Ai Weiwei deltek med ein film på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Fjeset til den kjente, kinesiske kunstnaren Ai Weiwei høyrer heime på filmsidene denne veka. Den store filmfestivalen i Venezia har byrja. Ein av dei mest interessante filmane på programmet er Human Flow av Weiwei. Han har klipt saman spektakulære bilete av folk på flukt i 23 land. 65 millionar lever no slik. Storfelte prosjekt er stilen uansett kunstsjanger for den populære protestrøysta. Frå filmfeltet kan ein òg nemne dokumentarfilmen Beijing 2003 på 150 timar. Hundre og femti timar der, altså. Ingen trykkfeil.
H.T.
Sjå på nett no
(RiksTV) Haiar har i lang tid hatt eit problem knytt til mediebiletet. Dei er ikkje lodne og lette å få til å sjå søte ut på bilete. Her ligg litt av grunnen til at mange haiartar er alvorleg utrydningstrua. Den drivande dokumentarfilmen Sharkwater (2006) av undervassfotograf Rob Stewart – ikkje Rod – slår eit slag for rolla haiar har i næringskjeda, og avslørar meiningslaus slakt der ein skjer av finnen for å lage dyr suppe og kastar resten til botnen av havet.
H.T.
Tre på topp:
Det manglar ikkje på borgarrettsfilmar frå USA, og bra er det. Her kjem tre du må få med deg:
I Am Not Your Negro (2017) Ja, så sjå til å få med deg denne mens han framleis går på kino, då! Nydeleg dokumentar basert på den uferdige rapporten frå forfattar James Baldwin.
The House I Live In (2012) Om du verkeleg skal setja deg inn i den strukturelle rasediskrimineringa, så sjå denne dokumentaren om narkotikapolitikken i USA.
Mississippi i flammer (1988) Nok ein film basert på sanne hendingar. Men så er ofte røynda vel så dryg og dermed like underhaldande som fiksjonen.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Fjeset til den kjente, kinesiske kunstnaren Ai Weiwei høyrer heime på filmsidene denne veka. Den store filmfestivalen i Venezia har byrja. Ein av dei mest interessante filmane på programmet er Human Flow av Weiwei. Han har klipt saman spektakulære bilete av folk på flukt i 23 land. 65 millionar lever no slik. Storfelte prosjekt er stilen uansett kunstsjanger for den populære protestrøysta. Frå filmfeltet kan ein òg nemne dokumentarfilmen Beijing 2003 på 150 timar. Hundre og femti timar der, altså. Ingen trykkfeil.
H.T.
Sjå på nett no
(RiksTV) Haiar har i lang tid hatt eit problem knytt til mediebiletet. Dei er ikkje lodne og lette å få til å sjå søte ut på bilete. Her ligg litt av grunnen til at mange haiartar er alvorleg utrydningstrua. Den drivande dokumentarfilmen Sharkwater (2006) av undervassfotograf Rob Stewart – ikkje Rod – slår eit slag for rolla haiar har i næringskjeda, og avslørar meiningslaus slakt der ein skjer av finnen for å lage dyr suppe og kastar resten til botnen av havet.
H.T.
Tre på topp:
Det manglar ikkje på borgarrettsfilmar frå USA, og bra er det. Her kjem tre du må få med deg:
I Am Not Your Negro (2017) Ja, så sjå til å få med deg denne mens han framleis går på kino, då! Nydeleg dokumentar basert på den uferdige rapporten frå forfattar James Baldwin.
The House I Live In (2012) Om du verkeleg skal setja deg inn i den strukturelle rasediskrimineringa, så sjå denne dokumentaren om narkotikapolitikken i USA.
Mississippi i flammer (1988) Nok ein film basert på sanne hendingar. Men så er ofte røynda vel så dryg og dermed like underhaldande som fiksjonen.
B.A.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.