I dag var det meininga at me skulle markere eit lite jubileum her i Klok på bok. Oppgåva i dag har talet 1300, og om ikkje det er eit rundt tal, så veit ikkje eg. Men det vert ikkje noko jubileumsfeiring. I staden må boklækjaren nytta høvet til å leggja seg flat som ei nykjevla flyndre og beklaga ein påstand i oppgåve 1299. No vonar eg berre at bladstyraren ikkje les spalta denne gongen, for da vert eg vel arbeidslaus.
Saka er at eg i oppgåveteksten til Klok på bok 1299 kom til å påstå at løysingsforfattaren var fødd i eit år der Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Sverige. Hadde han vore fødd i 1951, som eg trudde, var det ikkje noko å beklaga, då gjekk prisen til Pär Lagerkvist, og eg ville hatt mitt på det turre. Men eg er våt til navlen av di forfattaren me skulle fram til, er fødd i 1953. Då var det Winston Churchill som fekk Nobelprisen i litteratur. Som mange veit, var ikkje Churchill svensk.
Eg ber om orsaking til alle oppgåveløysarar som vart leia i villreie. Etter rettinga i dag er svarfristen på oppgåve 1299 med dette forlenga til og med sundag 13. august.
Men no må me vidare, og i løysinga på oppgåve 1298 skal me på tur med Dan Turèll. Ester Marit Egeland skriv: «Ved første augekast syntes denne oppgåva umuleg med så få opplysningar. Men ut frå sitat som vart opplyst var på originalspråket, kom eg til at forfattaren var dansk. Han var fødd i eit år der nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på tysk. Ut frå den formuleringa tenkte eg at prisvinnaren kanskje ikkje var tysk borgar. Så tok eg for meg lista over nobelprisvinnarar i litteratur. Der var det fleire som skreiv på tysk, men som hadde annan nasjonalitet. Sidan boka kom ut i 1976, var det bare to årstal som var aktuelle, 1919 (sveitsaren Carl Spitteler) og 1946 ( Herman Hesse, også han frå Sveits). Slik kom eg fram til den danske forfattaren Dan Turèll. Han var fødd i 1946. I 1976 gav han ut boka Onkel Danny fortæller. «Onkel Danny» går igjen i mange av boktitlane hans. Han hadde ein enorm produksjon. Dan Turèll var ein populær forfattar i Danmark. Eit torg i København er oppkalla etter han. Det heiter Onkel Dannys Plads. Då er altså svaret: Forfattaren er Dan Turèll og kjælenamnet hans var ’Onkel Danny’.»
Rett svar på Klok på bok 1298 fekk eg frå: Jon Grepstad, John Olav Johnsen, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Røyset, Nils Ottesen, Bjørg Ladehaug, Gunder Runde, Per Skjæveland, Olav Holten, Pål Amdal, Laurits Killingbergtrø, Tor Inge Myren, Kirsten Bakke, Per Trygve Karstensen, Jan Alfred Sørensen, Anne-Marie Grønhaug, Guro Funjem, Rannveig Nordhagen, Gunn Bull-Berg, Eirik Holten, Ingebjørg Sogge, Else Gjesdahl Sørensen, Solfrid Vestli, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Inger Margrethe Berge, Turid Tirevold, Janneken Øverland, Rolv Stølen, Dei kvasse på Fana, Folke Kjelleberg, Eli Hegna, Ester Marit Egeland, Odd Storsæter, Robert Øfsti, Petter Kristensen, Marta Kløve Juuhl, Bjørn Gjermundsen, Tove Knutsen og Idar Lind, Sjur Joakim Fretheim, Skeisebibliotekaren i LASK, Sissel Gunnarshaug og Olav Molven.
Bokvinnar i dag: Rannveig Nordhagen. Gratulerer!
Klok på bok 1300
Jeg kjenner menneskesjelen godt nok til å regne med at folk kommer til å snakke om forfengelighet fra min side. De får tenke hva de vil, det blåser jeg i. Det er lenge siden jeg brydde meg om andres mening og hva folk avsier for en dom om saker og ting. Altså: Gå gjerne ut fra at jeg skriver dette av ren forfengelighet. Når alt kommer til alt, så er jeg av kjøtt og blod, jeg har hud og negler som alle andre; det ville ikke være rimelig å forlange noe ekstra nettopp av meg.
Sitatet er frå kapittel to i ei av dei beste bøkene eg har lese i år. Utgåva eg sit med, kom ut i 1979. På originalspråket kom boka ut same året som nobelprisen i litteratur gjekk til ein som skreiv på engelsk. Forfattaren er ifylgje den kinesiske kalenderen fødd i grisens år og døydde i eit år der nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Sverige – og denne gongen er det ikkje Churchill. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. august.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.