JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvinnepionerar på skrå bredder

I ei tid då det var få sjølvstendige yrke norske kvinner kunne velje, vart skodespelarane pionerar som yrkeskvinner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lucie Wolf (1833–1902) er den som vert mest levande framstilt.

Foto: Claus Peter Knudsen / Oslo Museum / DigitaltMuseum

5225
20200821
5225
20200821

Historie

Live Hov:

Kunstnere og yrkeskvinner. Norges første skuespillerinner

Vidarforlaget

Professor Live Hov har i dei seinaste tretti åra skrive fleire teaterhistoriske bøker med eit særskilt kvinneperspektiv, med tema som alt frå da dei første kvinnene slapp til på europeiske scener på 1500- og 1600-talet, og til dei tidlegaste døma på kvinneprofilar i skandinavisk teater. Det nyaste bokverket hennar fokuserer på kvinneposisjonane i den norske teaterhistoria.

I Noreg fekk vi dei første eigne teaterinstitusjonane tidleg på 1800-talet. I motsetnad til i Shakespeare-tida, då kvinnerollene vart spela av gutar, slapp kvinnene no til som skodespelarar alt frå starten av. Og det var ikkje ein like lett lagnad for alle, kan Live Hovs bok fortelje.

Tre bolkar

Boka er delt i tre hovudavsnitt. I det første gjev Hov oss eit riss av brytingstida frå 1700- til 1800-talet, der profesjonelt teater i Noreg opphavleg var danske troppar på turnear og gjestespel, og der dei første norske teatera, frå det aller første, Strømbergs Theater (frå 1827), stort sett òg nytta danske aktørar.

Fornorskinga av scenekunsten var ein kampsak i denne tida, og mellom andre Henrik Wergeland og Henrik Anker Bjerregaard var med på å styrke norsk sceneidentitet. I dette avsnittet får vi òg lese små presentasjonar av danske skodespelarinner som spela på dei første norske teatera og dels danna skule for norske etterkomarar.

Dei første norske teatera i Kristiania, Bergen og Trondheim vert òg grundig presenterte, og her får vi mellom ann sjå korleis Ibsen og Bjørnson kjem inn som dramatikarar, instruktørar og teatersjefar, og kor dominant påverknad dei fekk på det som skulle bli norsk teater.

I andre hovudavsnittet kjem forfattaren med biografiske portrett av åtte teaterkvinner som markerte seg i denne gründertida. Av desse åtte er nokre alt på førehand kanoniserte teaterlegender, som vi framleis vil finne byster og målarstykke av i norske teatersalongar. Nokre har Hov framheva av andre, individuelle grunnar. Felles er likevel at dei alle kom frå enkle kår, og alle kom til å spele sentrale Ibsen-roller, i mange tilfelle ved urpremierane. Så nær som ei av dei, tragedienna Laura Gundersen, hadde fundamentet sitt frå Det Norske Theater (seinare Den Nationale Scene) i Bergen.

Fascinerande lesnad

Desse nærbileta er fascinerande lesnad, ikkje minst med tilvisingane til memoarbøker skrivne av kvinnene sjølve. Livshistoriene til Johanne Juell og dotter hennar Johanne Dybwad står sjølvsagt som ein berebjelke i samanhangen, sjølv om sistnemnde fru Dybwad høyrer heime i epoken etter, norsk teaters gullalder. Den av dei portretterte som kan hende står aller mest levande fram for oss i skildringa her, er komedienna Lucie Wolf (1833–1902). Ho er òg den einaste av desse, unnateke fru Dybwad, som kom til å halde lina frå Det Norske Theater og inn i ensemblet til det nye Nationaltheatret, der ho var dei siste tre åra av livet sitt.

Siste hovudbolken handlar generelt om kva arbeidstilhøve og levekår pionerskodespelarinnene hadde i Noreg. Tydelegvis må det ha vore naudsynt med ei målmedviten innstilling, endå meir enn i dag, då mange av dei streid med motstand frå kristeleg-moralsk familiehald. Både av denne grunnen og av den avgjerande grunnen at lønene var låge og harde å leva på, var det vanskeleg for ei kvinne og skodespelar å få ein akseptert posisjon i det borgarlege samfunnet. Lettast gjekk det såleis for dei som òg var gifte med skodespelarar. Dei som gifte seg med «vanlege» menn, forsvann fort frå teateret, dei fleste av dei.

Sett i bås

Eit særs interessant underkapittel i denne bolken er skildringa av dei såkalla rollefaga. Det syner seg at kvinner på scenen vart sett typemessig i bås i ein langt meir detaljert skala enn mennene. Dette hadde sjølvsagt òg å gjere med kva for dramatikk som vart spela. I rollefordelinga var det då om å gjere å få definert kven som passa til jomfru, kammerpike, matrone, ung enke, omsorgskvinne, vamp – og til og med mann. (Omgrepet «bukseroller» oppstod når kvinna vert sett til å spele gut eller ung mann.) Ein slik repertoartankegang ville jo verke svært merkeleg i dag.

Mot slutten av boka får vi ei rekkje dokumenterte døme på at sjølv anerkjende, suksessombruste skodespelarinner sleit økonomisk, og at det med nokre av dei gjekk alvorleg på helsa laus. At skodespelarane i denne tida sjølv måtte skaffe og betale kostyma sine, var òg eit moment som gjekk hardast ut over kvinnene. Mannfolka gjekk mykje i den same mørke dressen. Konklusjonen er likevel at dei første norske kvinnene som gjekk til scenen, jamna vegen godt for dei som er komne etter.

Live Hov har på ettertenksamt og underhaldande vis sett lys over teaterhistoria vår frå ein spennande vinkel, med mange oppklårande peikarar til generell norsk kulturhistorie. Boka er elles skriven med ein sterk, gjennomsiktig kjærleik til teateret og alle som tener i Thalias tempel.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det syner seg at kvinner på scenen vart sett i bås i ein langt meir detaljert skala enn mennene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis