JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrett av Hans Olav Lahlum.

Portrett av Hans Olav Lahlum.

Foto: Atle Grønn

Portrett av Hans Olav Lahlum.

Portrett av Hans Olav Lahlum.

Foto: Atle Grønn

2229
20170818
2229
20170818

Berre veggane på hotellrommet veit kven du er etter eit tapt tårnsluttspel. Hotellrommet får eksistensielle dimensjonar for ein sjakkspelar.

Norske sjakkspelarar hugsar kvar krok av Gausdal Høgfjellshotell, som frå 1970 var sjakkhotell tre–fire veker kvart år. «Korleis var vêret på høgfjellet?» spurde sjefen når ferien var over. «Eg veit ikkje. Eg hadde ikkje vindaugsplass», var svaret frå sjakkspelaren.

Eitt tiår, frå 1996, var Hans Olav Lahlum arrangør på fjellet. Han var den gongen godt kjend i sjakkmiljøet og heilt ukjend utanfor. Ganske ukjend var òg vesle Magnus som eg tapte mot på Gausdal i 2004, ei tid då eg sjølv var redaktør av Norsk Sjakkblad. Ei natt det året vart eg sitjande på hotellet med Hans Olav, som eg hadde kjent sidan han flytta til Gjøvik frå Nordland på slutten av 80-talet. Eg vart så trøytt, men Hans Olav berre heldt fram. Eg skjøna ikkje korleis han kunne prata så mykje utover natta utan alkohol. Nesten ti år seinare skulle han setja rekord med verdas lengste intervju (30 timar med stutte spørsmål frå Mads Andersen i VGTV – og laaaange svar frå Lahlum).

På eit tidspunkt stoppa han opp og stilte meg eit eksistensielt spørsmål: «Veit du, Atle, kva som er problemet mitt?» Eg vart litt perpleks klokka 01.30 om natta. Han var klinkande edru. Eg skjøna at det ikkje var eit retorisk spørsmål, så eg tykte eg måtte svara: «Du har ikkje noko anna liv enn sjakken?» freista eg.

Han såg forfjamsa ut ein liten sekund. «Nei, langt i frå. Eg har fleire prosjekt på gang.» Han fortalde meg kva som var problemet hans, men eg har gløymt svaret.

Nokre månader seinare kontakta han meg. «Eg skal ha ein kronikk på trykk, og treng eit portrettbilete. Du er den einaste eg kjenner med eit fotoapparat.»

Portrettbiletet mitt av Lahlum har vore prenta i Aftenposten (utan kreditering!) og fleire norske aviser. Hans Olav var strålande nøgd over portrettlikskapen.

I 2005 vart Carlsen så god at eg slutta som sjakkredaktør. Eg hadde gått tom for adjektiv («utruleg», «fantastisk» osb.). Lahlum tok over som redaktør av Norsk Sjakkblad, og med tida vart biletet eg tok av etterfylgjaren min, utkonkurrert av andre fotografar.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis