Regissør Izer Aliu.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Filmfjes
Fluefangeren nådde ikkje opp til vurdering blant årets beste filmar under Amandaprisutdelinga i Haugesund i helga, sjølv om Aliu fekk pris for beste regi. Det er på sin plass at den særs høgthengande nordiske prisen då kan hamna på pokalhylla hans i staden.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) I desse til dels innvandringsskeptiske tider synest eg det er vår plikt å sjå litt på eiga historie frå ei hard fortid ikkje altfor langt attende i tida. I mellomkrigsdagane utvandra tusenvis av nordmenn for å skaffa seg ein betre kvardag. Mange av desse drog til USA, og mange av desse igjen hamna på skråplanet, då dei ikkje fekk seg jobb. Atter ein del av desse enda på søppelfyllinga, bokstaveleg tala. I Brooklyn budde lutfattige nordmenn på ein bosplass kalla Ørkenen Sur. Dokumentarfilmen Ørkenen Sur treng ikkje retta noko moralsk peikefinger. Parallellane til dei mange som kryssar landegrenser i dag, er klare nok.
B.A.
Tre på topp
Abort er drøfta i mang ein film. Her er nokre opprivande eksempel frå det siste tiåret:
1) 4 måneder, 3 uker og 2 dager, Cristian Mungiu 2007. Abort var risikosport i Romania under Nicolae Ceausescu. Dette realistiske meisterverket opna augo på mange for rumensk film.
2) Stammen, Myroslav Slaboshpytskiy 2014. Lagnadar skrik mot deg i filmen om hørselshemma ukrainarar. Den verste amatøraborten eg har sett, viser ingenting. Lydane seier alt.
3) After Tiller, Lana Wilson og Martha Shane 2013. To smarte damer laga ein balansert dokumentarfilm om legar som risikerer liv og helse for å utføra kontroversielt seine abortar.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Fluefangeren nådde ikkje opp til vurdering blant årets beste filmar under Amandaprisutdelinga i Haugesund i helga, sjølv om Aliu fekk pris for beste regi. Det er på sin plass at den særs høgthengande nordiske prisen då kan hamna på pokalhylla hans i staden.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) I desse til dels innvandringsskeptiske tider synest eg det er vår plikt å sjå litt på eiga historie frå ei hard fortid ikkje altfor langt attende i tida. I mellomkrigsdagane utvandra tusenvis av nordmenn for å skaffa seg ein betre kvardag. Mange av desse drog til USA, og mange av desse igjen hamna på skråplanet, då dei ikkje fekk seg jobb. Atter ein del av desse enda på søppelfyllinga, bokstaveleg tala. I Brooklyn budde lutfattige nordmenn på ein bosplass kalla Ørkenen Sur. Dokumentarfilmen Ørkenen Sur treng ikkje retta noko moralsk peikefinger. Parallellane til dei mange som kryssar landegrenser i dag, er klare nok.
B.A.
Tre på topp
Abort er drøfta i mang ein film. Her er nokre opprivande eksempel frå det siste tiåret:
1) 4 måneder, 3 uker og 2 dager, Cristian Mungiu 2007. Abort var risikosport i Romania under Nicolae Ceausescu. Dette realistiske meisterverket opna augo på mange for rumensk film.
2) Stammen, Myroslav Slaboshpytskiy 2014. Lagnadar skrik mot deg i filmen om hørselshemma ukrainarar. Den verste amatøraborten eg har sett, viser ingenting. Lydane seier alt.
3) After Tiller, Lana Wilson og Martha Shane 2013. To smarte damer laga ein balansert dokumentarfilm om legar som risikerer liv og helse for å utføra kontroversielt seine abortar.
H.T.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.