Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Trafficking er ikkje eit moderne problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roald Rynning skriv om norske kvinner som vart tvinga til prostitusjon i utlandet.

Foto: Anna Julia Granberg

2269
20170317
2269
20170317

Sakprosa

Roald Rynning:

Den hvite slavehandelen. Trafficking av norske jenter 1880–1914

Cappelen Damm

Nauda lærer naken kvinne å spinne. Dei var nok ikkje nakne, dei kvinnene som frå midten av 1850-åra og fram til 1. verdskrig søkte jobbar i utlandet. Men dei levde i naud. Så mange som 50.000 kvinner kan ha søkt seg til utlandet. Kanskje trudde dei på smussannonsane, som søkte etter «stuepiger», «barnepiger» eller kabaretartistar. Men sanninga var at dei fleste enda opp som enkle byte for bordellagentar, og hamna i prostitusjon.

Frå bygd og by

Rynning har sett seg føre å gå etter i saumane kvifor og kor mange som faktisk hamna i slaveri. For når dei fyrst kom seg til dei større europeiske byane, vikla dei seg snøgt inn i eit uføre som dei der heime i Noreg korkje hadde råd eller høve til å kjøpe dei fri frå, kor mykje dei enn ønskte.

Kvinnene var frå by og bygd. Bygdejentene som først søkte seg inn til Kristiania, var oftast ikkje fine nok til å få seg jobb som tenestejenter. Med liten eller ingen skule bak seg, hadde dei heller ikkje kvalifikasjonar til å få seg jobbar i butikkar eller på kontor. Somme av dei enda opp som prostituerte.

Hjelpeforeiningar

Korleis gjekk det med dei norske jentene? Ikkje før etter 25 år byrja avisene i Noreg å skrive om dei store farane. Hjelpeforeiningar vart oppretta, både i Noreg og i utlandet, men det hjelpte lite: Mange satsa framleis på å finne lukka og reiste ut. Mange kvinner vart selde vidare frå europeiske byar, til andre land langt vekke, som Russland og land i Sør-Amerika.

Rynning vil dokumentere lagnadene til dei norske kvinnene. Med stort forteljaroverskot gjev han lesaren eit rikt innblikk i forskinga på den kvite slavehandelen. Boka trekkjer parallellar til Noreg i dag, når traffickinga igjen er aktuelt, men no med motsett retning og utanlandske kvinner: I dag er Noreg eit transitt- og mottakarland for kvinnehandel. Ein skulle tru vi hadde lært, men nei. Rynning får godt fram likskapen og dei tragiske lagnadane som vandrar mellom oss framleis, midt i Oslos gater.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er bibliotekar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med stort forteljaroverskot gjev han lesaren eit rikt innblikk i forskinga på den kvite slavehandelen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis