Agnes Ravatn skriv om livet på landet.
Foto: Grethe Nygaard
NY RAVATN-BOK
Verda er ein skandale heiter Agnes Ravatns nye bok, som kjem i midten av denne månaden. Der skriv ho om livet, lukka og eit tilvære på bygda. Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek ho mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roa ned. På eit forfalle småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi. Kveldane går med til å drikka vin og samtala med den næraste naboen – venen og forfattarkollegaen Einar Økland.
SAMLAGSJUBILEUM
Neste år vert Samlaget 150 år. Det skal feirast, blant anna med å arrangera Nynorsk lesedøgn i skulen. I revidert nasjonalbudsjett fekk forlaget støtte til lesedøgnet, og forlaget vil gå ut med tilbod til alle grunnskular i landet i jubileumsåret.
Neste år kjem dessutan storverket Nynorsk litteraturhistorie, skrive av Jan Inge Sørbø. Og i slutten av april skal det arrangerast stor festkveld i Det Norske Teatret.
LITTERATURDAGAR I VINJE
I slutten av august er det på nytt klart for Litteraturdagane i Vinje i Telemark. Det vert lagt opp til tre dagar som skal vera ei motvekt til alt som er flyktig og forstyrra. På programmet står både Kim Leine, Maria Parr, Einar Økland, Jan Kristoffer Dale, Henrik Mestad, Odd Nordstoga, Herborg Kråkevik, Kristin Sørsdal, Knut Hamre og Benedicte Maurset med fleire.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
NY RAVATN-BOK
Verda er ein skandale heiter Agnes Ravatns nye bok, som kjem i midten av denne månaden. Der skriv ho om livet, lukka og eit tilvære på bygda. Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tek ho mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roa ned. På eit forfalle småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi. Kveldane går med til å drikka vin og samtala med den næraste naboen – venen og forfattarkollegaen Einar Økland.
SAMLAGSJUBILEUM
Neste år vert Samlaget 150 år. Det skal feirast, blant anna med å arrangera Nynorsk lesedøgn i skulen. I revidert nasjonalbudsjett fekk forlaget støtte til lesedøgnet, og forlaget vil gå ut med tilbod til alle grunnskular i landet i jubileumsåret.
Neste år kjem dessutan storverket Nynorsk litteraturhistorie, skrive av Jan Inge Sørbø. Og i slutten av april skal det arrangerast stor festkveld i Det Norske Teatret.
LITTERATURDAGAR I VINJE
I slutten av august er det på nytt klart for Litteraturdagane i Vinje i Telemark. Det vert lagt opp til tre dagar som skal vera ei motvekt til alt som er flyktig og forstyrra. På programmet står både Kim Leine, Maria Parr, Einar Økland, Jan Kristoffer Dale, Henrik Mestad, Odd Nordstoga, Herborg Kråkevik, Kristin Sørsdal, Knut Hamre og Benedicte Maurset med fleire.
ottar@dagogtid.no
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.