JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4226
20170825
4226
20170825

Boklækjaren har vore på ein, etter eiga meining, velfortent ferie i Italia i sommar. Det skjedde ikkje så mykje å skrive heim om der ved havet i midten, men ei stor lesaroppleving fekk eg med meg. Boka som bergtok meg, har tittelen Tunnelen og er løysingsbok denne gongen. Ho er skriven av argentinaren Ernesto Sábato, og det er hovudpersonen Juan Pablo Castels tunnel me som lesarar vert lokka inn i.

Det var noko herleg absurd ved å sitja i solsteiken og la tankane klatra innover det mørke, kalde eksistensialistiske alvoret i romanen. Men tru no ikkje at alt er berre trist, under lesinga humra eg, fleire gonger så høgt at folk rundt meg fekk noko å kviskra om. Eg vil ikkje avsløra noko frå handlinga i Tunnelen, ikkje anna enn at det ikkje finst nokon grevling i taket der. Men sjølv utan grevling, gjev eg boka mi varmaste anbefaling.

Gunnar Bæra kan sin Sábato og skriv: «Den argentinske forfattaren Ernesto Sábato (1911–2011) hadde opprinneleg ei naturvitskapleg utdanning. Han hadde ein doktorgrad i fysikk, men i byrjinga av 1940-åra braut han over tvert med arbeidet som fysikar og gjekk over til litterære syslar. I 1948 gav han ut den boka som vart omsett med tittelen Tunnelen i 1979, den einaste av dei tre romanane hans som har kome på norsk. Av den argentinske presidenten vart han utnemnt som leiar for CONADEP-kommisjonen, som skulle greie ut dødsfall og forsvinningar 1976–1983. Tittelen på dokumentet vart Nunca más (Aldri meir). Informe Sáboto – Sábato-rapporten dokumenterte at 8961 personar hadde vorte drepne under juntaen.»

Marit Lindberg skriv: «Skulle berre kikke litt på Klok-oppgåva før søndagsturen, og her blei eg sitjande! Har leita meg fram gjennom nobelprisar og grisens år. I boksoga mi finn eg ein forfattar ‘som har forbindelse med den fantastiske litteratur som later til å ha hatt særlige vekstvilkår i Argentina’. Det gjeld Ernesto Sábato, som var inspirert av surrealismen. Den første romanen hans var El Túnel, som kom i 1948. ’En suggestiv beretning om en forbryters fremadskridende isolasjon og galskap.’ Eg meiner sitatet er frå denne boka.»

Rett svar på Klok på bok 1300 fekk eg frå: Jon Grepstad, Tove Knutsen og Idar Lind, Skeisebibliotekaren i LASK, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Gunder Runde, Tor Inge Myren, Nils Ottesen, Rannveig Nordhagen, Per Skjæveland, Marit Lindberg, Per Trygve Karstensen, Jorunn Øxnevad Lie, Else Bovim, Torleiv Kløve, Ove Bjørkhaug, Gunnar Bæra, Eva Sunde, Turid Tresselt Melheim, Olav Molven, Turid Tirevold, Fritjof Lampe, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Laurits Killingbergtrø, Kirsten Bakke, Laura Killingbergtrø, Audun Gjengedal, Solfrid Vestli, Petter Kristensen, Olav Holten, Torleik Stegane, Truls Johan Horsberg Hoff, Sjur Joakim Fretheim, Eirik Holten og Anne-Marie Grønhaug. I dag er Brentford-tilhengjaren Nils Ottesen bokvinnar. Gratulerer!

Etter nokre veker med mykje ris til eigen bak, tar eg denne gongen med litt ros frå Petter Kristensen: «Oppgaven denne uken er Kpb på sitt beste, etter min mening. Jeg fikk tips om en forfatter jeg ikke kjente fra før, og fikk muligheten til å lese en bok som jeg godt skjønner er en favoritt for boklækjaren. På en måte minnet Juan Pablo Castel meg om Elias Rukla, så jeg fikk inspirasjon til å ta fram Genanse og verdighet igjen også. Takk for en flott spalte!»

Takk for takken, Petter. Det er godt å få ein takk. Til sist ei klok konstatering frå Audun Gjengedal: «Det er ei utfordring kvar gong, men mental gymnastikk har vi berre godt av.»

Klok på bok 1302

Det var den tida då det var ein gong. Før det var snipp snapp snute. Før eventyret var ute. Det var den gongen det skulle bli ei anna tid. Men det blei berre ein annan stad. Det blei ei ny hamn, og endå ei hamn, og til slutt dei same stadane kvar gong han kom i hamn. Han gjekk på linjefart, og linja gjekk i ring. Sirkel. Sirkel. Tida gjekk og blei gammal, ikkje ny.

Sitatet er frå kapitlet «Fem flate» i ein roman som kom ut same året som nobelprisen i litteratur gjekk til ei som skreiv på engelsk. Forfattaren er fødd dagen etter ein dag som i ettertid vert skrive med to D-ar. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. september.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis