Mor, mor, gøym meg!
Barndomens viseskattar:
Christian Krohg: «Sovende mor med barn».
Christian Krohg Sovende mor med barn
Den fyrste song
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt
når eg fær auga kvila.
Der stend ein engel smiler blidt,
som berre ei kan smila.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.
Den fyrste song
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt
når eg fær auga kvila.
Der stend ein engel smiler blidt,
som berre ei kan smila.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.
Per Sivle var fødd i Flåm i 1857, som tvilling. Berre Per fekk så vidt overleva, og vart ført inn i kyrkjeboka med ring rundt namnet, noko som fortalde at han var uekte son.
Skamma gjorde at mor hans, Susanna Ryum, prøvde å ta livet sitt. Ho vart seinare gift med faren, men døydde i barselseng etter to par nye dødfødde tvillingsøner.
Det var ikkje rart om Sivle vart prega av saknet etter mor si, som han mista berre vel to år gamal. Ingen veit kva han hugsa om henne, men i hans tyngste stunder var det som om mora kom til han som i ein ljoske.
Ein kald vinterdag står eg i lag med Jens Brekke frå nabogarden til Sivle-heimen, ved mora si grav. Begge er me så til stades i denne sterke historia, at me – 150 år etter – vert ståande og tørka tårer. Det er som om me begge tek inn over oss smerta i ei mors korte og vonde liv, og styrken i det tapte samlivet mellom to like ulykkelege, mor og son, men som opna for noko av det vakraste i norsk poesi: «Den fyrste song eg høyra fekk, (…) den song som allting heilar.»
Etter at mora døydde, vaks Per opp på slektsgarden Brekke, nabogarden til Sivle. Far hans, Eirik Hanssen Sivle, som var ein velhalden hestehandlar, heldt kontakt med den einaste sonen sin – og ynskte at han skulle få bli til noko. Guten hadde store evner og ville bli prest, men var så rappkjefta at då han skulle konfirmerast, sa presten til han:
– Eg har merka meg at du seier du til meg. Det sømer seg ikkje.
– Eg seier du til høgare personar enn deg, svara Per.
– Kven då, spurde presten.
– Fader vår, du som er i Himmelen, sa Per.
Per lét seg ikkje stogga. Dei neste to vintrane gjekk han på Jakob Sverdrups folkehøgskule i Sogndal, før han drog til Kristiania, der han tok mellomskuleeksamen for å førebu seg til gymnaset og kanskje universitetet.
Men livet vart ikkje lett for Per Sivle. Han måtte gje opp tanken på nye skular og på prestedraumen, for mesteparten av dagane plagast han av ein smertefull nervesjukdom, Det var som om nokon saga seg langsamt gjennom hovudet hans.
I den stadige kampen mot smertene og tungsinnet vart han likevel både forfattar, avisjournalist og ein kjend diktar. Den 24. november 1877 fekk han, under signaturen S, «Den fyrste songen» på trykk i Fedraheimen – diktet som Lars Søraas laga melodi til i 1909 og som vart ein av nasjonalskattane våre.
Per Sivle, seiest det, var både folkekjær og omstridd, humorist og pessimist. Han gav ut viktige barnebøker, skreiv varmt om dyr og var oppteken av småkårfolkets urettar, samstundes som han skreiv muntre vossastubbar.
Mange av dei nasjonale dikta hans, som «Vi vil oss et land» og «Tord Foleson», gjorde Sivle ekstra kjend rundt oppløysinga av unionen med Sverige og i åra under den andre verdskrigen.
Olav H. Hauge skriv i 1973 at skriftene til Sivle ikkje tek så store plassen, og at mangt i bøkene hans som gjorde nytte i si tid, ikkje har så mykje å seia oss i dag.
Men det beste er tindrande friskt. Nokre forteljingar og soger, ein slump dikt og ein roman – og me har Sivle. Ingen skal lasta Sivle for at han ikkje gjorde meir. Det er ikkje sidetalet det kjem an på, skriv diktaren frå Ulvik. Og kva sa Arne Garborg: Noko heilt fekk Sivle aldri gjort.
Mens Ivar Aasen meinte at Sivle skulle hatt livsviktig diktarløn, om han så ikkje skreiv ei einaste linje utover den første samlinga av vossastubbar.
Det kunne kome vel med, seier eg – for Sivle sleit med både helsa og den tomme pungen.
Men det vart ein vår i Per Sivles liv. Det var i 1887, på Askov Højskole i Danmark, at han møtte kona si, Wenche von der Lippe Nilsen, som kom frå ein rik familie i Bergen. Han hadde fått kjenna på kjærleikens krefter, som kjem så fint fram i diktet og den muntre songen «Vårvon», der naturen vakna og lo til han, og han nikkar til lauv og til gras og til blom, og trallar åt fuglom så lunden gav ljom.
Wenche var ei engasjert kvinne og ein pioner i arbeidet for likestilling, skriv Alfred Fidjestøl i boka si om Per Sivle. Intellektuelt var dei to likeverdige, men Per var flink til å leva på lån og driva fritt omkring, utan å ta så myke omsyn til mannsrolla si.
I 1888 fekk dei dottera Susanne.
Dei siste åra leigde den vesle familien seg inn i andre etasje i Øvre Storgate i Drammen. Der sat han ved enden av stovebordet og skulle skriva dikt for å tena til livets opphald. Men det var ikkje enkelt. Smerta sleppte aldri taket. Familien var blitt tre, og ved frukostbordet ein dag sa kona hans:
– Du som ikkje tener pengar nok til å brødfø familien din, må ikkje eta så mykje, og ikkje leggja så tjukt med smør på brødet.
Det likte ikkje diktaren. Kvit i ansiktet reiste han seg, og utan eit ord treiv han smørasjetten og kasta han i golvet så smøret skvatt oppetter veggen. Så fór han ut av døra og vart borte resten av kvelden. Dette var i 1900.
Ekteskapet varte livet ut, men fattigdomen gjorde at mann og kone levde kvar for seg i seks år. Det var nok ei hjelp til familien at Sivle fem gonger fekk diktarstipend. Men då han mista stipendet i 1904, kom det som eit sjokk på han. Livet vart ikkje lettare.
Den 15. juli same året skreiv han eit dikt på åtte vers, som sluttar slik:
«Og når du er mæt av hvad livet dig gav, der venter en grav, der venter en grav i ditt Fædreland».
I diktet han hadde på prent i Buskeruds Amtstidende like før han døydde, var det hans siste farvel til livet: «Og no skal Noreg ha takk for meg».
Mot slutten herja smertene så sterkt at Sivle trudde han skulle bli sinnsjuk. Det var i desse tyngste stundene at mora kom til han som i ein ljoske.
Per Sivle hadde mange gode vener, men ingen kunne trøysta han, andre enn mor, då han 6. september 1904 gjekk til Christiania bad i Oslo – og skaut seg, 47 år gamal.
Etter døden fann dei denne helsinga i nattbordskuffa hans: «Jeg vilde ei leve, men turde ei dø – og levede livet som før. Nu vil jeg ei dø, men tør ikke leve – og – dør.»
Per Sivle, kona Wenche og dottera Susanne ligg alle gravlagde på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen.
På Stalheimskleiva står minnesteinen over Per Sivle med inskripsjonen som er identisk med slutten på det sterke sogediktet hans: «Tord Foleson»: «Og det er det stora, og det er det glupa, at merket det stend om mannen han stupa».
Minnesmerket står også på Strømgodset kyrkjegard i Drammen, på Papirtorget i Drammen, på Nordhue på Hedmarksvidda og i Flåm, der han vart fødd.
Åshild Ulstrup
Åshild Ulstrup er journalist
og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.