Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Reservisten har eit nytt perspektiv på ei tragisk historisk hending.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bjørn Olaf Johannesen er dramatikar, og har no skrive sin første roman.

Foto: Cathrine Maske

3633
20170901
3633
20170901

Roman

Bjørn Olaf Johannessen:

Reservisten

Tiden Norsk Forlag

I 1896 freista den svenske ingeniøren Salomon August Andrée å sveva over Nordpolen i ein hydrogengassballong. Ferda skulle starta på Danskeøya (Svalbard), og med seg på ekspedisjonen hadde Andrée studenten, forskaren og fotografen Nils Strindberg og meteorologen Nils Gustaf Ekholm. Det året vart det ikkje noko av reisa, grunna ulageleg vind, og Ekholm forstod at heile ferda var umogleg, av di ballongen ikkje var tett nok, og av di Andrée hadde urealistiske tankar om andre tekniske problem.

Dagboksnotat

I 1897 prøvde så Andrée ein gong til, også no med Strindberg, i tillegg til ingeniøren Knut Frænkel, og med løytnant Vilhelm Swedenborg som reserve. I Reservisten er det hendingane i tida frå avreisa frå Sverige og til ballongen kunne løysast frå Danskeøya, som er temaet, alt observert av Swedenborg og skrive ned som dagboksnotat eller brev med kona hans, Anna, dotter av polarforskaren Nordenskiöld, som adressat. Og det må seiast at det er ein forvitneleg og fascinerande roman Bjørn Olaf Johannessen har skrive, både på faktaplanet, med mykje informasjon om tekniske data, og på det mellommenneskelege planet. Swedenborg observerer dei andre og seg sjølv, somme tider med ein snev av paranoia, ikkje minst av di han jo skal vera reserve og ta plass i ballongkorga dersom ein av dei andre vert indisponerte. Han har sine ankepunkt mot både den eine og den andre: Frænkel er ikkje særleg smart, slik Swedenborg ser det, og Nils Strindberg er for svak. Andrée er heller ikkje noko oppkome av visdom, og han har dessutan ein irriterande tendens til å oreigna ideane til andre, noko Swedenborg er snar til å forstå.

Det er tydeleg at Andrée ser seg sjølv som ein seriøs vitskapsmann som er ute etter å utforska det ukjende, men slik Swedenborg skildrar han, tykkjest han meir motivert av ein mogleg suksess og heltestatus enn av eventuelle skilsetjande oppdagingar. Men i dette vert just Swedenborg ein oppdagar, han skriv om mennesket i ein uvanleg situasjon, han tolkar det han observerer av dette framande, det andre mennesket, eller dei andre. Små hendingar får såleis stor merksemd, til dømes noko som skjer med ein liten blome der oppe i Arktis. Swedenborg vil teikna blomen, men Frænkel trakkar på han, truleg med vilje. Swedenborg kjem ikkje til Nordpolen, han var berre reservisten, men han kjem til større kunnskap om mennesket.

Det gjekk ikkje så bra med ballongferda til ingeniør Andrée. Både han, Strindberg og Frænkel døydde i oktober 1897. Leivningane etter dei tre ekspedisjonsdeltakarane vart oppdaga ved slump på Kvitøya i 1930. Dei vart transporterte til Sverige der over 100.000 menneske møtte fram for å heidra dei tre. Mellom æresvaktene var Vilhelm Swedenborg.

God teft

Johannessen syner god teft for korleis ord og handlingar verkar på dei fire mennene, både slikt som gjer tilhøvet slitsamt, og slikt som løyser opp spenningane, til dømes at Strindberg er trulova med ei kvinne som heiter Anna Charlier. Etternamnet minner om det franske ordet for gassballong, og Anna har ein fasong som høver til namnet, noko fleire smilande har notert seg. Hjartet hennar vart forresten gravlagt i eit skrin ved sida av urna til Strindberg i 1949; det høyrer ikkje med i boka, men det er no litt fint å ha i tankane lell.

Reservisten er ikkje berre ein lovande debut, men ein vellukka roman der perspektivet og språket er heilskapleg og gjennomtenkt .

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det må seiast at det er ein forvitneleg og fascinerande roman.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis