JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Kriser viser kven vi er

Helga Flatland har ikkje like god oversikt over seg sjølv som over dei fiktive personane sine. Dei kan ho til gjengjeld gjere svært godt greie for.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helga Flatland då Aschehoug forlag presenterte haustlista i år.

Foto: Vidar Ruud / NTB

8007
20201211
8007
20201211

Litteratur

janh@landro.bergen.no

36-åringen frå Telemark har markert seg som ein litterær granskar av familieliv og andre menneskelege relasjonar. Slik også i haustens roman, Et liv forbi, som tek lesarane med inn i ei vestlandsbygd, der 67 år gamle Anne har fått kreft, og dottera Sigrid, som er lege, må vurdere det vanskelege forholdet til mora og det ho sjølv har opplevd som omsorgssvikt.

– Det er mykje alvor og tristesse i bøkene dine?

– Konfliktar og utfordringar utgjer store delar av menneskelivet. Det vi møter av hindringar på vegen gjennom livet, definerer oss sterkt. Det er der vi syner mykje av kven vi er som menneske, og korleis vi steller oss i høve til oss sjølve og andre. Kriser køyrer mykje opp på storskjerm, anten det er indre konfliktar eller konfliktar med andre. Å gå inn i desse tilspissa situasjonane, sjå kva som skjer i møte med dei, både med oss sjølve og andre, interesserer meg. Eg har ein ambisjon om å skrive om kva det er å vere oss i vår tid.

– Anne vil ta livet sitt for å spare familien for langvarig liding og slitsam omsorg. Er det omsynslaust?

– Under skrivinga var det ikkje vanskeleg for meg å gå inn i Annes ønske om å få sleppe når utsiktene var så dårlege. Men ein er jo del av ein flokk og eit samfunn, og overfor dei har ein skyldnader. Når ho har sett born til verda og slik skapt eit lite samfunn, har ho også ei plikt til å halde ut. Så er spørsmålet kor lenge – og til kva pris.

– Fridom versus plikt er ein gjengangar i forfattarskapen din?

– Heilt klart. Kor frie vi faktisk er, og kva vi skuldar kvarandre, blir særskilt interessant i ei tid der individuell fridom er så viktig. Med eit så sterkt fokus på individet kan ein bli blind for fellesskapen som finst både i familien og i samfunnet elles. Ein har sjølvsagt ikkje full fridom til å gjere som ein vil heile tida. I Et liv forbi har eg skrive om menneske som på ulike vis blir konfronterte med ansvaret vi er dømde til å ha for kvarandre.

Eit lappeteppe

Flatland har alltid meir enn éi forteljarrøyst i romanane sine. Slik også her. Fordi ingen ser og oppfattar røyndommen likt, vil ho gjerne veksle mellom ulike synsvinklar og perspektiv. For ingen eig røyndommen, han er eit lappeteppe av ulike oppfatningar.

– I boka kjempar mor og dotter om retten til sin eigen versjon av oppveksten til Sigrid, som ho meiner var prega av omsorgssvikt, noko mor hennar aldri har erkjent. Men ingen av dei vil heilt sleppe si eiga oppfatning. Det er sjeldan nokon klarar å overtyde andre om sin eigen røyndom. Kanskje ein møtest litt på halvvegen, slik eg meiner at Anne og Sigrid til slutt gjer.

Då ho skreiv romanen, tenkte ho på korleis tilknytingsmønstera våre går i arv, fordi vi er og blir like.

– Ringverknadene av eit dårleg forhold kan forplante seg i generasjonar.

– Sigrid er redd for å bli som mora, men er det ikkje det ho er i ferd med å bli?

– Absolutt. Men med visse justeringar. Vi er redde for å gjenta feila til foreldra. Så gjer vi det ikkje på heilt same måten, men vi gjer det likevel. Som menneske og forelder er ein dømd til å gjere feil.

Å få den «skuldige» til å anerkjenne urett som er gjort mot ein, er eit påtrengjande behov hos mange, meiner Flatland.

– I boka ville eg at uretten ikkje skulle vere så tydeleg, men heller noko som kunne opplevast ulikt av dei to. Det viktige her er kjensla av å vere svikta, ikkje om ho faktisk er det. Så er spørsmålet korleis Sigrid, og mora, handterer denne kjensla.

– Etter å ha fortalt om kreftsjukdommen, seier Anne til seg sjølv: «jeg lanserte meg selv som syk». Kvifor «lansere»?

– Ho ser seg sjølv i ei ny rolle, som sjuk. Relasjonen er endra, brått skiftar omsorgsrollene. Men begge partar vegrar seg for dei nye rollene, borna mot å bli omsorgspersonar for mora, mora for å gå inn i ei rolle som gammal og sjuk, den som må takast vare på. Ho veit kva det inneber å ha omverdas blikk på seg, vere den sjuke.

– Medan mora ligg på sjukehuset, tenkjer Sigrid: «Jeg er ikke redd for at hun skal dø, jeg er redd for at hun skal forsvinne.» Korleis skal vi forstå det?

– Når ho no ser at mora skal forsvinne, dreier det seg om saknet etter det forholdet dei kunne hatt. For Sigrid er dette meir omfattande enn sjølve døden.

– Er ikkje Sigrid ein ganske stor egoist?

– Hos henne trumfar svikkjensla nesten alt og gjer hennar uttrykk konsekvent egoistisk. Men likevel har eg ei stor ømheit for henne, eg kan forstå den kjensla som på mange vis har definert henne som vaksen. Ho søkjer heile tida den stadfestinga, merksemda og omsorga ho meiner at ho ikkje fekk som barn.

«Unnskyld»

For Anne er litt av problemet at dottera reagerer som lege, for det er ikkje legen ho har bruk for, men dotterkjærleiken.

– Ho ønskjer meir enn noko at Sigrid skal reagere som ei dotter, eller i det minste som eit normalt menneske. For Sigrid ligg det eit vern i legerolla, men ho klarer ikkje det for seg sjølv heile tida, derimot i møte med mora. Dette legg eit distanserande lag mellom dei.

Sigrid har ein ung pasient, Frida. Henne har Flatland sett inn som ein kontrast, ei som faktisk er svikta, både av familien sin og av systemet. Det reiser spørsmålet om Sigrid er så svikta som ho heile tida har kjent seg. 

– Noko som går att i denne historia, er kor vanskeleg det er å seie «unnskyld». Klarar dei ikkje finne dei rette orda, teier dei, heller enn å stotre fram noko?

– Anne veit ikkje heilt kva ho skal be om unnskyldning for, og skjønar ikkje kva unnskyldninga skal innebere. Ho har sjølv sagt at ei unnskyldning har ingen verdi om ho ikkje inneheld eit genuint løfte om forbetring. For Anne, som er i ferd med å døy og ikkje lenger kan love forbetring, blir ei slik unnskyldning kraftlaus.

– Når situasjonen er vanskeleg, blir også språket eit problem. Dei går på verbale gummisolar?

– Mangelen på ord, det vanskelege med å nå fram til kvarandre i kritiske situasjonar, interesserer meg. Ingen vil kvarandre vondt i bøkene mine, men eigne konfliktar, stoltheit, skam eller anna kjem i vegen for det ein gjerne vil nå fram med. Kanskje ligg det òg ei redsle her.

Når Anne og Sigrid ikkje finn anna språk, nærmar dei seg kvarandre fysisk, ei ordlaus tilnærming som kanskje er vel så viktig.

– Slik slepp dei til meir av den kjærleiken som finst hos begge to. Ei tilnærming på ein annan måte enn begge trur dei har behov for.

Ein ubehageleg prosess

– Reagerer du som Anne på at alt som er ubehageleg skal pyntast på, at pasientar på sjukeheim blir bebuarar, hos fastlegen blir dei brukarar?

– Der er eg på linje med Anne, ja. Er eg først sjuk, vil eg vere pasient og vite at nokon veit meir enn meg om sjukdommen og kan gi meg rett behandling. Har du behov for hjelp, er du ikkje brukar, men hjelpetrengjande.

– Sjukdom i næraste familie får ofte fram det beste i oss, men somme tider også det verste?

– Om ikkje det verste, så det mest problematiske. Med døden som ein så nær horisont, kjem alle konfliktar og alt usagt opp i forstørra utgåve og får enorm betydning for dei begge. Det blir ein svært ubehageleg prosess som tvingar fram mykje refleksjon. Eg opplever at både mor og dotter er ganske ærlege med seg sjølve i denne sjølvransakinga.

– Mykje god psykologi og fine menneskelege observasjonar pregar heile forfattarskapen din. Kvar hentar du det frå? Er du like klok i dagleglivet?

– Klart nei på det siste! Psykologi og skildring av menneskelege relasjonar under press er ei stor interesse eg har. Å skrive er for meg å prøve å lage truverdige menneske på godt og vondt, utforske kva som ligg i dei små tinga vi seier og gjer, og som vi ofte ikkje er klar over sjølve, og kva betydning det har for dei kring oss og korleis det går inn i ein større samfunnssamanheng. Det har vore mitt prosjekt med skrivinga så langt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mangelen på ord, det vanskelege med å nå fram til kvarandre i kritiske situasjonar, interesserer meg.

Helga Flatland, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis