JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Gjertrudsdag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4689
20180921
4689
20180921

På overflata har det no vore ein god periode med fred og fordragelegheit mellom oppgåveløysarane og boklækjaren. Men misnøyet ulmar hjå somme, og nok ein gong er det tilleggsspørsmålet i oppgåva som får folk til å morske seg. Ein elles sindig kar, den vidgjetne Gunder Runde, har som pressmiddel truga med boikott av Klok-spalta. Eg vonar Runde ikkje gjer alvor av trugselen, men eg er samd med redaksjonen i Dag og Tid som meiner at ei spalte med 70–80 namn kvar veke vert uleseleg for andre enn dei faste innsendarane.

Her er kva Gunder Runde skriv: «Boikottaksjonen mot Kpb er førebels utsett. Først og fremst fordi boklækjaren ser ut til å ha innsett at hen bør slutte med dei diskriminerande tilleggsspørsmåla, som krev at du har tilgang til den aktuelle boka, men også fordi eg denne gongen hadde løysinga klar med éin gong. Det er nemleg ikkje så lenge sidan eg las boka. Debutanten Gjertrud Langva frå Volda har skrive den kanskje beste romanen eg har lese i dette utgjevingsåret, med tittelen Vi spring ikkje slik vi sprang. Boka handlar om eit syskenpar som vaknar ein morgon og finn at foreldra er borte, utan at dei har gitt nokon form for melding om kvar dei er. Ut frå dette litt absurde utgangspunktet har Langva skrive ei intens og medrivande bok, med ein god del utforklarlege innslag, mellom anna det som utdraget fortel om. Boka er samansett av til dels særs korte kapittel, ofte på under ei halv side, noko som eg tykkjer gjer lesinga ekstra intens. Langva er etter mi meining ein soleklar favoritt til Tarjei Vesaas sin debutantpris for 2018.»

Ingebjørg Sogge skriv: «Gjertrud Langva er debutant på Samlaget i år med boka Vi spring ikkje slik vi sprang. Dei som spring, er to barn som er forlatne av foreldra sine. Dei leitar utan å finne, prøver å livberge seg så godt dei kan og trøystar kvarandre med forklaringar/bortforklaringar på det som har hendt og håp om at foreldra snart vil komma. Denne tilsynelatande enkle historia femner dei grunnleggande vilkåra i menneskelivet: Er vi utleverte og aleine i tilværet, er alle våre forsøk på finne ordnande krefter fåfengte og fantasistyrte? Når den vesle boka opnar for så store spørsmål, er det mellom anna fordi forfattaren legg inn element frå urforteljingane våre, folkediktinga. Her er skrubben, ei gammal kjerring med krokete rygg, ein mørk kjellar og ein djup brønn, ein stor og skummel skog med giftige planter. Det kunne ha vore spennande på den gode måten, men barndommens skrekk for det ukjente og uforklarlege dirrar mellom linjene etter kvart som fabelen blir mørkare og den vonde slutten nærmar seg. Gjertrud Langva har enno ikkje fylt tretti, men maktar med enkle språklege verkemiddel å skape og dra lesaren inn i si heilt særeigne og merkelege verd.»

Utan større krumspring fann desse rett svar på oppgåve 1353: Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Jon Grepstad, Audun Gjengedal, Per Skjæveland, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Rannveig Nordhagen, Odd Storsæter, Berit Horsberg, Jorunn Røyset, Kirsten Bakke, Pål Amdal, Nils Ottesen, Torgeir Daling, Inger Margrethe Berge, Torleiv Kløve, Tvillingene, Turid Tirevold, Gunn Bull-Berg, Else Bovim, Jorunn Øxnevad Lie, Signar Myrvang, Petter Kristensen, Kari Lønning og Ottar Aarø, Ingebjørg Sogge, Bjørn Gjermundsen, Folke Kjelleberg, Olav Molven, Jan Alfred Sørensen, Sissel Galåen, Fritjof Lampe, Ove Bjørkhaug, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane, Else Gjesdahl Sørensen, Truls Johan Horsberg Hoff og Marit Lindberg. I dag er Gunnar Bæra bokvinnar. Gratulerer!

Som vanleg kom Audun Gjengedal i mål. Han skriv: «Jammen gjekk det bra denne gongen òg. Så no trur eg at Klok på bok hjelper meg til å halde herr Demensen utanfor døra ei stund til! I det minste kan eg tru det. Takk for hjelpa!»

Klok på bok 1355

Han trekte seg noko unna handa mi. Han syntes at eg hadde lagt ein dempar på gleda. Ein stad gjorde noko veldig vondt. Eg visste kva dette gjekk i, kjente det igjen frå tusen andre gonger, andre rom, andre folk, andre stemningar som eg hadde øydelagt. Eg var på brestepunktet på grunn av alt som mangla mellom oss, som kunne gjort det så enkelt å spøke bort ubehaget. No blei det berre liggande der.

Sitatet er frå kapittel 17 i ein roman som kom ut fyrste gong i 2006. Forfattaren er fødd i Hordaland fylke og har fått fleire fine prisar. Boklækjaren kjem ikkje til å halde det hemmeleg viss eg får inn rett løysing, men før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på systera til hovudpersonen i boka. Send namn på systera, forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 29. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis