Utforskar kjærleiken i musikk og lyrikk
Unnveig Aas skriv svulstige countryballadar og moderne lyrikk for å sleppe seg laus.
Det nyaste albumet til Unnveig Aas er nominert til Spellemannsprisen.
Foto: Julia Marie Naglestad
Bakgrunn
Unnveig Aaserud Stokke
Artist- og forfattarnamn Unnveig Aas
Fødd 23. november 1990, oppvaksen i Holmestrand, bur i Kongsvinger
Har gitt ut albuma Old Soul (2017) og Young Heart (2019)
Har skrive diktsamlingane Mannen er vakker fra livet og opp (2014, saman med Linda Therese K. Utstøl) og Vi var enige om noe (2018)

Dikt og musikk
emmajrodli@gmail.com
Unnveig Aas har gitt ut to diktsamlingar og to musikkalbum sidan 2014. Det siste albumet, Young Hearts, vart denne veka nominert til Spellemannprisen for 2019, i kategorien country.
– Det er litt uverkeleg, men det gjer mykje for sjølvtilliten å bli nominert. Det kom mange gode plater i sjangeren i fjor, så eg vart eigentleg overraska over nominasjonen.
Aas lagar musikk i sjangeren americana, og namnet hennar kjem ofte opp i samband med omgrepa norwegicana og nordicana.
– Eg høyrer heime i dei sjangrane. Nordicana er ei nemning på norske artistar som er påverka av country og americana. Det er fleire gode artistar som lagar musikk i sjangeren no, som Signe Marie Rustad og Malin Pettersen.
Country som vaksen
Då Aas starta band som tenåring, skreiv ho mest indiemusikk. Countryen gjekk ho over til først som vaksen.
– Foreldra mine høyrde på country då eg voks opp, men som tenåring syntest eg det var harry. Det var då eg oppdaga det svenske bandet First Aid Kit, at eg vart interessert i country- og americanasjangeren. First Aid Kit hadde ei spanande tilnærming til sjangeren. Dei lydde meir moderne og hadde fleire popelement i musikken enn eg var van med frå tradisjonell country.
Då Aas gjekk frå å spele i band til å spele åleine, var countryen eit naturleg val.
– Det er ein grei sjanger å spele åleine, for det er nok med ein gitar og ei stemme. Men eg er meir oppteken av korleis eg kan formidle låta best mogleg, enn av å halde meg strengt til sjangeren. Eg er glad i å skrive tekst og synest det er viktig å fortelje historier med låtane eg lagar.
To diktsamlingar
Interessa for tekst har fått direkte utslag i det andre kunstnariske prosjektet til Aas. Parallelt med at ho har gitt ut musikk, har Aas gitt ut to diktsamlingar på Flamme forlag. Debuten Mannen er vakker fra livet og opp (2018) skreiv ho saman med Linda Therese K. Utstøl. Solodiktsamlinga Vi var enige om noe kom i 2018.
Aas opplever at musikken og litteraturen ho lagar, er nært knytte til kvarandre.
– Eg skriv ofte om same tematikk. Å uttrykke meg er noko eg har behov for, anten det er i lyrikk eller musikk. Eg var veldig sjenert då eg voks opp, og eg er det for så vidt framleis.
Ein gjennomgåande tematikk i både forfattarskapen og musikken er kjærleik og relasjonar som ikkje fungerer. I Mannen er vakker fra livet og opp utforskar Aas og Utstøl to unge kvinners jakt på kjærleik.
– Vi møttest då vi studerte saman på forfattarstudiet i Bø. Då vi skreiv diktsamlinga, var vi i same situasjon. Begge prøvde å finne den store kjærleiken. Eg har jo spelt mykje i band og er van med å jobbe saman med andre. Det var fint å ikkje vere åleine med eit så stort prosjekt.
I boka er det bilde av ulike mannstorsoar. Etter kvart bilde følger ein samtale via meldingar mellom det som kan tolkast som to venninner, om menn og kjærleik.
– Eg var litt meir rebelsk i førsteboka mi. Det er ikkje så vanleg å objektivere mannekroppen, så vi ville bryte med det. Eg var litt yngre då, og eg syntest det var tøft. No kjennest boka litt gammal. Det er framleis fine dikt i boka, men eg var kanskje litt for tøff i trynet.
– Korleis var det å gi ut bok åleine etter å ha samarbeidd med nokon om den første boka?
– Eg følte meg meir sårbar. Og det tok lang tid før eg fann den tematikken eg ville ha. Det var lettare då eg hadde nokon å samarbeide med.
Også andreboka handlar om forhold som tek slutt. Aas lét seg inspirere av brev Amalie Skram skreiv til sin andre ektemann.
– Måten ho skildra tap av kjærleik og dei ho var glad i, på, inspirerte meg. Det ho skreiv om, er universelle kjensler. Eg syntest det var interessant å utforske dei i ei moderne tid.
Klisjear på engelsk
Aas skriv songtekstane sine på engelsk, mens ho skriv lyrikk på norsk.
– Kvifor skriv du på ulike språk?
– Eg likar godt engelsk. Det er eit vakkert språk. Og countrysjangeren er jo amerikansk, så eg er van med å høyre musikk i sjangeren på engelsk. Men eg beundrar dei som skriv songtekstar på norsk. Det hadde vore gøy å skrive nokre norske låtar etter kvart.
– Ville det gå greitt å skrive songtekstar på norsk?
– Songtekstane og lyrikken min er ulike kvarandre. Songtekstane skal ha god flyt og gjerne vere på rim, og eg likar å prøve meg på å skrive klassiske countryballadar. Dei er svulstige på ein måte som lyrikken ikkje er. Eg opplever at eg kan leike meir med klisjear i engelskspråklege songtekstar enn i norsk poesi. I lyrikken er klisjeane sett ned på.
Å balansere dei to kunstformene er ikkje alltid enkelt.
– Når eg jobbar med eit stort prosjekt, kan det vere vanskeleg å prioritere noko anna. Eg jobbar med å alltid ta meg tid til begge delar. Men i enkelte periodar er eg meir forfattar, og i andre er eg meir musikar.
Flytta frå Oslo
Aas har flytta frå Oslo til Kongsvinger, og ho jobbar i ein bokhandel ved sida av musikk- og litteraturprosjekta sine.
– Store delar av den norske litteraturverda held til i Oslo. Korleis er det å ikkje bu der som forfattar?
– Eg har framleis kontaktane mine i Oslo. Og no for tida er det jo litt kult å bu på bygda. Dessutan er det er billeg å bu her, så eg kan bruke meir tid på musikk og litteratur. Eg ønsker å drive med det på heiltid. Samstundes er det godt å kople av og gå til ein vanleg jobb iblant.
No jobbar Aas både med neste album og neste bok.
– Eg har ein arbeidstittel til neste album, og eg er i dialog med redaktøren min. Eg er der i prosessen at eg legg til nye og fjernar gamle dikt, slik at samlinga ikkje skal bli lengre enn ho er no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er herleg å kunne stå på ei scene eller skrive dikt og sleppe laus det eg har inni meg.
Unnveig Aas, musikar og lyrikar
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.