Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Roman om ei valdtekt

Kathrine Nedrejord opplevde skrekken: valdtekt på open gate. Ho kunne velja å fortrengje det, eller ho kunne få det ut. Berre éin månad etter var ho i gang med ein roman om overfallet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kathrine Nedrejord er husdramatikar ved Nationaltheatret. Ho ser ikkje bort frå at det kan koma ein teaterversjon av den nyaste romanen.

Foto: Ronny Spaans

6568
20180907
6568
20180907

Litteratur

ronny@dagogtid.no

Kathrine Nedrejord er ein av dei lovande unge forfattarane våre. Den norsk-samiske romanforfattaren og dramatikaren har hausta gode kritikkar for debutromanen Transitt frå 2010 og for Trengsel som kom ut i 2014. Det same gjeld ungdomsromanane ho har skrive.

Bøkene til Nedrejord har eit røyndomsnært innhald – dei handlar om ei norsk kvinne busett i Paris. Nedrejord har sjølv budd i den franske hovudstaden dei siste sju åra.

Ho var i gang med noko nytt: å skrive ein historisk roman om ein fiskar i Finnmark i 30-åra. Men «Paris tek aldri slutt», skreiv Ernest Hemingway. Det fekk Nedrejord merke.

– Livet kom inn og avgjorde kva eg skulle skrive.

For eitt og eit halvt år sidan opplevde Nedrejord alle kvinners mareritt: Ei overfallsvaldtekt på open gate ei natt i Paris. Ho hadde valet mellom å fortrengje det og å få det ut.

– Det er viktig å setja ord på opplevinga og å gje valdtektsofferet eit andlet, så andre kjenner seg att. Di fleire som set ord på det, di mindre tabu blir det.

Unntakstilstand

Nedrejord fortalde redaktøren at ho ville skrive om opplevinga med ein gong. Forlaget var skeptisk. «Det kunne bli for nært», var kommentaren.

Berre fem–seks veker etter hendinga tok Nedrejord til å skrive.

– Eg ville vera så tett på hendinga som råd. Om eg venta med å skrive dette, hadde boka vorte prega av etterpåklokskap. Det var òg viktig å få det ned på papiret av ein annan grunn. Nevrologiske undersøkingar viser svært ulike aktivitetsnivå i hjernen hjå eit traumatisert og eit ikkje-traumatisert menneske. Hjå den traumatiserte er berre eit lite område aktivt. Kroppen gjev deg instinkt.

Denne sinnstilstanden kjem særleg til uttrykk i sjokkopplevinga ho skildrar i byrjinga av romanen, med korte, intense setningar.

Vi les mellom anna: «driver fortsatt og famler mot erkjennelse», «hjerter banker unntakstilstand, de vil se det med én gang, den svette og engstelige auraen som jeg helt sikkert utstråler». Det siste sitatet handlar om tryggingskontrollen på lufthamna i Paris.

Då redaktøren fekk sjå resultatet, endra han meining: «Den beste romanen ho har skrive.»

Kafka

Om Nedrejord skreiv nærast på instinkt, gløymde ho ikkje den litterære forfattaren i seg.

«Da K. en morgen våknet opp av urolige drømmer, fant hun seg sjøl i trappeoppgangen forvandlet til et lite, forfjamset dyr», heiter det alt på fyrstesida i romanen.

Dei som kjenner klassikarane i verdslitteraturen, dreg fort kjensel på utdraget: Franz Kafkas kjende novelle om Gregor Samsa, som ein morgon vaknar og oppdagar at han er omskapt til eit diger insekt. Den symboltunge forteljinga er på mange vis sjølvbiografisk og handlar om skam, fortrenging og menneskeverd.

Tittelen på Kafkas forteljing er òg tittelen på Nedrejords roman: Forvandlinga.

– Kafka er ein av favorittforfattarane mine. Referansen til han kom alt då eg skreiv fyrste kapittel. For meg vart hendinga ei liknande forvandling som den Gregor opplever. Eg kom i sjokk, men utan å skjøna at eg var i sjokk. Samtidig opplevde eg ei omvend forvandling. I motsetnad til Gregor føler hovudpersonen i romanen seg som den same utvendig, men heilt annleis innvendig.

Denne framandgjeringa fører til at forfattaren ikkje omtalar seg om «jeg», men «hun». I byrjinga av romanen kjem òg skamma til uttrykk i dødslengt og i ei kjensle av å vera nedrig og verdilaus.

– Du er som eit dyr, både bokstavleg og litterært, seier Nedrejord.

Romanen fortel korleis vegen attende til livet er både ein kroppsleg og ein språkleg prosess for hovudpersonen.

Systemet

Denne prosessen er uføreseieleg. Hovudpersonen trur ho har kontroll, men bryt saman før ho skjønar det. I romanen går hovudpersonen i lag med ein fransk ven til politistasjonen for å melde valdtekta. Politiet verkar fyrst ikkje overtydd, men «stemmen knekker. Hun begynner å gråte. Det er dumt og barnslig og ukontrollert, men også effektivt viser det seg».

Politimennene slepper henne inn med det same.

– Hendinga tek fullstendig kontroll over livet, og ein veit ikkje korleis ein reagerer. Det var ikkje sikkert at det ville koma eit samanbrot der og då. Om det ikkje hadde kome, ville dei kanskje vorte mistenksame. Sjokk kan gjera folk nomne og apatiske. Det er ein av bodskapane i romanen, eg vil vise kor ulike reaksjonane på eit overgrep kan vera.

I romanen fortel ho om episodar der hovudpersonen må vente unødig lenge på hjelp. Ho fortel mellom anna om møte med franske funksjonærar, som er kjende for den byråkratiske, ineffektive veremåten sin. Her kjem Kafka atter til hjelp:

«Kafka blei gal av dette da han satt år etter år og studerte lovverket, den juridiske prosessen, det er som om Systemene er redde for på noe tidspunkt å vende blikket mot menneskene som har lagd dem, som om Systemet hele tida, hele veien, i hver formulering, i hvert valg søkte å renske seg for menneskelighet.»

«Systemet» er ikkje minst det fransk rettsstellet.

– I Frankrike blir ikkje berre overgriparen utsett for etterforsking, men offeret òg. Forhøyrsdomarane krev ei psykiatrisk vurdering av den krenkte parten. Sjølv om det er ein rein formalitet, kjennest det ikkje riktig.

#Metoo

I vinter skylde #metoo-kampanjen inn over norske medium. Frå vidt ulike felt i samfunnet dukka det opp forteljingar om vald og diskriminering av kvinner. Stormen har lagt seg i media. Spørsmålet er om det no kjem #metoo-bøker i skjønnlitteraturen. I år er òg Maria Kjos Fonn aktuell med romanen Kinderwhore.

Nedrejord vil ikkje utan vidare definere boka si som ein #metoo-roman.

– #Metoo er ei viktig rørsle som har sett søkjelys på strukturelle problem knytte til diskrimering av kvinner, endå om det somtid har vore for mykje personfokus. Men mi bok har nok eit anna fokus enn det som er tema i #metoo-kampanjen: sexpress på jobben og andre stader med nære relasjonar.

– I førre Dag og Tid kritiserte Anne Bitsch media for å klippe til #metoo-historiene. Er du redd det skal skje med boka di no i media? Vil vi få titlar som «Same valdteken i Paris»?

– Nei, for denne historia har allereie vore gjennom ein litterær redigeringsprosess. Mi historie er ikkje identisk med forteljinga i boka. Eg har teke bort det sensasjonelle og fokuserer på den indre utviklinga til hovudpersonen. Eg trur nok media òg vil respektere min versjon av hendinga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Om eg venta med å skrive dette, hadde boka vorte prega av etterpåklokskap.

Kathrine Nedrejord

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis