JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4304
20170901
4304
20170901

Sommaren lid mot slutten, og dei fyrste vekene på arbeid etter ein god ferie er ikkje noko stas. Naturleg nok kjem ein til å sakna dei frie dagane, der ein kunne lese langsamt i ei bok, og kveldane med begeistring rundt eit bord. Kvardagen kom brått på boklækjaren, og han kom i grått. Men no må det vera slutt på sytet, ein får brette opp ermene og late arbeidsgleda trengje seg fram. Som om eg trudde på det sjølv.

Her på lækjarkontoret har me ikkje same utveg som Ingrid Winter nyttar i løysingsboka denne gongen. Ho sit på eit universitetskontor, og på døra heng ho tidt opp åtvaringa «Eksamen pågår» for å få vera i fred. Med alt det stress og kaos Winter rotar seg inn i, er det ikkje vanskeleg å få medkjensle for at ho nyttar eit triks eller to. Dessutan vert det fin humor av påfunna til hovudpersonen, noko til dømes Laurits Killingbergtrø set pris på. Han skriv: «Dei ikkje berre spring fort og syng vakker opera der borti Sandnes – dei kan skrive godt og morosamt òg. Det tykkjer eg Janne Stigen Drangsholt gjer i boka Ingrid Winters makeløse mismot, som kom i det sauens år 2015. Jeg-personen i boka lever rett nok i ei endelaus rekkje av vanskar og konfliktar, særleg på jobben mellom dei akademiske kollegaene sine. Da må eg lure på kva som gjer at eg likevel sit og humrar når eg les ei slik forteljing. Det kjem nok av den glitrande, humoristiske måten forfattaren skildrar personane og konfliktane på, sjølv når det held på å gå rett gale. Eit pluss for forfattaren er at ho også gjerne tek med jeg-personen når det gjeld å gjere dumme ting. Eit ope spørsmål er kor nær denne ’jeg’ står forfattaren. Dei er i alle fall med i same fagmiljøet; eg seier ikkje meir.»

Gunder Runde har vore på noko han kallar «rakedis» i sommar. Derifrå skriv han: «Denne boka har eg lese, og eg hadde ei skikkeleg kosestund. Ikkje rart at Henriette Steenstrup vil filmatisere boka! Det er romanen Ingrid Winters makeløse mismot av Janne S. Drangsholt som er svaret. Janne Drangsholt er fødd i 1974 , ’eit år der nobelprisen ’hamna’ i Sverige’. Mellom linjene les eg at det ikkje er berre éin, men to svenske nobelprisvinnarar dette året. Drangsholt er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, akkurat som Ingrid Winter. Og vi får tru at Drangsholt sin akademiske karriere er litt mindre kaotisk enn Winter si! Det er den stødige ektemannen som tar seg av logistikken i heimen, medan Ingrid Winter rotar seg inn i det eine meir horrible kaos enn det andre, først og fremst knytt til kjøp av eit såkalla ’drøymehus’ til ein umåteleg overpris. Ei bok som kan tilrådast for alle som vil ha seg ei god og langvarig kosestund.»

Korrekt svar på Klok på bok 1301 fekk eg frå: Torleiv Kløve, Tove Knutsen og Idar Lind, Skeisebibliotekaren i LASK, John Olav Johnsen, Per Skjæveland, Rannveig Nordhagen, Bjørn Myrvang, Nils Farstad, Gunn Bull-Berg, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Jorunn Øxnevad Lie, Else Bovim, Hilleborg Heggen, Inger Anne Hammervoll, Olav Holten, Ståle Ritland, Tor Inge Myren, Ingrid Marie Myklebust, Kirsten Bakke, Inger Margrethe Berge, Truls Johan Horsberg Hoff, Per Trygve Karstensen, Gunnar Bæra, Pål Amdal, Jon Grepstad, Anne Margrete Bjåen, Laurits Killingbergtrø, Birte Næsheim, Audun Gjengedal, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Eli Hegna, Eirik Holten, Anne-Marie Grønhaug, Geir Ulset, Gunder Runde, Robert Øfsti, Amund Hesbøl, Ove Bjørkhaug, Sjur Joakim Fretheim, Olav Molven, Guro Funjem, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Ester Marit Egeland, Fritjof Lampe, Inger Ullestad, Eva Sunde, Rolv Stølen, Dei kvasse på Fana, Kari Skjørestad og Ingebjørg Sogge. Denne gongen er Anne-Marie Grønhaug bokvinnar. Gratulerer!

I dag rundar me av med ei kjensgjerning: Aldri har det på dødsleiet vore ytra anger over at ein ikkje arbeidde meir i livet.

Klok på bok 1303

Armene ble festet på mennesket for at det skal kunne holde rundt et annet menneske.

Sitatet er frå del to, kapittel XX, i ei bok som kom ut same året som Nobelprisen i litteratur gjekk til ei som skreiv på engelsk. På originalspråket kom boka ut same året som ein europeisk president med solid litterær ballast døydde. Forfattaren har tre namn. Somme gode ting er tre. Send løysing på namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. september.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis