Skodespelar Eili Harboe.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Filmfjes
Berre for å skapa litt forventningar til neste vekes premiere, er regissør Joakim Triers nye film, Thelma, no valt ut til å vera det norske Oscar-bidraget. Sist ein norsk film vart nominert – for dette er berre forslaget, må vita – var i 2012, då Kon-Tiki vart nominert. Han nådde ikkje opp, slik dokumentarfilmen gjorde i 1950. Så då får du her fjeset til Eili Harboe i rolla som Thelma – eit fjes som kanskje skal pryda den raude løparen i Hollywood om nokre månader!
B.A.
Sjå på nett no:
(Netflix) Har du sett This Is Spinal Tap (eller – for å bruka den deilige, norske tittelen – Hjelp vi er i popbransjen)? Eg treng i så fall ikkje lura på om du synest han var bra, og vil hermed nytta høvet til å tilråda ein slags ekte Spinal Tap. Anvil: The Story of Anvil handlar om det kanadiske bandet som hadde nokre hittar på åttitalet, før dei meir eller mindre glei inn i den frykta obskuriteten. Heilt til dei, over tjue år seinare, brått får nyss i at dei har fans over Atlanteren. Det er morosamt, men på ein sjarmerande og respektfull måte som gjer at du må elska Anvil litt, uansett kva du måtte meina om musikken.
B.A.
Tre på topp
Filmar om val frå den siste tida, med tanke på måndag:
1) Stem nei. Pablo Larraín 2012. Ordentleg åttitalsstil omgjev Gael García Bernal som chilenaren med ansvar for reklamekampanjen som skal sikre nei til fleire år med Pinochet. Larraín er alltid stilig, smart og vittig.
2) Milk. Gus Van Sant 2008. Historia om Harvey Milk er medrivande. Eg åtvarar om avsløring: Han blei vald inn i bystyret i San Francisco som første opne homofile i styre og stell i USA.
3) Propaganda. MAFI-kollektivet 2014. 16 unge chilenarar dokumenterte presidentvalet i Chile i 2013 med estetisk teft og humor. Eg vonar nokon snart gjer det same i Noreg.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.