Bjørn Borg slo John McEnroe i Wimbledon-finalen 5. juli 1980.
Foto: Robert Dear / NTB scanpix
BJØRN BORG OPNAR I TORONTO
Den skandinaviske storfilmen Borg opnar filmfestivalen i Toronto. Det er den danske regissøren Janus Metz som har laga filmen om tennisikonet Björn Borg. Filmen har Shia LaBeouf og Stellan Skarsgård i hovudrollene, og vert omtalt som ein av dei største skandinaviske produksjonane i historia. I filmen handlar mykje om Björn Borgs kjende kamp mot amerikanaren John McEnroe i Wimbledon-finalen i 1980.
FRU AFZELIUS MED ROMAN
Marianne Lindberg De Geer er sentral i filmen Tusen bitar, som handlar om Björn Afzelius. No debuterer ho med romanen På drift, melder Aftonbladet. Det skjer etter 14 år som pleiar og 30 år som kunstnar.
I romanen handlar det både om dårlege foreldreroller, tenåringsproblem, dei første samleia, den borgarlege oppveksten i ein småby, abort, baksidene av den svenske psykiatrien og Lindberg De Geers indre kompass.
«Hänsyn er inte min starka sida. Åh folk er så känsliga», seier ho.
I romanen er alle menn mislukka – utanom Mick Jagger, som hovudpersonen teiknar av, har i skuffa og tek fram etter behov.
SEL ANTISEMITTISKE BØKER
Nettbokhandlarane sel fleire politiske bøker som er skrivne av velkjende antisemittar og nazistar, syner ein gjennomgang som svenske Dagens Nyheter har gjort.
Det handlar blant anna om Sions vises protokoll, ein politisk pamflett som hevdar å dokumentera ein kongress der jødar samlast for å konspirera for å skaffa seg verdsherredøme.
Adlibris har etter dette hevda at dei har fjerna denne boka, men det finst framleis antisemittiske og nazistiske bøker. Blant dei er The Track of the Jew throug the Ages, som er skriven av raseideologen Alfred Rosenberg.
IRON MAIDEN-BIOGRAFI
I slutten av november kjem What Does This Button Do? – sjølvbiografien til rockelegenda og frontfiguren i Iron Maiden, Bruce Dickinson, som heilt sidan 1975 har vore ein nyskapar innan heavy metal. Bandet har selt meir enn 90 millionar album og spelt meir enn 2000 konsertar i 63 land.
Bruce Dickinson er meir enn musikar. Han har vore både pilot, flykaptein, luftfartsentreprenør, ølbryggjar, motivasjonstalar, filmmanusforfattar, romanforfattar, radiovert, TV-skodespelar og fektar i verdsklasse.
POLITISK MICK JAGGER
Mick Jagger kom sist veke med to nye låtar og musikkvideoar: «Gotta get a grip» og «England lost», som kommenterer den politiske situasjonen i USA og England. Han omtalar dei to låtane som akutte svar på «forvirring og frustrasjon kring den tida me lever i». «Gotta get a grip» er ein rockelåt som tek for seg både gjerrigskap, rasisme og falske nyhende. I «England lost» gjer han den bitre kjensla etter ein tapt fotballkamp om til ein allegori for uroa i landet. Det er ikkje første gongen Jagger set tonar til aktuell politikk. I «Sweet neo con» frå 2005 syng han at USAs dåverande president George W Bush er «full av skit».
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.