JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Dyrlegen kjem

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3018
20241122
3018
20241122

Mor mi og eg sit i kjøkenet og ventar. Me kikar ut på skyene over garden som er i ferd med å løyse seg opp.

– Det ser ut til å bli fint i dag, seier mor.

Eg har lagt merke til det same.

– Kor tid skulle han vere her?

– Det kjem vel an på om han har andre oppdrag fyrst.

– Me kunne grave ned Herkules bak hønsehuset, onkel Arne har minigravar.

– Det er ikkje lov, seier mor.

– Dessutan skal dyrlegen hjelpe far med slaktinga etterpå.

– Eg vil ikkje høyre om det, seier eg.

– Kvifor skulle me ikkje nytte kjøtet? Dessutan er hest betre enn mykje anna du stappar i deg. Du åt hestekjøt mange gonger då du var liten.

– Eg kjem aldri til å ete det igjen, seier eg.

Herkules har alltid vore ein snill og roleg hest. I farten kjem eg berre på éin episode, for mange år sidan, då han sparka til tante Else slik at ho ramla og slo av ein bete av den eine framtanna. Kvar gong tante kom for nær, blei Herkules uroleg, mor meinte han reagerte på krøllene. Men eg trur heller det var den vimsete måten ho gjekk på, som skremde han.

– Eg håpar dyrlegen vakna i dag tidleg og ikkje kom seg ut or senga, og berre må ligge der, ute av stand til å utføre arbeidet sitt.

– Sånn må du ikkje snakke, seier mor.

– Eg snakkar slik eg vil, kanskje er det så gale at dei må avlive han i staden for Herkules.

– Det er ikkje dyrlegen sin feil. Far har bestemt seg, og eg har ringt naboane, det er mange som blir glade for kjøt.

Dyrlegen passerer utanfor kjøkenvindauget. Støvskya bak den blå bilen blandar seg med tjukk svart eksos, det må vere noko feil med motoren.

– No er han her, seier mor.

Eg skimtar det avlange hovudet med øyra som stikk rett ut. Ikkje skjønar eg korleis den digre mannen får plass til beina i den litle bilen.

Han parkerer framføre garasjen, tek veska si og går opp mot løa. Far klappar Herkules, som verkar roleg. Det er noko med magen, alvorleg kolikk eller kva dei kallar det. Han er gamal og stiv og har gjort sitt. Det vil visst koste ein formue å få skikk på det som er gale.

Dyrlegen har nok vore borti litt av kvart. Sprunge ut og inn av alle slags fjøs. Stadig er det nokon som ringer og seier at han må kome med ein einaste gong, utan å tenkje på at dyrlegar kan vere opptekne hos andre folk; kanskje har han neven djupt inni ei kvige og prøver å snu ein kalv som ligg feil. Eller står med spenntak i ein bjelke og dreg i ein kjetting som er festa i beina. Det kan stå om minutt. Kjem han for seint, får han høyre det.

Eg trudde hestar levde evig, i alle fall Herkules. No veit eg ikkje lenger kva eg trur.

– Er det sant at dyr kan kjenne på seg når uvêret nærmar seg?

– Det veit eg ikkje, seier mor.

Utan å nøle set dyrlegen boltepistolen i panna på Herkules. Han fell bakover og blir liggande. Far startar traktoren, og dei heiser Herkules opp med frontlastaren. Det rykker litt i hovudet og den eine bakfoten. Dyrlegen stikk hol på blodåra i halsen. Litervis av blod renn ut. Så slaktar han skrotten. No skal han henge ei stund, slik at kjøtet blir best mogleg.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis