JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om nokon ønskjer ein gjennomgang av sentrale bøker i litteraturhistoria: Jan H. Landro har dekt bordet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan H. Landro har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur.

Foto: Jan M. Lillebø

4208
20170908
4208
20170908

LITTERATUR

Jan H. Landro:

Frå Nora til Karl Ove

Og 84 andre personar i norsk litteratur

Samlaget

Frå Nora til Karl Ove gjev eit kortfatta innblikk i litterære figurar som så til dei grader er vorte felleseige at vi veit kva dei står for, utan å ha lese bøkene eller kjenner opphavet deira.

Boktittelen seier sitt. Nora Helmer som forlèt dokkeheimen. Oskeladden som ein representant for folkesjela. Kjell Askildsens kynikar Thomas F. som strir med einsemd. Amtmannens døtre som fekk eit jenteband kalla opp etter seg på syttitalet. Varg Veum som er alle detektivars drikkfeldige klisjé og prototyp. Hvite niggere som søkte identitet i rock, rus og apati. Seks nemnde, to av dei kvinner, talet representerer Jan H. Landros utval, kan hende òg representativt for bokhaustane dei siste hundre åra.

Personleg kanon

«Velkommen til eit møte med eit utval av dei mest minneverdige, oppdikta personane i norsk litteratur!» skriv Landro i føreordet. Om han har orda i behald, får kvar einskild avgjere. Dette er så tydeleg Landros personlege kanon, og fordi han er både skulert og lærd – dessutan skrivefør som få – er han ein driven omvisar i den norske bokheimen.

Vi merkar oss forresten ei stille begeistring for det underfundige. Særleg i omgangen med litterære figurar som Ragnar Hovlands Dr. Munk (Sveve over vatna) og Rolf Sagens Joran Krake (Springfart ved fjorden), slår han til med lakoniske synspunkt som dette: «I den mon (…) skikkelsane har noko felles med oss som les historiane, må vi berre erkjenne at framleis er mykje i menneskes indre uutforska».

Lesaren står fritt til å trekkje liner om labyrintar i menneskesinnet, frå Knut Hamsuns Nagel (Mysterier) til Lars Saabye Christensens Fred (Halvbroren) eller Carl Frode Tillers mann utan minne (Innsirkling I–III).

Einskildteksten som byrjar med eit samandrag av handlinga i boka og sluttar med synspunkta til Landro, gjerne med anekdotar ein må ha hatt nærkontakt med forfattaren for å ha greie på, er særleg eigna for elevar i den vidaregåande skulen som ikkje har tid til å lese romanar sjølve, men har eit arbeid å gjere til neste norsktime.

Men vel så stor glede er det for oss som ønskjer eit innblikk i dei litterære straumane dei siste tre hundre åra: frå nasjonsbyggjaren frå folkedjupet, nemnde Oskeladden, til Vigdis Hjorths opprørar i skandaleroman Arv og miljø frå i fjor. (Det er synd at deadline for Landros bok var sett då systera Helga Hjorth kom med det skjønnlitterære svaret Fri vilje.)

Kvinneunderskot

Boka er delt inn i kapittel. Ein «opprørar» er nemnd, somme «gåtefulle», eit par «eventyrlege». Av «dei tragiske» finn vi forfattarar som Torborg Nedraas (Av måneskinn gror det ingenting), som fekk ein renessanse som obligatorisk feministlesing, og trilogien om Herbjørg Wassmos Tora, som forfattaren fekk Nordisk råds litteraturpris for. Om sistnemnde går Landro hardt ut mot (særleg mannlege) kollegaer som ikkje evna, eller ikkje ville, sjå «kva for eit nyansert portrett forfattaren har teikna av eit plaga ungjentesinn. Eller korleis Wassmo i denne eine skikkelsen sameinar kvinneundertrykking, incest og andre svik mot dei minste med utviklingsromanens karakteristiske trekk og fine miljøskildringar».

Mykje kan seiast, og vanleg i samanhengar som dette, er å nemne kva ein saknar. Fordi kvinneunderskotet i Landros utval er påtrengjande: Kva med å inkludere Magdalene Thoresen i eit seinare opplag? Forfattarskapen hennar er ein evig kritikk av patriarkatet, skriven i ei tid då slik kritikk var knytt til skandale. Og kvifor er ikkje Anne B. Ragdes Neshov-serie nemnd i kapittelet om «Slitarane»? Finare mannsportrett enn det ho teiknar av grisebonden på Byneset i Trondheim, skal ein leite lenge etter. Personleg skulle eg òg gjerne ha sett Kaj Skagens Jonas (Barføtt gjennom Europa) i utvalet. Han var både «opprørar» og «kunstnarspire». Og Johan Bojers siste viking – kvar vart han av i alt mylderet?

Fartein Horgar

Fartein Horgar er bokmeldar i Adresseavisen. Sidan Jan H. Landro er knytt til Dag og Tid som skribent, er boka meld av ein ekstern meldar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka er særleg eigna for elevar i den vidaregåande skulen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis