JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Det vide mennesket

Jan Kjærstad er fascinert av kor mykje eit menneske kan tole. Difor handlar den nye boka hans om eit terroråtak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nyaste romanen til Jan Kjærstad kom i bokhandelen 23. august. Romanen har sterke assosiasjonar til 22. juli 2011.

Foto: Mimsy Møller

7501
20170825

Jan Kjærstad

Fødd 6. mars 1953 i Oslo

Utdanna teolog ved Universitetet i Oslo

Debuterte i 1980 med novellesamlinga Kloden dreier stille rundt

Kåra til ein av dei fire nye store i 1996, i lag med Herbjørg Wassmo, Dag Solstad og Kjartan Fløgstad

Har vunne fleire prisar for romanane sine, mellom anna Nordisk Råds Litteraturpris for Oppdageren (1999)

Litteratur

elovereide@gmail.com

Den 23. august kjem Jan Kjærstads nyaste roman Berge. 23. august er også datoen som i boka endrar alt. Den kjende og kjære arbeidarpartifamilien Storefjeld blir funne drepen på bestialsk vis i familiehytta denne dagen i 2008. Drapa fører til stor sorg og ikkje minst debatt i landet. Journalisten Ine Wang er i eit bryllaup då ho blir oppringd om terroråtaket. Dommaren Peter Malm les først om drapa i avisa neste morgon ved frukostbordet. Nicolai Berge, som er ekskjærasten til eit av offera, blir mistenkt for ugjerninga.

– Vi lever og pustar inn den tida vi er i. Noko av det eg har pusta inn i løpet av dei siste tiåra, er dei forferdelege terrorhendingane. Sterke avtrykk, både individuelt og kollektivt, står att. Det oppstår debattar, støy, samtalar. Opne sår. Oppi alt dette ville eg finne ei historie som enno ikkje er sett eller høyrt. Dei seier at ein skriv der det brenn. Eg kjente at det brann der.

– Det er mange assosiasjonar til 22. juli i romanen?

– Vi lever i ei tid med terror og masseinformasjon. Alt som skjedde i kjølvatnet av 11. september, alle konspirasjonsteoriane, synet på innvandring, tankane om kvifor det ikkje vert fanga opp. Du har Palme-drapet, Orderud-drapa, 22. juli ... Det har vore skrive opp og ned om desse grufulle hendingane, der gjerningspersonane nesten får kjendisstatus. 22. juli var ekstremt. Måten det blei gjort på, den nye mentaliteten. Det sette eit trykk i kroppen som forma seg til ei historie.

– Kan haldningar endre seg etter at slikt skjer? Folk byrja jo å krevje innføring av dødsstraff.

– Eg trur det kollektive medvitet er meir stabilt enn som så. På lang sikt kan ting kome på gli. Men alt det som virvla opp, særleg på gjerningsdagen og rundt rettssaka, kom i affekt.

Vanetenking

Kjærstad skildrar i romanen ein idé om Noreg som ei slags idyllisk, usynleg verd der noko brutalt plutseleg skjer. Dommaren forstår at han blir trekt inn i det, sjølv om han helst vil at alt skal vere som før.

– Eg har alltid vore oppteken av forventingar og moralske dilemma. I Berge skriv eg tre historier, frå synspunkta til dommaren, journalisten og den mistenkte, saman med ei overordna historie. Det viktigaste skal liggje mellom linjene, noko som er vanskeleg å uttrykkje med ord. Som forfattar prøver eg å rykkje lesaren ut av vanetenkinga si. Elles kunne eg ha skrive sakprosa.

– I boka skildrar du eit kollektivt sjokk, men også kjærleik, som minner om reaksjonen etter 22. juli. Ein av karakterane meiner at denne kjærleiken er falsk, for i røynda ville dei fleste gitt terroristen juling om dei kunne.

– Ine Wang er ein observatør, og då ho er i gravferda til Arve Storefjeld, ser ho på det heile som eit teater. Kjærleiken er litt billeg. Samstundes græt ho, og det kjennest ekte. Det er litt ambivalent. På éin måte er det lett å stå på ein talarstol og seie mange vakre ord, på den andre sida reagerer mange med empati, og dei kan leve seg inn i korleis offera og dei etterlatne har det. Samstundes sender regjeringa no små barn ut av landet, og då kan ein lure på om empatien som oppstod, berre var tomme ord.

Sanninga

Forfattaren meiner at vi kan bruke skjønnlitteraturen når vi alt har forsøkt andre måtar å forstå noko på. Gjennom psykiatri trur vi at vi har heile sanninga om eit menneske. Kjærstad er ikkje samd i at vi klarer å fange eit menneske så lett. Vi må sjå mennesket både i breidd og vidd, og psykologi bør ikkje vere den einaste forklaringsmodellen.

– Med 22. juli har vi kartlagt så mykje. Vi har lurt oss sjølve i førestillinga om at vi har forstått det, vi har sanninga. Men er det noko vi veit, er det at mennesket er altfor komplisert til å kome til botnar i. Psykologi kan sikkert kartleggje mykje, men ikkje alt. Romanar er ikkje matematikk, men som lesar forstår du at andre ikkje er slik du er. Det er ofte eit sjokk i barndomen, når du oppdagar at andre er like rare og fasetterte. Difor dømmer vi andre og drar konklusjonar, både i relasjonar til kvarandre og i store, internasjonale konfliktar.

Gåtefulle

For Kjærstad er menneska uendeleg gåtefulle. Gjennom heile forfattarskapen har han interessert seg for det tilpassingsdyktige, robuste og overlevande mennesket.

– «Om dei tar bort jorda under oss, og himmelen over oss, vi er da menneske lel. Vi frys oss igjennom det. Vi veit ikkje sjøl kor mykje vi tåler.» Det er eit godt sitat frå Mennesket og maktene av Olav Duun. Ein naturkatastrofe råkar karakterane, men det munnar ut i at mennesket er ein overlevar. Sjølv er eg oppteken av at vi ikkje berre er djupe, men også vide, seier han.

Fleire identitetar

Darwinisme ser han på som eit fascinerande utgangspunkt for skjønnlitteratur, og minner om at ideane til Freud alt har vorte brukte i detektivforteljingar. I tråd med filosofien hans går ein i krimlitteraturen etter spor av overgrep i barndommen. Dette er noko Kjærstad ser går att i mange romanar, seinast i Vigdis Hjorts Arv og Miljø.

– Mennesket er ikkje eit smalt hus, men eit stort palass. I det verkelege livet tenkjer vi ofte som i ei skjønnlitterær bok: Korleis hadde livet mitt vore om eg valde å bu i ein annan by, om eg søkte på den stillinga eller blei hjå ekskjærasten? seier han og tar ein kort pause.

– Heilt konkret er eg oppteken av identitet. Vi har fleire sider, utan å vere schizofrene, enn vi får gitt uttrykk for. Det er noko eg kan spegle i skjønnlitteratur. Somme prøver å forsømme identiteten sin, som vi ser i form av pur idyll på Instagram. På nettet blir vi ein slags avatar, der vi skiftar identitet etter kva som passar.

Idear som sprekk

Kjærstad går konstant rundt med 15–20 idear. Når han byrjar på ei historie, endar han ofte opp med ei heilt anna. Somme gongar kan dei gode ideane sprekkje i lyset.

– Eg innbiller meg at eg veit korleis eg får idear, men sanninga er at eg ofte ikkje hugsar det. Ideane kan kome brått inn frå sidelinja, kanskje når eg skisserer ein annan tanke. Eg noterer alltid ned ideane, anten dei er på to setningar eller to sider. Og så ligg dei der og gjærar. Med jamne mellomrom, etter at dei er blitt utsette for vêr og vind, kastar eg dei. Har dei noko for seg, kikkar eg vidare på dei, for så å forkaste dei. Men innan den tid har eg gjerne nye idear, og sånn går prosessen.

– Du har i boka late ein mistenkt terrorist komme til orde. Bør vi forstå terroristar?

– Folk er opptekne av å finne ein syndebukk. Det er ein klisjé, men det å rette eit kollektivt sinne mot syndebukken kan fungere som ein reinsingsprosess. Etter 22. juli forsøkte vi å forstå terroristen, vi lét alle synspunkt kome til. Ikkje lenger eit auge for eit auge, men forsøk på rettferd, seier Kjærstad, og avsluttar:

– I ein roman har personane fleire sider, noko lesarane tar med seg ut i røynda når dei møter andre. Alle vesentlege moment i ein roman har opphav i forfattaren sitt liv. Forfattarar hentar mørke sider dei har i seg sjølve. Difor var det ikkje vanskeleg for meg å skrive som ein mordar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Som forfattar prøver

eg å rykkje lesaren ut

av vanetenkinga si.

Jan Kjærstad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis