bok 1304 fekk eg frå: Tove Knutsen og Idar Lind, John Olav Johnsen, Jacob Bull-Berg, Jon Grepstad, Bjørn Myrvang, Eirik Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Gunder Runde, Kirsten Bakke, Gudrun Havro, Audun Gjengedal, Inger Anne Hammervoll, Tor Inge Myren, Ketil Mehl, Scott Aanby, Laura Killingbergtrø, Ingvar Engen, Eli Hegna, Petter Kristensen, Pål Sletten, Aase Grenager, Sjur Joakim Fretheim, Truls Johan Horsberg Hoff, Astrid Steinsvik, Gunnar Bæra, Per Skjæveland, Olav Holten, Birte Næsheim, Else Bovim, Solfrid Vestli, Skeisebibliotekaren i LASK, Hallgeir Dale, Tvillingene, Nils Ottesen, Marit Lindberg, Jorunn Øxnevad Lie, Ståle Ritland, Nils Farstad, Torleiv Kløve, Rannveig Nordhagen, Mona Fonnes, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Molven, Ove Bjørkhaug, Sigrid Hiller, Marit Mangerud, Robert Øfsti, Asbjørg Apalset, Dag S. Thelle, Turid Tirevold, Pål Amdal, Eiliv Olsen, Gjertrud Fanebust, Folke Kjelleberg, Bjørn Gjermundsen, Ingebjørg Sogge, Inger Margrethe Berge, Thor Henriksen, Torleik Stegane, Laurits Killingbergtrø, Eva Sunde, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Anne-Marie Grønhaug og Jardar Lohne. I dag er Hallgeir Dale bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1306

Tre gonger dei neste døgna prøvde nokon å få tak i meg midt på natta utan å legge igjen beskjed. Første gongen trudde eg det var feil nummer, andre gongen fekk eg ein mistanke og siste gongen vart eg sikker på at det var han: Eg kjende igjen måten han ikkje sa noko på.

Sitatet er frå side 63 i utgåva til boklækjaren. På originalspråket kom boka ut same året som Nobelprisen i litteratur gjekk til ein franskmann. I namnet på forfattaren er det berre éin vokal, til gjengjeld førekjem han fem gonger. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 29. september.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis