Ei tid for alt
Ja, kjære lesarar, det er ei tid for alt. Ei tid for å hauste, ei tid for å så. Ei tid for å sørgje, ei tid for å danse. Ei tid for å sitje framfor PC-skjermen, ei tid for å lure på om ein orkar å stå opp neste morgon. Ei tid for å kikke skeivt opp på stjernehimmelen, ei tid for ein siste akevitt. Ei tid for å kverke fluger, ei tid for å lure på mange ting. Ei tid for å undrast på om det ein høyrde nett no, var riktig, ei tid for å kjenne etter om ein framleis er i live. Ei tid for å vurdere om ein rett og slett skal leggje seg.
(Her må eg ørlite grann kreditere Preikaren – i dag visstnok Forkynnaren – i Bibelen, som ved nærmare augnesyn viser seg å vere kong Salomo, han som også forfatta «Høgsongen» og «Salomos ordtøke», ein aktiv kar.)
Papp 18! Eit eventyr!
Den legendariske Pappvinfestivalen i Jølster blei også denne sommaren lagd til Flåm, på farmen til ein kjend NRK-profil som sterkt ønskjer å vere anonym. Det finst framleis folk som lurer på kva ein eigentleg driv med på ein pappvinfestival (det skulle vel vere ganske innlysande?) og kvifor dei ikkje blei inviterte i år heller, men folk lurer no på så mangt.
Det mest spesielle i år var truleg at artisten Olav Stedje hadde komme over den vanlege magesjuka si og kunne delta i alle aktivitetar med liv og lyst. To aktivitetar som mangla i år, men som ganske sikkert vil komme sterkt att neste år, var «gå på stylter i fylla» og «fyllekøyring med traktor». Men elles var det meste på plass, song (til dels fleirstemd) og musikk, grilling av storfe og småfe, steining av cruiseskip. Så vidt vi i sentralkomiteen kunne registrere, var det berre éin person som fór på elva i år, og han blei plukka opp att av nokre hobbyfiskarar før han nådde fjorden og cruiseskiphamna og var like blid då han kom att og opna ein ny kartong med raudvin og kunne fortelje at dette var på ingen måte den våtaste elva han hadde ramla uti.
Ja, slik var det no med den saka, og då er det berre å vente i spenning på om ein blir invitert til Papp 19. Førebuingane er alt i gang, og eg kan love at det kan bli ei overrasking eller to!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.